Innlegg

Max Weber – klassikar med redsle for aust

Tenkinga til Weber er viktig fordi den er ein del av den vest­lege sjølvforståinga, skriv Torbjørn Kalberg i dette kritiske essayet, som rettar blikket mot hans redsle for aust. ILLUSTRASJON : Anja Eline Hynninen. Den tyske økonomi­histori­karen Max Weber er mel­lom dei store klassik­arane i sosio­logien. «Eg er medlem av dei borg­ar­lege klas­sane, kjenner meg som ein slik og er opp­seden i deira tenkje­måtar og ideal», sa han om seg sjølv. Han vart fødd inn i ein av dei rik­aste handels­fam­ili­ane med kapi­tal i tek­stil­indu­strien. Mest heile livet liv­nærte han seg som renten­ist utan otte for eigen øko­nomi. Weber høyrer til i ein forskar­tradisjon som la vekt på kon­krete under­søk­ingar av his­torie og øko­nomi. Han nytta seg av om­fatt­ande mater­iale frå stati­stikk og folke­teljingar for å fram­stille verk­nadene av den kapital­istiske ut­viklinga. Om forfatteren: Torbjørn Kalberg (f. 1944) er cand. sociol. fra 1970, og har mel­lom anna ar­beid som lærar i sam­funn...

Statskapitalisme i Norge

Vokterne av høy moral

Retten til å undertrykke

Rødvalspolka

DON QUIJOTE OG DEN KATOLSKE EINSRETTINGA