Max Weber – klassikar med redsle for aust

Tenkinga til Weber er viktig fordi den er ein del av den vest­lege sjølvforståinga, skriv Torbjørn Kalberg i dette kritiske essayet, som rettar blikket mot hans redsle for aust.

ILLUSTRASJON: Anja Eline Hynninen.

Den tyske økonomi­histori­karen Max Weber er mel­lom dei store klassik­arane i sosio­logien. «Eg er medlem av dei borg­ar­lege klas­sane, kjenner meg som ein slik og er opp­seden i deira tenkje­måtar og ideal», sa han om seg sjølv. Han vart fødd inn i ein av dei rik­aste handels­fam­ili­ane med kapi­tal i tek­stil­indu­strien. Mest heile livet liv­nærte han seg som renten­ist utan otte for eigen øko­nomi. Weber høyrer til i ein forskar­tradisjon som la vekt på kon­krete under­søk­ingar av his­torie og øko­nomi. Han nytta seg av om­fatt­ande mater­iale frå stati­stikk og folke­teljingar for å fram­stille verk­nadene av den kapital­istiske ut­viklinga.

Om forfatteren:

Torbjørn Kalberg (f. 1944) er cand. sociol. fra 1970, og har mel­lom anna ar­beid som lærar i sam­funns­fag ved Arkitekt­høg­skolen i Oslo.

Dette essayet er ein kort­versjon av ein artikkel om Max Weber og redsla for aust frå Kirke og Kultur, som hand­lar om å forstå betre vil­kåra for den grense­lause trua på Europa og Vesten som frel­sar over­alt i verda. Alle refe­ranser finst der.

Det euro­peiske sjølv­biletet

Tenkinga til Weber er ein viktig del av den vest­lege sjølv­for­stå­inga. Denne tenkinga teik­nar eit bilete av Europa som ei fri­gjer­ande kraft i verds­historia. Under på­skot av å spreie fridom og vel­ferd, har euro­peiske regjer­ingar makta å få folke­leg støtte til aggres­sive krigar mot fattige land langt borte. Trua på at den vest­lege verda er så uende­leg mykje betre når det gjeld kultur og menneske­verd enn sam­funn med ei anna historie, har teke det euro­peiske sjølv­biletet til nye høgder.

Det er viktig å under­vise om Weber. Ved å studere skrift­ene hans, får vi eit betre grunn­lag for å for­stå den euro­peiske røyn­domen. Weber for­tener berre ikkje rolla som kanon­isert over­dommar for alt det gode ved kult­uren i det vest­lege Europa. Når ein viser til Weber som ein klassikar inna­for sosio­logien er det urett å la han vere eit stat­isk glans­bilete utan lytar og ska­vankar. Ein må heller halde han fram som ein tals­mann for ein pol­itikk som fram­leis splitter det euro­peiske konti­nentet.

Som så mange andre kanon­iserte intel­lektu­elle lid han den lag­nad­en at han ikkje vert teken på alvor.

På 1940– og 50-talet sette ameri­kanske sam­funns­forsk­arar saman skrift­ene hans under nye over­skrifter og forma han i sitt bilete. Han vart opp­høgd til ein stamfar for den nye sam­funns­vit­skapen, eit ikon for ideane om det mod­erne, om rasjo­nelle styre­former og demo­krati. Glori­fiseringa av Weber gjer det vanske­leg å trengje gjennom pan­seret av alt det gode han skal ha stått for. Som så mange andre kanoni­serte intel­lektu­elle lid han den lag­naden at han ikkje vert teken på alvor.

Sikre vestleg kontroll

Etter andre verds­krigen skulle dei nye sam­funns­vit­skapane sikre vest­leg kon­troll over tid­legare koloni­område. Statar som nett hadde vorte uav­heng­ige måtte velje demo­krati og ikkje kommu­nistisk diktatur som styre­form. I denne omforminga av sosiologien var det ide­ane til Max Weber ameri­kanske forsk­arar nytta seg av for å fremje desse opp­fatning­ane. Gjennom eng­elske om­setjingar vart han ikkje berre gjort kjend for verda, han vart fortolka og skapt på ny. For å sjå om tolk­inga er rett, må ein no grave i originalartiklane hans. Det held ikkje berre å lese dei ameri­kanske ut­draga.

Den bio­log­iske rasismen gjorde nytta si da euro­pear­ane la under seg store del­ar av jord­kloten. I den mod­erne glo­bali­serte verda, med stor inn­vand­ring til vestlege land, vert det vik­tig for dei euro­pe­iske stats­maktene å kon­trollere fram­ande grup­per. Teori­ane til Weber om at kultur­elle og ikkje berre bio­log­iske skil­nader er vik­tige, vert no verd­fulle bidrag til denne kon­trollen. Trua på den eine­stå­ande vest­euro­peiske kul­turen hadde lenge vore eit argu­ment for å under­trykke folk i koloni­ane. I dag er ideane om dei frami­frå euro­pear­ane grunn­pilarar i ein kul­tur­ell ras­isme som har er­statta det gamle bio­log­iske ras­esynet.

Kol­sviar­trua på opp­lysings­pro­sjektet

Mykje av arbeidet til Weber dreier seg om å gjere greie for kvifor den mod­erne vest­lege staten er så unik. Berre her vart «rasjo­nelle og syste­mat­iske organisa­sjonar» ut­vikla til vit­skap. Berre her nådde ein fram til full­ending av kunst og kultur. Berre i det vestlege Europa vart det mogleg for kapital­ismen å vekse fram. Weber vert ein hovud­tals­mann for for­telj­inga om det euro­pe­iske miraklet. Den mod­erne staten med ei rasjo­nell for­fatning, eit rasjo­nelt lovverk og ein admini­strasjon med trente fag­folk bundne av reglar og lover, «er det berre Vesten som kjenner».

Han meinte slavar­ane både fysisk og åndeleg sett var veik­are enn tysk­ar­ane. Likevel var dei på offen­siven. Den polske små­bonden vann fram «ikkje trass i, men på grunn av det låge nivået for dei fysiske og åndelege livs­vanane» hans.

Teoriane til Weber om sam­funns­messig rasjo­nali­sering er halde fram som ei vik­tig for­klar­ing på kvifor kapital­ismen ut­vikla seg i Europa og berre her. Dei gjev nær­ing til kol­sviar­trua på at den industri­elle revolu­sjonen vaks fram som følgje av heilt sær­eigne til­høve i denne delen av verda og ikkje hang noko saman med ti­leigning av rik­dom i dei nye koloni­ane.

Heilt frå dei første artik­lane og talane sine på 1890-talet hevda Weber at inn­vand­ringa av polske land­arbeid­arar til det vestlege Prøyssen var med på å svekke ger­mansk kul­tur. Han meinte slavar­ane både fysisk og åndeleg sett var veik­are enn tyskar­ane. Like­vel var dei på offen­siven. Den polske små­bonden vann fram «ikkje trass i, men på grunn av det låge nivået for dei fysiske og åndelege livs­vanane» hans.

Prisfallet på korn etter konkur­ranse med land som Argen­tina og USA fekk dei tyske jord­bruk­arane til å satse på sukker­roe. På 1880-talet sette styre­makt­ene ned pris­ane på tog­reiser slik at gods­eigar­ane kunne nytte seg av billege polske land­arbeid­arar. Weber viser til «hordar av nomadar, rekruttert av agentar i Russ­land». Dei «strøymer over grensene i ti­tusen­tal om våren. Om hausten dreg dei att­ende». Pro­duk­sjonen av sukker­roe for­vandla nær­ings­livet på land­sbygda til sesong­verk­semd. På sukker­roe­eige­domane herska ikkje lenger patriar­kalske ger­manske kultur­eigarar, men industri­elle kjøp­menn.

Han frykta for at tysk­arar som var i mindre­tal i om­råde med blanda språk og kultur kunne verte «sug­de opp» av det polske fleir­talet, enda om dei høyrde til ein meir høgt­ståande kultur.

Tyske ar­beid­arar for­svann frå godsa i frukt­bare strøk, medan talet polske bøn­der auka der av­kast­inga var dår­leg. Pol­akk­ane fann seg betre til rette med dår­leg­are kår. I «det øko­nom­iske kvar­dags­livet opp­står ein konkur­ranse mel­lom ein lågare­ståande rase og tysk­ar­ane som for­let heim­ane sine og går mot ei mørk fram­tid», hevda Weber. Evna til å leve under dår­leg­are vil­kår var noko «den slav­iske rasen hadde fått i gåve frå nat­uren» eller i alle høve hadde ut­vikla gjen­nom historia. Han frykta for at tysk­arar som var i mindre­tal i område med blanda språk og kultur kunne verte «sug­de opp» av det polske fleir­talet, enda om dei høyrde til ein meir høgt­ståande kultur.

Polske små­bønder aust i Tysk­land skaffa seg meir land fordi dei liv­nærte seg di­rekte frå jorda. Dei var ikkje som bønd­ene i det vest­lege Rhin­området avhengig av «driv­hus­dyrking og hage­bruk for ein mark­nad». Dei dreiv meir med sjølv­berg­ing. Weber såg med otte på at jamvel store gods vart omgjorde til «slav­iske hunger­koloniar».

Verds­ut­stillinga i 1904

I 1904 vart det arrangert ei verds­ut­stilling i St. Louis i Missouri, USA. Det var hundre år sidan Louisi­ana vart kjøpt frå eit for­gjelda Frankrike, eit kjøp som dobla land­arealet til USA. Mel­lom iskremar, penge­vekslings­auto­matar og hunde­etande filip­pinarar som skulle syne den ameri­kanske verds­makta, vitja óg den enno ikkje så vid­gjetne juristen Max Weber verds­ut­stillinga. Han hadde nett kome seg etter eit ner­vøst saman­brot som hadde vart i meir enn fem år. Han skulle føre­lese om jord­bruks­sam­funn og øko­nomisk ut­vik­ling. Hovud­meldinga hans var at kapital­ismen riv i stykker gamle tru­skaps­band ved å gjere bønd­ene til frie ar­beid­arar og dermed farlege sam­funns­ned­bryt­ande sosial­istar. Slik var det i Tyskland. Det same kunne skje i USA. Den anglo­saksiske ånda var truga av den enorme inn­vand­ringa av usivili­serte hordar frå det aust­lege Europa.

Weber for­talde om «nøy­same slav­iske små­bønder» som tok over tid­leg­are tyske land­område. I mellom­alderen gjorde kul­turen eit framstøt austover. No vart kulturen dreven att­ende. No galdt det kapital­istiske prin­sippet om den «billeg­aste hjelpa». Kan hende ville USA også råke på lik­nande problem. Kveite­produk­sjonen var på veg ned som følgje av inter­nasjonal arbeids­deling. Talet «neger­farmar» vaks, sam­stundes med flukta frå lands­bygda til byane. Weber frykta for at jord­bruks­befolk­ninga snart ikkje lenger ville vere del av den anglo-saksisk-tyske kul­turen som his­torisk sett hadde vore lei­ande. Om den «enorme inn­vandringa av ufaglærte element frå Aust-Europa» heldt fram å vekse, ville dette «på av­gjer­ande vis endre standarden» i Ame­rika. Det ville verte «eit sam­funn av ein heilt annan type enn det store felles­skapet som er skapt av den anglo­saksiske ånda».

Enda verre med pol­akkar

Allereie i 1893 hadde Weber vist til mot­standen mot å import­ere kinesiske kuliar til Tysk­land. Men det var verre med pol­akkar, sa han, «for våre tyske arbeid­arar ville aldri ha blanda seg med kuli­ane». Pol­akkar deri­mot «sugde til seg» andre folke­slag. Weber ville ikkje bøye kne for kapital­inter­esser som var tente med billeg arbeids­kraft. Det vik­tig­aste var å styrke den tyske kul­turen mot lågt­stå­ande folke­slag i aust.

 Det var ingen grunn til å klage over at pol­akk­ane vart redu­serte til annan­rangs borgarar, sa han. Det mot­sette var til­fellet, det var vi tyskarar som «hadde gjort pol­akk­ane til menneske».

På 1880-talet vart det opp­retta ein kolo­ni­serings­kommi­sjon for å styrke prøys­sisk kultur i polsk­domi­nerte om­råde. Over tretti tusen polakkar utan prøys­sisk pass, jød­iske som kat­olske, vart ut­viste. Store areal vart kjøpte opp og gjeve til tyske bu­reisarar. Det vart reist krav om at til­sette i posten skulle nekte å levere brev med polske og ikkje tyske adresser.

Weber gjekk ut mot dei som ikkje var sterke nok i mot­standen mot det polske. Det var ingen grunn til å klage over at pol­akk­ane vart redu­serte til annan­rangs borgarar, sa han. Det mot­sette var til­fellet, det var vi tysk­arar som «hadde gjort pol­akk­ane til menneske».

Det Alltyske Forbundet var ein organi­sasjon som sidan 1891 ar­beidde for å halde den tyske nasjonen fri for skade­leg inn­verknad frå låg­are­ståande slav­iske og jød­iske folke­slag. I 1899 trekte Weber seg frå forbundet fordi han meinte det ikkje vart gjort nok for å stå opp mot den polske inn­vand­ringa.

Kapital­istane i jord­bruket tente nok på den billege arbeids­krafta, men Tysk­land som nasjon vart påført tap, hevda han. Etter kvart ut­vikla han den rasist­iske hald­ninga si over­for pol­akkar til ein teori der rase, kultur og klasse fall saman. Redsla for assi­mil­ering fekk han til å meine rus­serar og pol­akk­ar måtte verte ute­stengde frå det aust­lege Prøys­sen. Det var ikkje råd å la «to nasjo­nali­tetar med ulik kropp, med ulike magar» konkur­rere «heilt fritt som arbeidarar på eitt og same om­råde». Om tyske arbeidarar skulle kon­kur­rere med polske måtte dei «ta eit skritt ned­over på kultur­stigen og gje avkall på behova sine.» I den kapital­istiske øko­nomien finst det situa­sjonar der ein høg­are kultur ikkje «er over­legen, men står svak­are i kampen i høve til lågare­stånde kulturar».

Det eine­stå­ande Europa

Weber saman­likna det ameri­kanske «neger­spørs­målet» med den øko­nom­iske ut­vik­linga aust i Tysk­land. Auka bruk av negrar i tekstil­indu­strien i USA svekte kvali­teten på pro­dukta, meinte han. Det var «lett å forstå» at den «ameri­kanske negeren» var «ueigna til visse arbeids­opp­gåver». Det var like­vel ikkje bio­logien som gjorde svarte meir ueigna. Weber av­viste arve­messige skil­nader mel­lom svarte og kvite. Det av­gjer­ande var hald­ninga til arbeidet. Tradi­sjon og opp­seding gjorde svarte arbeid­arar mindre pro­duk­tive. Ein kan hugse desse tankane til Weber når ein ser kor­leis trua på at syr­iske flykt­ningar var godt ut­danna fekk nokre vest­euro­peiske statar til å opne døra litt på gløtt. Om ut­dan­nings­nivået ikkje er så høgt like­vel, vert kan hende nok ein gong redsla for ut­gifter større enn ynsket om å vere god.

Weber la grunn­muren for ein ide­ologi om under­trykking av fram­ande grupper også inna­for eige land­område. Han heldt tyskarane for ein sivili­sert del av menneske­slekta, medan po­lakk­ane var mel­lom dei barbar­iske.

Etter andre verds­krigen og dei nazist­iske herj­ing­ane vart det uråd å for­klare euro­peisk over­herre­dømme med vekt på bio­log­iske eigen­skapar. I staden vart det vist til teori­ane til Weber om at alle vik­tige kultur­elle ny­vinn­ingar først hadde slått rot i Europa og sein­are gått sin seiers­gang over heile kloten. Europa vart fram­stilt som lei­ande på alle vis, anten det dreidde seg om styr­inga av staten og mark­nads­øko­no­mien eller fri­lynte end­ringar i familie­struktur og kultur­liv.

Problemet for dei tid­leg­are kolo­ni­makt­ene etter at stadig fleire land vart uav­heng­ige, var å finne fram til kor­leis ein fram­leis kunne halde på kon­trol­len. Med Weber vart det gamle bio­logiske rase­om­grepet er­statta med ei kultur­ell til­nær­ming. Weber for­synte sam­funns­vitar­ane med ein moderni­serings­teori. Den ameri­kanske geografen James Blaut har peika på at dette «var ei ele­gant og lærd ny­tolking av ideane frå koloni­tida om det eine­stå­ande ved den euro­peiske rasjo­nali­teten og den unike euro­peiske kultur­his­toria.» Alle sam­funn må etter denne teorien gjen­nom ei ut­vikling som liknar på den euro­pe­iske om dei skal verte verd­sette. Det dreier seg ikkje lenger berre om ein teori for å skjønn­male ero­bring av fram­ande konti­nent. Weber la grunn­muren for ein ideologi om under­tryk­king av fram­ande grup­per også inna­for eige land­område. Han heldt tyskar­ane for ein sivili­sert del av menneske­slekta, medan pol­akk­ane var mel­lom dei barbar­iske. Den rum­enske sosio­logen Boatcă har nyleg vist til at denne skil­naden mel­lom folke­grupper vart skapt med fram­veksten av antro­po­logien som vit­skap. Euro­pearar var sivili­serte kultur­folk, dei inn­fødde i koloni­ane var natur­folk. Men heller ikkje alle i Europa var kultur­folk nok. Boatcă seier omgrep som det «mod­erne, det sivili­serte og det rasjo­nelle» berre vert nytta om «ein stadig meir eks­klu­siv del av det euro­peiske konti­nentet», ein del som i den imper­ial­ist­iske tenkje­måten slut­tar ved grensa for Tyskland i aust.

Fri­gjering frå orien­talsk mørke

Weber meinte folke­slag som ikkje høyrde til i det vest­lege Europa hadde ein lang veg å gå før dei kunne rek­nast som like­verd­ige. Slik viser han vegen fram til for­dommar som fram­leis trivst godt. Skriftene hans gjer det mogleg å forstå kvifor det framleis ofte vert vist til dei store skil­nad­ene mel­lom aust og vest i Europa. Ein kan til dømes verte freista til å for­stå borgar­krigane på Balkan etter opp­løysinga av Sovjet­unionen som ei fri­gjering frå eit orien­talsk mørke. Kon­flikt­ane i Ukraina etter det vest­orien­terte kuppet mot ein vald presi­dent i 2014, kan sjåast på same vis. Reaksjon­ane mot flykt­ningar som sommaren 2015 freista ta seg til det nord­lege Europa viser óg til mang­lande like­verd mel­lom statane. Det er ikkje berre Ungarn som byggjer murar for å halde immi­grantar borte. I Calais steng­jer Frank­rike og Stor­brit­annia grens­ene utan å verte skulda for mang­lande soli­dari­tet med flykt­ningar. Den uro­vekkj­ande dobbelt­moralen gjer det stadig mog­leg å nytte det aust­lege Europa som synde­bukk.

Hovmodige idear om dei framifrå euro­pearane vart nytta for å under­trykke folk i koloni­ane. I dag er dei grunn­pilarar i ein kul­tur­ell ras­isme som har erstatta det gamle biolo­giske rase­synet.

Ein etter ein har land aust i Europa bede om å verte tekne opp som med­lemmar i EU. Så lenge denne vest­lege unionen vert opp­fatta som ein sivili­serande og eks­klu­siv del av det euro­pe­iske konti­nentet, vil inn­lemming her vere eit prov på at ein endeleg er med i det gode selskapet.

Med fram­stillinga si av tyske sam­funns­til­høve i tida fram til første verds­krigen synte Weber for­domm­ane sine mot slav­iske folke­slag. Trua på den eine­stå­ande vest­euro­peiske kultur­his­toria er ikkje mindre sterk no, hundre år etter. Hov­modige idear om dei frami­frå euro­pe­arane vart nytta for å under­trykke folk i koloni­ane. I dag er dei grunn­pilarar i ein kul­tur­ell ras­isme som har er­statta det gamle biolog­iske rase­synet.

Det er ikkje slik at sam­funn uta­for det vest­euro­peiske kjerne­området mangler føre­set­nader for å kvitte seg med under­trykk­jande trekk. Det vest­lege Europa har ikkje eine­rett på fri­dom­skrav og kamp mot over­tru, stivna kjønns­rolle­mønstre og kor­rupte lei­arar. Europa var ein gong ut­kant i verda. Det var den euro­pe­iske kol­oni­ser­inga av Amerika som gjorde ut­kant til sentrum. Slik vert det mog­leg for oss å for­stå at dette er ein til­stand som ikkje treng vare til evig tid.

Artikkelen er henta frå Sosiologen.no
 3. november, 2015

Max Weber og trugsmålet frå aust

Kommentarer