Bildet er henta frå Wikimedia.org. Trykk på bildet for å se originalbildet. |
GJENEROBRING SOM HISTORISK KONSTRUKSJON
INGA TRUVERDIG FRAMSTILLING
PROBLEMATISK NAMNSETJING OG VERDILAUS PASSERSETEL
STEINRIK MORISKO
I andre bind av Don Quijote opptrer ein tidlegare muslim og no kristen, altså ein morisko. Namnet hans er Ricote, som tyder steinrik. Ricote er gamal nabo med Sancho Panza, væpnaren til don Quijote. Han hadde fått høyre at spanske styremakter ville kaste ut moriskoane, og roser spanskekongen Filip III for denne «heroiske beslutning». Spania må verte fri «for den frykt som folkemassene har båret på», seier han.
På sarkastisk vis lar Cervantes denne tvangsomvende muslimen hylle styremaktene for «barmhjertighet og rettferdighet». Ricote påstår «at hele vår nasjons legeme er besmittet og råttent». Likevel dreg han av stad rundt i Europa. Han finn fram til eit område nær den tyske byen Augsburg. Her er ikkje folk intolerante og trongsynte. Her vil han bu. Da han kjem attende for å hente familien, er det for seint. Familien er tvangssend ut av landet etter det «herlige vedtaket» til kong Filip. No kan Ricote verkeleg fryde seg over at «Hans Majestet har pålagt å gjennomføre vår landsforvisning». Ingen «svindelpåfunn har kunnet blende hans argusøyne, som alltid er på vakt, for at ingen skal bli værende eller skjule noen av våre, som liksom en skjult rot, med tiden skal bryte frem og frembære giftige frukter i det Spania som nå er rent» (Cervantes 2011:850). Ricote har ei vakker dotter, Ana Félix. Ho vert elska av den unge adelsmannen don Caspar.
Han er av gamal kristen familie, men vel å følgje henne over havet til eit tilvære som flyktning. Han snakkar arabisk og passerer utan vidare som morisko. Forteljinga om den rike mannen med muslimsk bakgrunn som ikkje får tid til å hente sin eigen familie, viser at deportasjonane var uventa. Riktig nok hadde diskusjonen om dette gått føre seg i lang tid, men sjølve tidspunktet kom brått på. Utvisinga gjekk så fort at det ikkje var råd å førebu seg. Tida for å verte kasta ut av heimlandet sitt er vel eigentleg aldri inne. Det er ikkje noko det er mogleg å bu seg på. Kritikken frå Cervantes rettar seg i same grad mot sjølve utvisinga som mot at tidspunktet ikkje høvde.
OFFENTLEG SKINKEETING
Når Cervantes let kjærasten til Ana beherske arabisk, seier han samstundes at det ikkje var så uvanleg med kunnskapar henta frå det fleirkulturelle samfunnet som hadde prega Spania i hundrevis av år. Å snakke arabisk var på denne tida uvanleg jamvel for dei som hadde besteforeldre som nok gjorde det. At ein katolsk adelsmann snakka fiendespråket, var like lite sannsynleg som at det skulle vere mogleg å finne omsetjarar av arabiske manuskript i kva kyrkjehus som helst på den tida Cervantes Iét forteljinga ta til.
Å framstille seg som noko ein ikkje var, vart eit kunststykke i det nykristne Spania. Folkegruppene var så like kvarandre at finurleg ulikskap i klesdrakt og bordskikk vart til avgjerande skilje mellom dei. Om ein klarte å passere som kristen, kunne ein halde på religiøse tradisjonar så lenge ingen fekk nyss om det. Folk kunne ete svin offentleg for å unngå inkvisisjonen eller at eigedomane deira vart konfiskerte av staten. Evna til å lure seg til ein godtakbar identitet førte til eit samfunn der offentleg og rituell skinkeeting vart til teikn på ekte kristendom (Menocal 2002:262). Dei som var ekstra nidkjære i utøvinga av kristen symbolåtferd, kunne ög vekkje mistanke. Straffa for å gje seg ut for noko ein ikkje var, kunne verte dauden på inkvisisjonsbålet.
JØDISK OPPHAV
Cervantes tok del i slaget ved Lepanto i 1571. Den tyrkiske flåten under leiing av Ali Pasja leid nederlag for dei kristne styrkane. Sigeren fekk meir symbolsk enn reell tyding. Dei muslimske styrkane heldt fram med å vise krefter i kampen om herredømmet i Middelhavet. Tyrkarane tok snart kontrollen både over Kypros og i Tunis.
Under slaget vart Cervantes råka av eit skot frå ein arkebuse, ein primitiv geværtype. Skadane gjorde at han mista evna til å bruke venstre armen. Han heldt likevel fram med soldatlivet i fleire år. På veg heim til Spania i 1575 vart han teken som fange av tyrkiske sjørøvarar og sett i algerisk fengsel. Fem år gjekk før han vart fri mot løysepengar.
Cervantes kan ha hatt jødisk opphav. Forskarar som meiner den spanske nasjonen er utvikla i eit samfunn der jødar, kristne og muslimar levde etter måten fredeleg saman, ser fleire døme i diktinga hans på hebraisk påverknad. Historikaren Americo Castro var mellom dei første som la fram desse synspunkta.
Dei som held fast ved ideen om det spanske som upåverka av alt framandt, ser på si side eit trugsmål i at den store diktaren mogleg hadde ein jødisk bakgrunn. Slik følgjer debatten om kva bakgrunn Cervantes hadde, dei same skiljelinene som synet på andre hovudspørsmål i den spanske historia.
I det katolske Spania som utvikla seg etter erobringa av Granada, vart nyomvende til kristendomen, anten dei var av muslimsk eller jødisk avstamming, utsette for stadige overgrep. Som ein slik converso, ein omvend, var Cervantes godt kjend med levemåten til dei som vart diskriminerte fordi familien deira ikkje hadde lang nok fartstid som kristen. Cervantes fekk avslag på mange stillingar han søkte på, både i Spania og dei nye amerikanske koloniane. Han fekk heller inga utmerking for deltakinga i slaget ved Lepanto der han vart såra som soldat. Berre dei som kunne bevise at dei ikkje hadde hatt jødar eller muslimar i familien på minst fire generasjonar, fekk oppdrag for styremaktene. Lovreglane om reint blod er frå 1547, same året som Cervantes vart fødd.
RASISTISK STAT
22. september 1609 skreiv Filip III under på eit dekret som gjorde Spania til den første rasistiske staten i historia. På tre dagar skulle alle tidlegare muslimar møte opp og la seg føre over havet til framande land. Om dei ikkje møtte opp, skulle dei drepast. Dei som gøymde seg, risikerte at alle som budde i nærleiken, måtte bøte med livet for deira skuld (Kalberg 2011).
Etter den etniske reinsinga var Spania kvitt alle innanlandske fiendar. Men dei dårlege tidene heldt fram. Dei sinnrike vatningsanlegga braut saman. Det var uråd å få tilgang til ny arbeidskraft med same kunnskapen som dei utviste muslimske bøndene. Skatteinntektene vart lågare, uår og sjukdomsepidemiar gjorde avlingane mindre og utgiftene for jordeigarane høgre. Forfølgingane den nye staten hadde sett i verk, var ikkje basert på religion. Det dreidde seg ikkje om å vere kristen, men om kor reint blod dei kristne hadde.
Hovudsynet i spansk historieskriving har vore at den etniske reinsinga var naudsynt. Historikarane mislikte ideane om at det spanske samfunnet skulle vere ei samansmelting mellom ulike kulturar. Dei meinte ein kristen spansk identitet var utvikla under romersk tid og ikkje Iét seg smitte av framande religionar.
Frå den dagen Granada overgav seg, vart det sett i verk tiltak for å bryte ned rettane til det muslimske mindretalet. Målet var å kvitte seg med alt som kunne minne om at landet hadde vore muslimsk. Tvangskristninga vart gjennomførtmed provokasjonar og løgner. Store bokbål gjorde bøker med arabiske omsetjingar av greske filosofar til unyttig oske.
Striden med det ottomanske riket om herredømmet i Europa gjorde at tidlegare muslimar ikkje vart innordna i samfunnet. Styremaktene mistenkte dei for å planleggje væpna reising. Det store opprøret kom med revolten i Alpujarra i 1568. Først etter tre år klarte styremaktene å slå ned motstanden frå dei fattige fiellbøndene nær Granada.
Bildet er henta frå Wikimedia.org. Trykk på bildet for å se originalbildet. |
DON QUIJOTE SOM PLAGIAT
Cervantes skildrar på satirisk vis kva som skjer når intolerante og sneversynte krefter går laus på eit fleirkulturelt samfunn. Historia om dette rabiate åtaket finst også hos ein annan forfattar. Alonso Fernández de Avellaneda skreiv ei bok med det same temaet og dei same figurane nokre år etter at Cervantes gav ut første delen av verket sitt. Avellaneda kan ha vore pseudonym for Geronimo de Passamonte (Avellaneda 2006). Som Cervantes var han soldat i slaget ved Lepanto og var mange år i fangenskap.
Boka vart gjeven ut i 1614. Som Cervantes Iét Avellaneda byrjinga på boka vere historiske skrifter, forfatta på arabisk. Den danske omsetjaren Kappell Schmidt meiner Avellaneda bryt med stereotypien om løgnaktige moriskoar. Den vise Alisolán som fortel delar av historia, har muslimske forfedrar. Alisolán vert omtalt som ein like moderne som sannferdig historikar. Avellaneda gjev uttrykk for eit meir ope islamvenleg syn enn det Cervantes opphavleg sto for. Som svar på denne piratboka tok Cervantes opp hansken. Allereie året etter kom han med sitt andre bind. Her gjer han det klårt at utvisinga av moriskoane heller ikkje var uproblematisk for han.
I dette andre bindet gjev Cervantes don Quijote omfattande kunnskap om arabisk språk som han vil lære bort til Sancho. Han kjem med lærde utgreiingar om det arabiske opphavet til ei lang rekkje spanske ord. Gjennom don Quijote kommenterer Cervantes utvisinga av dei tidlegare muslimane. Når menneske, språk og kultur har utvikla seg gjennom gjensidig påverknad i mange hundreår, kan ikkje berre ein levemåte vere den rette. Det går ikkje å utrydde halvdelen av eit språk, like lite som det går å utvise halvparten av eit menneske (Kappel Schmidt 2006).
Etter parodien på parodien, piratboka til Avellaneda, vart det naudsynt for Cervantes å seie frå om at det berre var ein don Quijote, og at det var den figuren han hadde skapt. Likevel synest det som Avellaneda med boka si har fått Cervantes til å protestere meir ope mot utvisinga av moriskoane. Korkje hos Avellaneda eller hos Cervantes vil don Quijote ete svinekjøtt. Hos begge forfattarane har han kjennskap til arabisk. I første bindet fortel dessutan don Quijote at far hans var «azacån», vasseljar. Dei som selde vatn, var alltid muslimar. Slik forsto dei som las boka, at don Quijote hadde muslimske forfedrar.
REINT BLOD OG FALSKE VEREMÅTAR
Omsetjaren av manuskriptet om don Qui- jote som vart kjøpt på marknaden i Toledo, reagerte sterkt på noko som sto skrive i margen. Han lo så høgt at forfattaren ville vite kva som var så morosamt. Jo, svarte omsetjaren, det var ei tilvising til Dulcinea frå Toboso, den store kjærleiken til den forvirra adelsmannen. Her sto det at ho var den beste til å salte svinekjøtt i heile la Mancha. Men i Toboso skulle det jo stort sett ha budd folk med muslimsk opphav. Og dei
dreiv da ikkje med slikt. Kastiljanarane var så oppsette på å finne fram til kven som hadde reint blod i årene, at historia om Dulcinea ikkje kan vere anna enn ein parodi på denne fanatismen.
Grisesaltinga vert til ein freistnad på å framstille seg som annleis enn det ein var. Don Quijote er ein boklærd mann. I det Spania som no skulle utvikle seg, vart kunnskapar noko negativt. Don Quijote er i all sin galskap eit bilete på eit samfunn som ikkje lenger finst. Kampen mot vindmøllene er vorte eit hovuddrag ved den fånyttes verksemda til den ynkelege riddaren. Den håplause kampen viser til det tragiske ved ein kultur som ikkje er noko anna enn ei synskverving, eit døme på manglande kontakt med røyndomen.
Sancho Panza, tenaren hans, er derimot ein god kristen utan islamsk eller jødisk blod. Han er analfabet utan tyngande kulturell ballast. Sancho er ein mann for framtida.
.........................
LITTERATUR
Aukrust, Knut. 2009. Santiago i Granada: Fabrikasjoner av et hellig sted. Norsk teologisk tidsskrift 4/2009, s. 246-47.
Cervantes Saavedra, Miguel de. 2011, Don Quijote: den skarpsindige lavadelsmann Don Quijote av La Mancha. Oslo: Aschehoug.
El-0utmani, Ismail, 2005. El morisco Cide Hamete Bejarano, autor del QuilOte. Espéculo. Revista de estudios literarios. Universidad Complutense de Madrid,
Fernandez de Avellanada, Alonso. 2006. Den sindrige ridder don Quixote de la Mancha. København: Husets Forlag,
Kappell Schmidt, Rigmor. 2006. Indledning til web-bog om Den sindrige ridder don Quixote de la Mancha av Alonso Fernandez de Avellanada. Århus: Husets forlag.
Kalberg, Torbjørn. 2011, Fra flerkulturell sameksistens til hardhendt uttransportering. Materialisten 3—4.
Lokos, Ellen. 1999, The politics of Identity and the Enigma of Cervantine Geneaology. l: Anne J. Cruz cg Carroll B. Johnson (red): Cervantes and His Postmodern Constituencies s. 116-133. New York: Cruz/Johnson.
Menocal, Maria Rosa. 2002. The Ornament of the World How Muslims, Jews and Christians created a Cultur of Tolerance in Medieval Spain. Boston:
Sobh, Mahmud. 2005. Quien fue Cide Hamete Benengeli? El Pais, 31.12.05
.........................
Kommentarer
Legg inn en kommentar
Skriv gjerne en kommentar!