Retten til å undertrykke


Menneskerettane har tatt over rolla som sivilisasjonsspreiar i verda. No bidrar dei til å legitimere overgrep.

Retten til å undertrykke

Dei 28 medlemslanda i Nato kom saman til eit møte i Chicago i mai 2012. Der vart dei samde om å av­slutte krig­føringa si i Afghani­stan. Nokre dagar før var det hengt opp store re­klame­plak­atar på buss­halde­plass­ane i byen. Plak­atane åt­vara mot til­bake­trekkinga, Nato måtte la fram­skrittet halde fram». For at ingen skulle vere i tvil om bod­skapen hadde plak­at­ane også ei tekst som kravde «men­neske­rett­ar for kvin­ner og jen­ter i Afghani­stan».

Organisasjonen bak kam­panjen var ikkje ein våpen­fabrikk eller ei reak­sjo­nær tanke­smie. Det var men­neske­retts­organi­sa­sjonen Amnesty som dreiv ak­sjonen mot at Nato skulle trekke seg ut av Afghani­stan.

Den israelske stats­vitaren Neve Gordon og den itali­enske sosial­antropo­logen Nic­ola Peru­gini opnar boka «The Human Right to Domi­nate» med denne for­tell­inga. Dei meiner ideen bak kamp­anjen til Amne­sty var klar nok: «Vald må til for å verne men­neske­rett­ane mot val­den som krenker dei». Og dette får vi høyre frå ein organisa­sjon som i åre­vis hadde prega det inter­nasjo­nale synet på men­neske­rett­ane. Vald av­lar altså ikkje lenger berre vald og nye over­grep. Amnesty for­tel oss no at vald er kjelda til kvinnefrigjering.

Perugini og Gor­don seier vald van­leg­vis har vorte knytt til under­trykk­ing og men­neske­rett­ane til fri­gjering, og synest det merke­lege med plakat­kamp­anjen er at Amnesty skapte inn­trykk av at det finst eit sam­band mellom men­neske­rett og under­trykk­ing. Dei drøfter denne saman­hengen, og seier at enda om «all under­trykk­ing er valde­leg, er det vik­tig å merke seg at vald ikkje all­tid og med naud­syn må vere eit ut­trykk for under­trykk­ing». I nasjo­nale fri­gjerings­kampar er vald mot under­tryk­kar­ane heilt legi­time verke­middel. Ein gong for­svarte humani­tære organi­sa­sjonar rett­ane til fangar og til­talte. Dei skulle verne om interes­sene til dei maktes­lause, dei som er under­trykte. Rett nok rekna ikkje Amnesty Nelson Mandela som så­kalla sam­vetts­fange fordi han nekta å av­stå frå bruk av vald. Men jam­vel FN har slått fast at væpna kamp er naud­synt for å fri seg frå kolo­nial under­trykking og okkupasjon.

Perugini og Gor­don seier opp­rett­inga av Israel etter andre verds­krigen var eit «humani­tært veder­lag for brots­verka mot jød­ane i Europa under Holo­caust». Para­dokset var at dette veder­laget tok form som ein nasjo­nal­stat for sett­larar (i Pale­stina), som sjølv ut­førte nye brot på men­neske­rett­ane.

Den israelske propa­ganda­en fram­stiller arabar­ane som eit trugs­mål, med­an dei isra­elske jød­ane er evige offer for vald mot men­neske­rettane. Perugini og Gor­don syner oss hykle­riet i desse tale­måt­ane. Israel har nytta men­neske­rett­ane for å under­trykke og koloni­sere pale­stinar­ane. Men­neske­retts­språket skulle gje den stat­lege under­trykk­inga eit skin av noko legitimt.

I årevis har dom­stolane i Israel rein­vaska valds­bruken til styre­maktene. Like­vel held men­neske­retts­organi­sasjon­ane fast på at ein må gå vegen om retts­appa­ratet for å nå fram til rett­ferd for pale­stin­arane. Slik gjev dei over­grip­aren rolla som meklar. Orga­nisa­sjon­ane vert på denne måten ein del av okku­pasjons­makta. Ved å appel­lere til systemet om å gjere til­høva betre har dei redu­sert opp­gåva si til å lindre krigs­traum­ane. Over­grep frå okku­pant­makta er gjort om til spørs­mål om lid­ing og men­tale prob­lem for den ein­skilde utan saman­heng med den stat­lege valden. Men­neske­retts­organisa­sjon­ane har hjelpt til med å skape til­tru til isra­elske doms­av­gjer­der. Rep­resen­tantar for re­gjerings­makta har fått eit på­skott for å hevde at Israel er ein demo­kratisk stat som ver­nar om menneske­rettane.

Etter kvart har ope kon­serva­tive grupper skapt eigne men­neske­retts­organi­sa­sjo­nar. Dei vil av­poli­tisere men­neske­rettane. I dette har dei støtta seg på ei ut­vik­ling innan­for dei tradi­sjonelle organi­sa­sjon­ane. Det har vore drive ein kamp­anje for å rive menneske­rettane laus frå alle sam­funns­mes­sige til­høve. Dei skulle vere heva over dags­ens strid, og dei skulle ikkje vere ut­trykk for sær­interesser.

Dette er ei blind­gate. Menneske­rettar er ikkje eit alterna­tiv til politikk, ikkje eit spørs­mål om etikk og moral. I situa­sjonar som hand­lar om kon­flikt og strid, ut­nytt­ing og under­trykk­ing, dreier det seg all­tid om å ta stil­ling, om å vere partisk.

Om ein berre legg vekt på jussen vert men­neske­retts­organi­sasjonar eit tale­røyr for koloni­makta. Krav om at dei under­trykte må «slåst på rett vis» vert ei støtte til over­griparen, meiner Perugini og Gordon.

Menneske­retts­organisa­sjon­ane har late mili­tær teori og kunn­skap verte del av ar­beidet deira. Dei nyt­tar ammuni­sjons­ekspertar for å samle prov på kva slag bomber det var som øyde­la hus på Gaza­stripa. Da Amnesty i USA agi­terte for å halde fram med krig­før­inga i Afghani­stan, var organisa­sjonen leia av ein tid­leg­are stats­sekre­tær i det ameri­kanske utan­riks­departe­mentet. På den eine sida hyrer altså men­neske­retts­organi­sa­sjonar ein ammuni­sjons­ekspert som skal vere autori­tet på vald, på den andre sida leiger dei ein byrå­krat til leiar, ein som opp­modar til bruk av vald som vern for men­neske­rettane.

Ein gong for­svarte ein det euro­peiske koloni­systemet ved å vise til misjo­nering og sivi­lisa­sjon. I dag vert men­nes­kerett­ane gjort til mor­alske grunn­gjevingar for vald. Dei har teke over rolla som sivili­sasjons­spreiar i primi­tive sam­funn. Det er ut­vikla ein kultur om kor­leis ein skal gje ei etisk grunn­gjev­ing for vald, kor­leis ein kan gjere vald og under­trykk­ing om frå noko nega­tivt til eit verdi­fullt bidrag til menneske­slekta. Menneske­rettane fell så­leis saman med under­trykking og kon­troll. Slik vert det råd å drive meir effektiv under­trykking.

Palestinarar nyttar seg av primi­tive våpen. Folke­retten favori­serer statar med høg tekno­logi. Bomb­ing med dronar treff­sikre rak­ettar vert ikkje rekna som brot på folke­retten. Folke­retten favori­serer den under­trykk­ande og domi­ner­ande makta, språket til men­neske­retts­aktivist­ane «vert våp­enet for dei sterkaste».

Boka til Perugini og Gordon set søke­lyset på eit vik­tig og lite disku­tert feno­men: Det er skjedd ei om­form­ing av menneske­retts­omgrepet. Det er ikkje lenger frede­lege pro­testar mot sta­tlege over­grep over­for ikkje-valde­lege opposi­sjonelle som er hovud­sida i verk­semda til fleire av menneske­retts­organisa­sjon­ane. No er kravet like mykje sank­sjonar og tvang mot tilbake­stå­ande statar. Krig vert no som tid­leg­are ført under dekke av folke­retten. Det nye er at humani­tære organi­sa­sjonar hyllar inter­nasjonal aggre­sjon og opp­modar til meir krig.

Menneskerettsorganisasjonane må kvitte seg med trua på lov­reglar som det aller viktig­aste. Dei må verte meir krit­iske i for­ståinga av jussen. I kampen mot det kvite herre­døm­met i Sør-Afrika var ikkje kravet å gjere apartheid­sys­temet meir rett­ferdig. Kravet var å gjere slutt på sys­temet i det heile. I okku­perte om­råde må ein vere vil­lig til å støtte ille­gale verk­semder. Jam­vel men­neske­retts­akti­vistar må ved­gå at ein ikkje kan ha lov­verket som ein­aste rettesnor.

Organisa­sjonane må gå mot inn­delinga av verda i vel­fung­erande, ordna sam­funn og skade­lege «røvar­statar». Dei kan ikkje i lengda god­ta å vere vakt­bikkjer for dei rike og vel­fung­erande. Dei må finne på noko anna enn å jakte på per­sonar dei meiner for­tener å verte fengsla.

Om ein redu­serer menneske­rett­ane til å verte ein debatt om juss, vert det stuss­leg. Etter drone­bomb­inga i Jemen ut­talte Human Rights Watch seg slik at det verk­ar som pro­blemet er om dron­ane råkar siv­ile med hen­sikt eller om dei gjer skade utover det til­latne. Men det er ikkje ei opp­gåve for menneske­retts­organisa­sjonar å av­gjere om dei som står på lista over terror­mål verke­leg er lov­lege offer. Det kan ikkje vere slik at bomb­ing er i sam­svar med folke­retten berre dei etter­latne vert komp­en­serte for tapa etter åtaket eller at styre­makt­ene ved­går feilen og lover bot og betring ved neste bomb­etokt.

Ein må sette seg opp mot at menneske­rettane på dette viset vert kuppa av ei lega­list­isk jus­for­ståing. Lega­list­iske tolk­ingar av mog­lege brots­verk endar opp med å støtte stat­leg terror­verk­semd. Lov­verket bryr seg ikkje om skil­nad på mekt­ige og veike. Menneske­retts­aktiv­istar som ikkje vil sjå desse sær­trekka ved retts­appa­ratet gjer det vanske­leg­are å fri seg frå under­trykkinga.

Torbjørn Kalberg
Klassekampen, 18. november 2015

Kommentarer