Apostolen Jacob. Wikimedia. |
Santiago – helgen – dyrking og intoleranse
KIRKE & KULTUR 1/2012
Campo stellarum - stjernelys på marka
Da han døydde som martyr i Jerusalem 12. april år 44, skulle apostelen Jakob ha utløyst ei stor bølgjerørsle i jordskorpa. Himmelen opna seg, havet delte seg og det oppsto eit forferdeleg toreskrall. Ifølgje nokre skildringar låg leivningane til Jakob i ro fram til keisar Justinian i første halvdel av 500-talet bygde eit kloster like ved Sinai. Apostelrestane vart brakt til kvile her, heilt til det heilage landet kom under muslimsk styre. Tre munkar tok da jakobrelikvia med seg til ein trygg stad i det framleis kristne Vesten. Første stoppen var Zaragoza, men arabarane som nyss hadde teke over styret etter gotarane, tok jamvel herredømmet i denne delen av landet.
Leivningane måtte flyttast på ny. Breidda av Minhoelva nord og vest i landet vart peika ut som ein trygg gøymestad. Det var her folk fekk sjå eit himmelsk lys flakke over marka medan englane song.
Ein annan versjon av historia går ut på at hovudet til Jakob ved avrettinga hadde vorte skilt frå kroppen, men at disiplane hadde smurt inn lekamen med olje og gjort han heil att. Jakob vart halshogd fordi kong Herodes (ikkje han i juleevangeliet som jakta på nyfødde smågutar, men visstnok barnebarnet) ville gjere seg til vens med motstandarane av kristendommen. Etter råd frå ein engel vart apostelen frakta frå Jerusalem til Galilea og segla vidare i ein båt lagd av stein heilt til Iria i Galicia, der han ein gong skulle ha vore på misjonsreise.
Historia er altså uklar med tanke på når leivningane til apostelen vart førde til Galicia. Tok det over fem hundre år før overfarten fann stad, eller skjedde det med ein gong han vart drepen? Historia sprikjer og når det gjeld stoppestader undervegs. Vart lekamen send ekspress, eller var det snakk om ymse opphald før apostelen endeleg fann kvile ved elvebreidda?
Kor som er, leivningane vart funne etter eit uvanleg «stjernelys på marka». («campo stellarum») som viste vegen til staden der dei vart gravlagde etter si lange ferd frå djupast inne i Middelhavet.
Den kvite hesten
Ikkje lenge etter oppdaginga av grava med stjernelyset, fortel historia at den kristne kongen Alfons II av det vesle kongeømmet Asturias vann eit slag mot dei muslimske arabarane. Med eitt var kultusen av Santiago, den heilage Jakob, i gang. I eit draumesyn såg etterfølgjaren til Alfons, kong Ramiro, at apostelen førde dei kristne til siger over muslimane, sitjande på ein kvit hest. I synet fortalde Jakob kongen at Jesus hadde delt provinsane i verda mellom apostlane og at heile Spania no skulle vernast av han. Den heilage Jakob skulle alltid vere der når spanjolane trengde han. Lyset på marka og grava til Jakob vart til valfartsstaden Santiago de Compostella, den heilage Jakob på Stjernemarka.
Det er reist innvendingar mot denne tolkinga av ordet. Nokre seier at Compostella rett og slett tyder apostelen Jakob, slik at Santiago de Compostella vert smør på flesk. I denne tydinga vart Jacobo Apostolo til Giacomo Postolo, som igjen vart trekt såman til Jiac Apostol. Resultatet i den galisiske versjonen vart ordet Compostella.
Etter kvart vart det kjend i heile Europa at Jakob hadde vorte send av Gud til det kristne Spania til hjelp mot arabarane for å gi landet tilbake til kristendommen. Landskapet langt vest i havet skulle komme til å verte like viktig for dei kristne som kabasteinen i Mekka for muslimane.
Mytologiske tvillinggudar
I Det nye testamentet var Jakob den eldre son til Sebedeus og bror til apostelen Johannes. Jakob den yngre var «bror til Jesus» og døydde som biskop av Jerusalem. Jakob og Johannes var brør. Jesus kalla dei torebrørne. Den evangeliske trusoppfatninga var ei blanding av kristen og «heidensk» tru. I folketrua var Jakob den yngre framstilt som bror til Jesus, «son av tora» og tvilling. Den eldre Jakob var son til Josef frå eit tidlegare ekteskap og slik set og bror til Jesus. For å redde jomfrumyten vart dei såkalla jesusbrørne også framstilte som søskenbarn.
I arabiske skrifter frå 400 og 500-talet fanst historia om tømraren Josef som skulle ha levd 49 år med den første kona si og fått sonene Judas, Justo, Jakob og Simon med henne. Kyrkjefedrane meinte nok at om apostlane var brør, var det berre åndeleg sett. For folk flest var brorskapen reell og viktig. 450 år før vår tidsrekning vann romarane siger over latinarane med støtte av tvillingane Castor og Pollux, også dei ridande på kvite hestar. I romersk mytologi var desse to sønene til Jupiter. Den eine av tvillingane steig opp til himmelen, den andre vart verande på jorda for å beskytte menneska. Som takk for den guddommelege hjelpa, reiste romarane eit tempel til ære for tvillingane. Restane kan ein enno sjå ved Forum Romanum i Roma.
Persongalleriet i evangelia spegla kjende førestellingar. I det første årtusenet etter Kristus var det ikkje semje om det rette innhaldet i den kristne læra. Ein skal såleis ikkje undre seg over at oppfatningane om kristne nøkkelfigurar tok ei rad ulike former blant folk som nyleg var kome under påverknad frå kristendommen.
Det vestgotiske Spania var fullt av kjetterske oppfatningar. Gotaane okkuperte den iberiske halvøya på 500-talet etter at frankarane jaga dei over Pyreneane. Dei var i utgangspunktet sterkt påverka av arianismen og prinsippet om at gud berre var ein. Da dei slutta seg til treeinigheitssynet kom dei på kant med folk flest.
«Liv er draum og draumen liv»
Det var vanleg i både førkristen og tidleg kristen tid å opprette tempel til ære for tvillinggudar i farleg farvatn langs strendene. Heidensk og kristen skikk blanda seg i den folkelege religionsopplevinga.
Kjende figurar melde seg til teneste for spreiinga av den kristne trua. Dyrkinga av Santiago kan sjåast som ei vidareføring av gamle segner og mytar. For dei entusiastiske jakobstilhengjarane var Jesus berre nummer ein mellom likemenn. Fram til langt ut på ellevehundretalet vart Jakob stilt på line med Jesus og dermed med Gud.
Den katolske kyrkja kritiserte etter kvart tvillingtrua fordi ho blanda saman mytar og folketru. Men kristen dogmatikk er jo nett skapt på grunnlag av folkelege overleveringar.
Framståande katolikkar tvilte på at kroppen til ein av disiplane til Jesus skulle hatt tilhald i ei kyrkje i Galicia. Dei kunne ikkje gå god for ideen om at dyrkinga av Santiago var naudsynt for erobringa av muslimsk land. Da det etter den endelege utvisinga av moriskarane i 1614 ikkje lenger fanst muslimske fiendar å føre heilag krig mot, auka denne skepsisen.
Historikaren Americo Gastro meiner ein korkje kan få stadfesta eller avvist sanninga til denne forteljinga ved å leite etter leivningane til Jakob i Galicia. Historia er «sann» fordi kong Alfonso reiste ei kyrkje der i stein og marmor. Historia var like verkeleg som den trua ein seinare fekk på individuell fridom og menneskerettar.
Moderne demokratiske oppfatningar krev grunnlov og parlament. Utan slike institusjonar, vert fridomen ein abstrakt doktrine. Gastro seier at Jakob fanst i gravkammeret sitt så lenge folk frå fjern og nær kom for å dyrke han. Shakespeare skreiv «vi er gjort av same stoff som draumane våre». Dermed formulerte han noko som seinare skulle verte uttrykt i moderne filosofi. Livet er draum og draumen liv. Gravstaden til Jakob er korkje meir eller mindre verkeleg enn til dømes fridomsstatuen i New York. Det faktiske er ikkje alltid det same som det verkelege eller autentiske.
Krig mot islam
Jakoblegenda overtydde den kristne befolkninga om at dei hadde guddommeleg støtte i krigen mot islam. Santiagokulten låg til grunn for ideen om å ta frå muslimane kontrollen øver landområda på halvøya, -«la recon-qutsta». Denne ideen fanst ikkje før lang tid etter at landet kom under islamsk styre. Det var ein idé søm voks fram saman med trua på den heilage Jacob. Samstundes som indre strider ramma dei andalusiske muslimane, tok dei ikkje trugsmålet frå dei like splitta kristne kongerika på alvor. Sankt Jakobdyrkinga vart teiknet dei nye herskarane i den nordlege delen av halvøya nytta som ideologisk ryggdekning for eigne militære framstøt. Gjennom Santiago fekk dei kristne bod om at skjulte, ikkje-materielle krefter sto på deira side i kampen for større makt og landområde. Santiago vart til ein av dei viktigaste valfartsstadene i heile kristenverda.
Danske krossfararar og Santiago
Santiago vart og til symbol for kamp mot vikingar og normannarar. I 844 gjekk vikingar til åtak mot Sevilla. I 942 vann ein biskop eit slag mot normannarane. Biskopar og abbedar var reine krigarhøvdingar. Ingen andre stader i Europa vart det reist så mange klostre og kyrkjer på eit så lite område.
Midtpunkt i katolisismen
Apostelen Peter og kyrkja hans låg langt borte. Pavane i Roma var skulda for å leve på usømmeleg vis. Santiago og Roma ignorerte kvarandre. Biskopane i Santiago vart utropte til pavar som utnemnde eigne kardinalar og tok mot pilegrimar dei kalla romeros. Med Roma meinte folk Santiago. Santiago vart til midtpunktet i katolisismen. På 900-talet kunne dei små kristne kongedømma berre overleve takka vere trua på den heilage Jakob. Jakob hadde vore der før arabarane. Han vart symbolet for kampen mot islam.
I hovudtradisjonen mellom spanske historikarar vert det hevda at den arabiske invasjonen frå dag ein vart møtt med motstand frå restane av det gamle gotiske regimet. Den kristne koloniseringa av områda sør for Galicia ville skjedd utan dyrkinga av Jakobsmyten, vert det hevda. For dei var den heilage Jakob mykje meir eit produkt av Spania enn Spania eit produkt av Jakob.
Einsretting og intoleranse frå Santiago til Franco
Litteratur
Almazán, Vicente Gallaecia Scandinavica, introducción ó estudio das relacións galaico/escandinavas durante a Idade Media. Vigo 1986
Castro, Americo: España en su historia: Cristianos, moros y judios. Barcelona 1996
Engvig, Jan Petter: Vandring i åpent landskap: Pilegrimsveien til Santiago de Compostela. Kristiansund 2005
Gams, Pius Bonifacius: Die Kirchengeschichte von Spanien. Graz 1874/1956 Nooteboom, Cees: Omvei til Santiago. Aschehoug 200
..................................................
Artikkelen kan lastas ned som
PDF frå ReseachGate.net
Kommentarer
Legg inn en kommentar
Skriv gjerne en kommentar!