Max Weber og trugsmålet frå aust

https://www.vision.org/biography-max-weber-compulsion-work-402

Den tyske sosio­logen og økonom­histor­ikeren Max Webers (1864–1920) mest be­rømte bok heter «Den prote­stant­iske etikk og kapital­ismens ånd». Han ble et ikon for ide­ene om det mod­erne, om rasjo­nelle styre­former og vest­lig demo­krati. Denne artik­kel­en korri­gerer både bil­det av Weber og vest­lig selv­forstå­else

KIRKE & KULTUR 2/2015 © UNIVERSITETS­FORLAGET

Max Weber og trugs­målet frå aust

Med fram­still­inga si av tyske samf­unns­til­høve i tida fram til første verds­krigen synte Weber for­dom­mane sine mot slav­iske folkeslag. Trua på den eine­stå­ande vest­europeiske kultur­hist­oria er ikkje mindre sterk no, hundre år etter. Hov­modige idear om dei frami­frå euro­pear­ane vart nytta for å under­trykke folk i koloniane. I dag er dei grunn­pilar­ar i ein kult­urell ras­isme som har er­statta det gamle bio­log­iske rase­synet.på 1940-og 50-talet ut­vikla det seg ein ny sosio­logi på uni­versi­teta i USA og Europa. Sam­funns­vit­skapen skulle sikre vest­leg kon­troll etter kvart som tid­leg­are koloni­om­råde vart sjølv­stend­ige. Dei nye stat­ane måtte velje demo­krati og ikkje kommu­nis­tisk dikta­tur som styre­form. I om­form­inga av sosio­logien nytta sær­leg ameri­kanske forsk­arar ide­ane til Max Weber for å fremje slike opp­fat­ningar. «Eg er med­lem av dei borgar­lege klass­ane, kjen­ner meg som ein slik og er opp­seden i deira tenkje­måtar og ideal». (Weber 1921, s. 26). Slik kar­akter­iserte den tyske øko­nomi­histor­ikaren Max Weber seg sjølv. 

I 2014 var det 150 år sidan han vart fødd inn i ein av dei rik­aste engelsk-tyske handelsfam­ili­ane med kapi­tal i tek­stil­indu­strien. Mest heile livet liv­nærte han seg som rente­nist utan otte for eigen øko­nomi. Den bio­log­iske ras­ismen gjorde nytta si da euro­pear­ane la under seg store delar av jord­kloten. I den mod­erne global­iserte verda, med stor inn­vandring til vest­lege land, er det vik­tig med kon­troll av fram­ande grup­per. Weber vert no nytta for teori­ane sine om at kultur­elle og ikkje berre bio­log­iske skilnader er vik­tige. Fortolka og skapt på ny Weber høyrer til i ein forsk­ar­tradi­sjon som la vekt på kon­krete under­søkingar av hist­orie og øko­nomi. Han nytta seg av om­fatt­ande mater­iale frå statistikk og folke­telj­ingar for å fram­stille verk­nad­ene av den kapital­ist­iske ut­viklinga. På 1940– og 50-talet sette ameri­kanske sam­funns­forsk­arar saman skrift­ene hans under nye over­skrifter og forma han i sitt bil­ete. 

Han vart opp­høgd til ein stam­far for den nye sam­funns­vits­kapen. Han vart til eit ikon for ide­ane om det mod­erne, om rasjon­elle styre­former og vest­leg demo­krati. Sær­leg essayet hans om den prote­stant­iske etikken styrkte den ameri­kanske trua på at kvar og ein er sin eigen lykkes smed. USA var meir enn noko landet for per­son­leg fri­dom og fram­gang, sjølve den «kapital­istiske ånda». Gjennom dei eng­elske om­setjing­ane vart han ikkje berre gjort kjend for verda, han vart fo­rtolka og skapt på ny. For å sjå om tolk­inga er rett, må ein no grave i original­artik­lane hans. Det held ikkje berre å lese dei ameri­kanske ut­draga. Mykje av ar­beidet til Weber dreier seg om å gjere greie for kvifor den moderne vest­lege staten er så unik. Berre her vart «rasjo­nelle og sys­tematiske organisa­sjonar» ut­vikla til vit­skap. Berre her nådde ein fram til full­ending av kunst og kultur. Berre i det vest­lege Europa vart det mogleg for kapital­ismen å vekse fram. Weber vert ein hovudtalsmann for forteljinga om det euro­peiske miraklet. Den moderne staten med ei rasjonell forfatning, eit rasjonelt lovverk og ein administrasjon med trente fagfolk bundne av reglar og lover, «er det berre Vesten som kjenner». (Weber 1995, s. 7–9).

Teoriane til Weber om samfunnsmessig rasjonalisering er halde fram som ei viktig forklaring på kvifor kapitalismen utvikla seg i Europa og berre her. Ved starten av første verdskrigen var Weber ein av mange intellektuelle som såg fram mot valden mellom nasjonane. «Utan omsyn til utfall, denne krigen er stor og vidunderleg», uttalte han i 1914. Han såg for seg ein kortvarig krig, med begrensa vinning når det galdt nye land­område. Under heilekrigen arbeidde han for å sikre at Polen skulle halde fram som ein del av Tysk­land. Ein måtte motsette seg oppdelinga av makttilhøva i verda. Eit einaste mål var viktig, ein polsk stat måtte for all del ikkje verte dominert av Russ­land. 

Det tyske nederlaget i 1918 førte til at store delar av den tyske arbeidarrørsla ville skape ein helt ny stat og ikkje berre kvitte seg med keisaren. Weber kriti­serte slike idear som han meinte ute­lukkande dreidde seg om hemn og hat. Han ville ha kommu­nist­leiar­ane Karl Lieb­knecht og Rosa Luxem­burg sende til gale­hus og zoo­logisk hage. (Thomas 2006, s. 154). Rett etter desse ut­segnene frå Weber, vart dei to leiar­ane brut­alt myrda. 

Etter våpen­still­standen var Weber med i den tyske for­handlings­delegasjonen i Vers­ailles. Dei «aud­mjuk­ande og skamme­lege freds­vilkåra» gjorde det vik­tig for han «at Tysk­land på nytt fekk ein sterk gene­ral­stab». (Mommsen 1984, s. 327). Han var med på ut­form­inga av grunn­lova til den nye tyske staten, Weimar­repu­blikken. Reglane her om folke­avstemm­ing som grunn­pilar i demo­kratiet, gjorde det i 1933 mog­leg for den folke­valde presidenten å gje makta i landet over til nazist­ane. Da hadde Weber vore daud i 13 år. Han vart i 1920 eit av ofra for spanske­sjuka, berre 56 år gamal.

Trugsmål mot demo­kratiet seg direkte frå jorda. Dei var ikkje som bønd­ene i det ves­lege Rhin­om­rådet av­hengig av «driv­hus­dyrk­ing og hage­bruk for ein mark­nad». Dei dreiv meir med sjøl­vberg­ing. Weber såg med otte på at jam­vel store gods vart om­gjorde til «slav­iske hunger­koloni­ar». (Weber 1921, s. 14–16). Tyske jord­bruks­arbeidarar ville ikkje ar­beide i usle kår, men trekte seg unna. I 1904 vart det arr­angert ei verds­ut­stil­ling i St. Louis i Missouri, USA. Det var hundre år sidan Louisiana vart kjøpt frå eit for­gjelda Frank­rike, eit kjøp som dobla land­are­alet til USA. Mellom is­kremar, penge­veks­lings­auto­matar og hunde­etande filip­pinarar som skulle syne den ameri­kanske verds­makta, vitja óg den enno ikkje så vid­gjetne jur­isten Max Weber verds­ut­stil­linga. 

Han hadde nett kome seg etter eit ner­vøst saman­brot som hadde vart i meir enn fem år. Han heldt her ei førelesing om jord­bruks­sam­funn og mod­erne øko­nomisk ut­vik­ling. Hovud­meld­inga hans i fore­draget var at kapital­ismen riv i styk­ker gamle tru­skaps­band ved å gjere bønd­ene til frie arbeid­arar og der­med far­lege sam­funns­ned­bryt­ande sos­ialist­ar. Slik var det i Tysk­land. Det same kunne skje i USA. Den anglo­saks­iske ånda var truga av den enorme inn­vandringa av usivili­serte hor­dar frå det aust­lege Europa. I føre­lesinga for­talde Weber om «dei syk­liske sving­ing­ane i økon­omien». Han for­talde om «nøy­same slav­iske små­bønder» som tok over tid­leg­are tyske land­område. I mellom­alder­en gjorde kult­uren eit fram­støt aus­tover. 

No vart kul­turen dreven att­ende, sa han. No galdt det kapital­ist­iske prin­sippet om den «billeg­aste hjelpa». Kan hende ville USA også råke på lik­nande prob­lem i fram­tida. Kveite­produk­sjonen var på veg ned som følgje av internasjo­nal arbeids­deling. Talet «neger­farmar» vaks, sam­stundes med ei flukt frå lands­bygda til byane. Weber frykta for at jord­bruks­befolk­ninga snart ikkje lenger ville vere del av den anglo-saksisk-tyske kult­uren som histor­isk sett hadde vore lei­ande. Om den «enorme inn­vand­ringa av ufag­lærte element frå Aust-Europa» heldt fram å vekse, ville dette «på av­gjerande vis endre stand­arden» i Amerika. Det ville verte «eit sam­funn av ein heilt annan type enn det store felles­skapet som er skapt av den anglo­saks­iske ånda». (Weber 1946, s. 384).

Verre med polakkar 

Allereie i 1893 hadde Weber vist til mot­standen mot å im­port­ere kinesiske kuliar til Tysk­land. Men det var mykje verre med polakkar, sa han, «for våre tyske ar­beidar­ar ville aldri ha blanda seg med kuliane». Polakkar derimot «sugde til seg» andre folkeslag. Weber ville ikkje bøye kne for kapital­interesser som var tente med billeg arbeids­kraft. Det vik­tig­aste var å styrke den tyske kult­uren mot lågt­ståande folke­slag i aust. Etter del­inga av Polen på 1700-tallet fekk ikkje pol­akkar ha offent­lege stil­lingar. Opp­lysings­kongen Fredrik den Store kalte pol­akkane slav­isk pakk og sende 300 000 prøys­sarar aus­tover som kolo­nistar. Like­vel heldt polakkane fram som den største folke­gruppa. Etter sam­linga av Tysk­land i 1871, vart det eit hovud­mål å halde det polske nede. Ei mengd byrå­krat­iske for­skrifter vart ved­teke. Det var for­bode å nytte polsk språk på skol­ane. Alle som ville gjere noko med hus­væra sine måtte søkje om løyve. Søk­nadar frå pol­akkar gjekk ikkje gjen­nom. 

På 1880-talet vart over tretti tusen pol­akkar utan prøys­sisk pass, jød­iske som kat­olske, ut­viste. Det vart opp­retta ein koloni­serings­kommi­sjon for å styrke prøys­sisk kultur i polsk­domi­nerte om­råde. Store areal vart kjøpte opp og gjeve til tyske bu­reisar­ar. Det vart reist krav om at til­sette i posten skulle nekte å lev­ere brev med polske og ikkje tyske adresser. Weber kravde «abso­lutt ut­vising av polske og russ­iske arbeid­arar». (Weber 1988, s. 456). På stift­ings­møtet for eit nytt nasjo­nalt-sosialt parti i 1896 gjekk han ut mot dei som ikkje var sterke nok i mot­stand­en mot det polske. Det var ingen grunn til å klage over at pol­akkane vart redu­serte til annan­rangs borg­arar, sa han. Det mot­sette var til­fellet, det var vi tysk­arar som «hadde gjort pol­akkane til men­neske». (Weber 1988b, s. 27). 

Weber var eit fram­stå­ande med­lem av Det All­tyske For­bundet, ein organ­isa­sjon som sidan 1891 ar­beidde for å halde den tyske nasj­onen fri for skade­leg inn­verk­nad frå låg­are­stå­ande slav­iske og jød­iske folke­slag. I 1899 trekte Weber seg frå for­bundet fordi han meinte det ikkje vart gjort nok for å stå opp mot den polske inn­vand­ringa. Kapital­istane i jord­bruket tente nok på den bil­lege ar­beids­krafta, men Tysk­land som nasjon vart på­ført tap. Weber ut­vikla etter kvart den rasist­iske hald­ninga si over­for pol­akkar til ein teori der rase, kul­tur og klasse fall saman. (Zimmermann 2013, s. 10). 

Redsla for assimi­lering fekk Weber til å meine rus­serar og pol­akkar måtte verte ute­stengde frå det aust­lege Prøyssen. Det var ikkje råd å la «to nasjonali­tetar med ulik kropp, med ulike magar» konkur­rere «heilt fritt som ar­beid­arar på eitt og same om­råde». Om tyske ar­beid­arar skulle konkur­rere med polske måtte dei «ta eit skritt ned­over på kul­tur­stigen og gje av­kall på be­hova sine.» I den kapital­istiske øko­nomien finst det situa­sjonar der ein høgare kultur ikkje «er over­legen, men står svak­are i kampen i høve til lågare­stå­ande kulturar». (Weber 1988, s. 455–6).

Nye under­tryk­kings­teoriar 

Weber saman­likna det ameri­kanske «neger­spørs­målet» med den økonomiske ut­viklinga aust i Tyskland. Ingen kunne sjå bort frå at «rase­skil­nader» ville ut­vikle seg jamvel her. Auka bruk av negrar i tek­stil­indu­strien i USA svekte kvali­teten på produkta, meinte han. Det var «lett å forstå» at den «ameri­kanske negeren» var «ueigna til visse ar­beids­oppgåver». Den langt finare skil­naden mel­lom ar­beidar­ar i euro­peiske indu­stri­verk­semder derimot, var ikkje like lett å fatte. (Weber 1924, s. 125). Det var ikkje bio­logi­en som gjorde svarte meir ueigna. Weber av­viste arve­messige skil­nader mel­lom svarte og kvite. Det av­gjer­ande var hald­ninga til arbeidet. Tradisjon og opps­eding gjorde svarte ar­beid­arar mindre prod­uk­tive. Etter andre verds­krigen og dei nazist­iske her­jing­ane vart det uråd å forklare euro­peisk over­herre­dømme med vekt på bio­log­iske eigen­skapar.

I staden vart det vist til teori­ane til Weber om at alle vik­tige kultur­elle ny­vin­ningar først hadde slått rot i Europa og sein­are gått sin seiers­gang over heile kloten. Europa vart fram­stilt som lei­ande på alle vis, anten ­det dreidde seg om styr­inga av staten og mark­nads­øko­nomien eller fri­lynte end­ringar i fam­ilie­struk­tur og kultur­liv. 

Pro­blemet for dei tid­legare koloni­maktene etter at stad­ig fleire land vart uav­heng­ige, var å finne fram til kor­leis ein fram­leis kunne halde på kon­trol­len. Med Weber vart det gamle bio­log­iske rase­omgrepet er­statta med ei kulturell til­nærm­ing. Etter 1945 vart Weber vik­tig fordi han for­synte samfunns­vitar­ane med ein mod­erni­serings­teori. Geo­grafen Blaut har peika på at dette «var ei ele­gant og lærd ny­tolk­ing av ide­ane frå koloni­tida om det eine­stå­ande ved den euro­peiske rasjo­nali­teten og den unike euro­peiske kulturhist­oria.» (Blaut 1992). Alle sam­funn må gå gjen­nom ei ut­vikling som lik­nar på den euro­peiske om dei skal verte verd­sette. 

Det dreier seg ikkje lenger berre om ein teori for å skjønn­male erob­ring av fram­ande kon­ti­nent.Weber la grunn­muren for ein ideo­logi om under­trykking av fram­ande grupper også inna­for eige land­område. For dei som er prega av ein sosio­logi­tradi­sjon som vart til under den kalde krigen, kan det verke kon­troversi­elt at Weber ut­vikla ein slik teori om kultur­ell rasisme. Dei vil kunne opp­fatte dette som eit pro­ble­matisk trekk ved tenk­inga til Weber, eit trekk dei helst ikkje vil tru på.

Frig­jer­ing frå orien­talsk mørke 

Det er like­vel ingen grunn til å nekte for at Weber heldt tyskar­ane for ein siv­ili­sert del av men­neske­slekta, medan pol­akkane var mel­lom dei barbariske. Den rum­enske sosio­logen Boatcă meiner denne skil­naden mellom folke­grup­per vart skapt med fram­veksten av antro­po­logien som vit­skap. Euro­pearar var siv­ili­serte kultur­folk, dei inn­fødde i kolo­niane var naturfolk. 

Men heller ikkje alle i Europa var kultur­folk nok. Boatcă seier om­grep som det «mod­erne, det sivil­i­serte og det rasjon­elle» berre vert nytta om «ein stadig meir eks­klu­siv del av det euro­peiske kon­tin­entet», ein del som i den imperial­istiske tenkje­måten sluttar ved grensa for Tysk­land i aust. (Boatcă 2013, s. 69). We­ber meinte folke­slag som ikkje høyrde til i det vest­lege Europa hadde ein lang veg å gå før dei kunne rek­nast som like­verdige. Slik viser han vegen fram til for­dommar som trivst godt. Skrift­ene hans gjer det mog­leg å for­stå kvi­for det fram­leis finst så store skil­nader mel­lom aust og vest i Europa. Ein kan til dømes for­stå borgar­krig­ane på Balkan etter opp­løys­inga av Sov­jetuni­onen som ei fri­gjer­ing frå eit orien­talsk mørke. 

Kon­flikt­ane i Ukraina etter det vest­orient­erte kuppet mot ein vald presi­dent i 2014, kan sjå­ast på same vis. Ein etter ein har land aust i Europa bede om å verte tekne opp som med­lemmar i EU. Så lenge denne vest­lege uni­onen vert opp­fatta som ein siv­ili­ser­ande og eks­klu­siv del av det euro­peiske konti­nent­et, vil inn­lem­ming her vere eit prov på at ein ende­leg er med i det gode sel­skap. 

Tenkinga til Weber er ein vik­tig del av den vest­lege sjølv­forstå­inga. Denne tenk­inga teik­nar eit bil­ete av Europa som ei fri­gjer­ande kraft i verds­historia. Under på­skot av å spreie fri­dom og vel­ferd, har euro­peiske re­gjer­ingar makta å få folke­leg støtte til aggres­sive krigar mot fatt­ige land langt borte. Trua på at den vest­lege verda er så uende­leg mykje betre når det gjeld kul­tur og men­neske­verd enn sam­funn med ei anna hist­orie, har teke det europeiske sjølv­bil­etet til nye høg­der.

Det trengst ei korri­gering av dette bil­etet. Svaret på in­dividu­elle terror­ak­sjonar frå reaksjo­nære grupper som drep uskuld­ige siv­ile er ikkje ein ny runde med opp­leksing av kor frami­frå og eine­stå­ande den europeiske kult­uren er. Det kapital­ist­iske sys­temet var ikkje ei opp­finning som berre hadde euro­peiske røter. Islamske og andre sam­funn sto ikkje på eit låg­are nivå enn Europa da euro­pear­ane sette i gong med å koloni­sere jordkloten. Mange av metod­ane som gjorde det mog­leg for ein kapital­istisk øko­nomi å vekse fram, var ut­vikla heilt andre stader enn i Europa. Det er ikkje slik at ikkje-euro­peiske sam­funn mangla føre­set­nader for å kvitte seg med under­trykk­jande trekk. Europa har ikkje eine­rett på fridoms­krav og kamp mot over­tru, stivna kjønns­rolle­mønstre og kor­rupte leiarar. Det var sjølve den euro­peiske kol­oni­ser­inga som snudde opp ned på like­verdet. 

Den øko­nom­iske ut­nyt­tinga frå koloni­makt­ene redu­serte samfunn i Asia, Amerika og Afrika til råvare­produ­sentar for euro­peisk industri. Sam­funns­end­ringar i denne delen av verda vart hindra på grunn av manglande øko­nom­isk vekst. Det ein­aste som vaks var fattig­dom og folke­tal. Euro­peisk fram­and­frykt og in­tole­ranse har ei lang his­torie. Men det finst døme på at ulike styre­sett har levd side om side, jamvel i Europa. Ulik kulturell og rel­igiøs bak­grunn har ikkje all­tid hindra gjen­sidig respekt. I eit mus­limsk­dominert Spania vart den spanske nasj­onen skapt gjen­nom eit sam­liv mel­lom mus­limske, kristne, og jød­iske kult­urar, eit sam­liv som strekte seg over mange hundre­år. Dette er vik­tig lær­dom i ei tid der fleir­kulturell sam­eksi­stens vert latter­leg­gjort og ide­en om det multi­kultur­elle sam­funnet er eit skjell­sord.

Torbjørn Kalberg,

sosiolog, tokalb@ broadpark. no

Dokumentet som PDF-fil fra Researcgate.net

Litteratur
Blaut, J. (1992). The Theory of Cultural Racism, I Antipode: A Radical Journal of Geography Vol. 24, s. 289–299
Boatcă, M. (2013). «From the Standpoint of Germanism»: A Postcolonial Critique of Weber´s Theory of Race and Ethnicity. I J. Go (red.), Postcolonial Sociology Political Power and Social Theory, vol. 24. Mommsen, W. J. (1984). Max Weber and German Politics 1890–1920, Chicago: University of Chicago Press.
Thomas, P. (2006). Being Max Weber, New Left Review 41.
Weber, M. (1921). Der Nationalstaat und die Volkswirtschaftspolitik (1895), Gesammelte Politische Schriften, München.
Weber, M. (1924). Zur Psychophysik der industriellen Arbeit (1908–09), Gesammelte Aufsätze zur Soziologie und Sozialpolitik, Tübingen. 
Weber, M. (1946). Capitalism and rural society in Germany (1904), H. H. Gerth & C.Wright Mills, From Max Weber: Essays in Sociology, New York: Oxford University Press. 
Weber, M. (1988). Die ländliche Arbeitsverfassung (1893), Gesammelte Aufsätze zur Sozial – und Wirtschaftsgeschichte, Tübingen.
Weber, M. (1988b). Zur Gründung einer National-Sozialen Partei (1896), Gesammelte Politische Schriften, Tübingen.
Weber, M. (1988c) Zur Lage der bürgerlichen Demokratie in Russland (1906), Gesammelte Politische Schriften, Tübingen.
Weber, M. (1995). Forord til Gesammelte Aufsätze zur Religionssosziologie, Den protestantiske etikk og kapitalismens ånd, Oslo.
Zimmermann, A: (2013) «German Sociology and Empire: From Internal Colonization to Overseas Colonization and Back Again.» I George Steinmetz (red.), Sociology and Empire: Colonial Studies and the Imperial Entanglements of a Discipline, Durham: Duke University Press.

Kommentarer