Illustrasjon henta fra Heimen nr. 1 - 2017. |
When Swedish Trade in the North Came to an End
ABSTRACT
Historical research on social developlment in the Scandinavian north used to be dominated by stories of ruthless taxation and economic exploitation of the Sami people. Stories of the violent actions of the so-called bircarlians were told again and again. These bircarlians were considered to be a group of greedy merchants originating from areas bordering on the Gulf of Bothnia. The old stories of evil tax collectors harassing the Sami are no longer universally accepted.
Nowadays the bircarlians are described as locals, agriculturalists and traders engaged for centuries in exchanging goods with the Sami, benefiting both themselves and the indigenous nomads. The bircarlians used to be regarded as holders of royal privileges granting them special rights in the trade with the Sami. This view has also been challenged. The system involving Sami and local tradeslmen seems to be much older than the impression given by Swedish authorities in the late middle ages. Bircarlian activities long outdated the royal Swedish colonization of the north. Their indelpenldent and decentralised trading traditions are now instead considered important stages in the development of the Swedish unitary national state.
Omsynslaus skattlegging og økonomisk utbytting av samane var lenge hovudforteljinga i forskinga om samfunnsutvikling i dei skandinaviske nordområda. Særleg vart det lagt vekt på den valdelege framferda til dei såkalla birkarane, ei gruppe handelsmenn frå områda nord i Bottenvika. Siktemålet med denne artikkelen er å vise at det ikkje lenger er semje om ei historieskriving der birkarane vert til valdelege skatteoppkrevarar i sameland. Det har gått føre seg ei vending bort frå det moralistiske og negative synet på dei. Birkarane var ikkje ein framand elite utan andre mål enn grisk rikdomstileiging. Dei var lokale bønder som dreiv gjensidig varebyte med samar til gagn for begge partar. I artikkelen har eg nytta meg av eit utval skrifter som omhandlar synet på birkarane frå mellomalderen og fram til i dag. Nokre av skriftene er politiske bestillingsverk, andre er lokalhistoriske bidrag der birkarar er nemnde mest som kuriositetar.
Birkarsystemet har vorte drøfta i samanhang med utvikling av skattar og avgifter og i reine analysar omkring ulike former for handel med og utan pengar. Litteraturtilfanget går frå livlege folkelivsskildringar til kongelege brev og forordningar. Nyare forskingsarbeid har vist at det ikkje er grunnlag for dei velkjende påstandane om at birkarane fekk særrettar gjennom kongelege vedtak. Sjølve handelssystemet birkarane var ein del av, er mykje eldre enn det dei svenske og norske styremaktene ville gje inntrykk av. Verksemda deira går langt attende i tida, lenge før den svenske koloniseringa av Nordkalotten.
Denne framstillinga av birkarane er eit bidrag til historia om framveksten av dei skandinaviske nasjonalstatane. Handelsordningane som birkarane var med på å utvikle, gjer det mogleg å forstå korleis grensene i nordområda vart til. Med tida vart dei svenske kremmarane offer for ei sentral kongemakt som spreidde vondsinna rykte om dei for å få full kontroll over landområde og marknad.
I svensk kjeldemateriale er desse handelsfolka kalla birkarlar. Ein karl i tydinga mann, finst ikkje i moderne norsk. Det er framandt å seie karl når ein kan nytte seg av kar. Likevel har det svenske uttrykket birkarl vorte brukt jamvel i Norge. Eg trur ikkje det er rett å halde seg til oppfatninga om at desse handelskarane var valdelege utsugarar. Derfor verkar det feil å føre vidare den tyngjande birkarlnemninga. I denne framstillinga er det birkarar som vil bli nytta.
OM SAMANE I HISTORIA
Historia Norwegie er eit verk på latin som truleg er frå midten av 1100-talet. I verket, som kan ha vore eit bidrag i arbeidet for å få ein eigen norsk erkebiskop, skriv den ukjende forfattaren at det ved «grensa til Norge finst ei ovstor villmark, som deler landet på langs og skil det frå heidenske folkeslag. I denne øydemarka bur det samar og ville dyr. Samane et dyra halvråe og nyttar skinnet deira til klede. Dei er framifrå jegarar som stryk einslege omkring utan fast bustad. Til hus har dei lærtelt som dei ber på skuldrene. Dei har glatte treplanker festa under føtene (ein reiskap dei kallar ondur). Slik tek dei seg fram raskar enn fuglane med både kone og barn, medan dei jagar reinsdyr bortetter den samanpakka snøen og nedover fjellsidene.
Buplassen deira skifter etter som det er tilgangen på vilt som heile tida avgjer kvar dei kan jakte. Mengda med villdyr er endelaus, det finst bjørn, ulv, gaupe, rev, sobel, oter, mår og bever». Den ukjende forfattaren av den norske historia skriv at det i landet til det heidenske jegarfolket òg finst store mengder med ekorn og røyskatt. Av alle desse dyreskinna skulle samane kvart år betale «store summar i tributt til dei norske kongane som dei er underlagde»...
Illustrasjon henta fra Heimen nr. 1 - 2017. |
Illustrasjon henta fra Heimen nr. 1 - 2017. |
Kommentarer
Legg inn en kommentar
Skriv gjerne en kommentar!