Soria Moria II er ikke restriktiv

Bildet er henta frå Urop.no

 Torbjørn Kalberg

08.10.2009
Debattinnlegg i Utrop

Det er derimot Arild Rønsen, Erling Gjelsvik og Bjørgulv Braanen, mener forfatteren av dette innlegget som har gått gjennom Soria Moria II.

Erklæringa som gjeld for den neste fire­års­perioden til den raud­grønne regjer­inga vil snevre inn retten til asyl og kriminal­isere flyktningar. Når det gjeld politikken for inte­grering av innvand­rarar er det like­vel råd å peike på nokre posi­tive trekk. Dette er trekk inn­vandrar­org­anisa­sjonar kan teste ut i tida framover.

Regjeringserklæringa gjer det klart at alle “har rett til å prakt­isere religion og livs­syn etter eige ønske”. Alle religionar og livs­syn skal “ha rett til like­verdig statleg finans­iering”. Regjeringa vil støtte opp under lokal inn­sats på kultur­området. Ein må gå ut frå at dette også gjeld støtte til verk­semd som ikkje berre tek opp kultur­uttrykk frå det som er kalla “vår nasjo­nale kulturarv”.

Ønsker flerkulturelt samfunn

Erklæringa seier frå om at ein ikkje vil nå fram i inte­grerings­ar­beidet utan ein sterk velferds­stat. Regjeringa ser klart saman­hangen mellom polit­iske tiltak og inte­rer­ing: “Barne­hage­plass til alle, ein god off­ent­leg felles­skole, trygge helse og om­sorgs­tilbod, ein sosial boligpolitikk og ei mang­faldig kultur­satsing” er stikk­orda som vert trekte fram. Mangfaldig kultur­satsing må vel tyde at ein vil satse på meir enn “nasjonal kultur­arv” i snevraste for­stand. Erklæringa seier det “er grunn­leggjande positivt at Norge er eit fleir­kulturelt samfunn”. Regjeringa gjer ikkje nær­mare greie for kva som er så positivt med det “fleir­kulturelle”. Men ein må tru at organisa­sjonar som arbeider for å spreie opp­lysning om leve­måtar og språk mellom inn­vand­rarar kan vente seg off­ent­leg støtte til verksemda.

Erklæringa vil “gi fleire mogleg­heit til mors­måls­opp­lær­ing”. Det dreier seg altså om å gi fleir von om og utsikt til opp­lær­ing i eige mors­mål. Her har ein har for­stått at opp­læring i mors­mål er ein føre­set­nad for gode norsk­kunn­skapar. Når regjeringa i Soria Moria II hevdar “to­språk­leg­heit” er “ein ressurs i ei glo­bali­sert verd”, må dette få konse­kvensar for støtte til kulturelle aktivitetar også på andre språk enn norsk og nynorsk.

Majoran Vivekanathan starta nyleg ein debatt om kva som er politikken til den raud­grønne regjeringa når det gjeld off­entleg støtte til inn­vand­rarar. Han spør om det er eit mål for ei slik regjering å ta vare på og styrke identiteten til alle som bur i Norge utan omsyn til om dei alltid har hatt familie her i landet, eller om fleirtalet av slektningane deira finst andre stader i verda.

Rein demagogi

Arild Rønsen tok spørs­måla ille opp i den spalta han skriv ein gong for veka i Klasse­kampen. Slik han såg det skulle ikkje staten støtte organisasjonar som dreiv med bisarre særkrav som å krevje mors­måls­under­visning. Erling Gjelsvik i Bergensavisen følgte opp med at ein ikkje kunne gi støtte til å sementere “enklaver av rendyrket asiatisk eller afrikansk kultur på norsk jord i slekts­ledd etter slekts­ledd”. Dette er rein demagogi. Spørsmålet dreier seg sjølvsagt om det skal vere off­entlege støtte­ordningar for kultur­elle uttrykk som finst til ei kvar tid. Det har like lite for seg å la identitets­skapande arbeid mellomm inn­vandrarar vere ei opp­gave for frivillig dugnad som å la barne­hagar og sjukehus vere leikestuer for priv­ate velgjerarar.

Redaktør Braanen i Klassekampen meinte som Rønsen at innvandrar­ane sjølve skal ha ansvaret for å halde ved like språk og kultur. Han fell ned på eit stand­punkt som vert ein hyllest til korleis norsk­amerikanarar tok vare på tradi­sjonar frå heim­landet. Det er vel lite å hente ved å vise til ”the melting pot” i USA. Her visste ein heile tida at målet var å sikre seg ein bit av den ameri­kanske draumen. Den amerikanske ”self made man” har aldri vore eit ideal for den nord­iske velferds­staten.

Braanen mer restriktiv

Ved å lese slike ytringar får ein inntrykk av at det ikkje kan vere ei statleg opp­gave å nytte ressursar på tiltak som morsmåls­opp­læring og kultur­elle uttrykk som ikkje høyrer inn under den norske kultur­arven. Dei som meiner dette, har heldigvis eit syn som er meir restriktivt enn det som kjem fram i Soria Moria II. Regjeringa ser ut til å ha for­stått at det ikkje er råd å opp­nå målet med inte­grerings­poli­tikken om ein ikkje vil gi det offentlege øko­nom­isk ansvar for å styrke morsmål og ident­itet mellom inn­vandrarar.

Regjeringa ser i mot­set­ning til Rønsen og co ut til å meine at ulike minoritets­grup­per må verte støtta i å styrke eigen ident­itet. Ein må forstå regjerings­erklæringa slik når det vert hevda at slike tiltak vil fremme inte­greringa. Om ein vil ha betre inte­grering, må staten bidra med støtte til kultur som ikkje berre speglar delar av den røyn­dommen som finst i Norge i dag. Trua på at det finst noko ser­eige ur­norsk som skil seg frå ein så­kalla inn­vandrar­kultur er lite eigna til å styrke det samla kultur­mang­faldet. Ved berre å støtte det ur­norske er ein med på å ampu­tere heile spektret av mangfald.

Regjerings­erklæringa følgjer heldigvis ikkje opp invita­sjonen frå Rønsen om latter­leg­gjering av iranske folke­dansar. Ikkje noko tyder på at regjeringa meiner fleir­kulturelle uttrykk er ei privat opp­gave for spesielt interes­serte. Oppfatninga om at støtte til “ikkje-norske” kulturar hindrar inte­grer­ing har ikkje støtte i regjerings­erklæringa. Ein må tolke Soria Moria II som ein lov­nad om at det er ei off­ent­leg opp­gave å gi støtte til inn­vandra kultur på lik line med kultur som nokre fram­leis trur er nasjonal og derfor meir verne­verdig.

Torbjørn Kalberg


..........................................

Debattinnlegget ligger på
www.utrop.no




Kommentarer