Trugsmålet mot allmenningane

Henta frå https://www.researchgate.net/.

For femti år sidan hevda amerikan­aren Garret Hardin at ein­skild­indi­vid all­tid vil handle ut frå kort­sikt­ige, egoi­stiske int­er­es­ser. Bod­skapen var at der sen­trale styre­makter ikkje ver­nar miljøet, vert det drive rov­drift på res­surs­ane. På­standar om over­beite i slike verk­semder er vorte så van­lege at det etter kvart ikkje ein gong er naud­synt å gje prov for dei. Men er det verke­leg slik at pri­vat eller stat­leg kon­troll all­tid ver­nar best om interes­sene for felles­skapet?

Under andre verds­krigen var for­fattaren George Orwell skrib­ent i brit­iske aviser. Ein gong skreiv han at det fleire stader rundt om i London hadde vorte reist private gjerde og inn­hegn­ingar som hindra den frie ferd­sla. Ein inn­sendar kritiserte Orwell for ikkje å aner­kjenne priva­teige­domen. Dersom Orwell meinte priv­ate eig­arar ikkje skulle ha rett til å verne om eige­dom­ane sine, opp­moda han til tjuv­eri. Orwell svarte at inn­sendaren ikkje hadde teke seg tid til å sjå på kor­leis dei så­kalla eigar­ane fekk tak eige­dom­ane sine. Saka var at dei rett og slett tok dei med makt og i etter­tid fekk advo­katar til å gje dei skøyte. Desse eige­doms­tjuve­ria gjekk føre seg over ein peri­ode på fleire hundre­ år, heilt frå 1600-talet. Med tida fekk opp­deli­nga av all­menning­ane i private jord­stykke ei ideo­logisk grunn­gjeving. 

Libe­rale polit­ikarar meinte opp­del­inga var i sam­svar med syns­punkta til filo­sofar som John Locke om at berre aktivt per­sonleg ned­lagt ar­beid på marka skapte verdi­ar. At desse verdi­ane ikkje var skapte av gods­eigarane, men av tid­leg­are sjølv­stend­ige småbrukarar som no var nær­mast liv­eigne, spela inga rolle for ideo­log­ane i det euro­peiske opp­lysings­pro­sjektet. Dok­trin­ane deira om at jord uten pri­vat eigar­skap, ikkje var eigd av nokon, vart brukt for å sikre makt over om­råde som tid­legare var kon­trol­lerte av ur­folk som samar og indi­anarar. Den person­lege og individ­uelle sjølv­råde­retten ut­vikla seg i Europa på ei tid da nye sam­funns­grupper frams­tilte eigne sær­inte­resser som interes­sene til fleir­talet av be­folkninga. Opp­lysings­tida skapte problem for all­menning­ane og andre former for kollek­tiv råde­rett over jorda.

Rovdrift på ressursane

I ein artikkel frå 1968 reiste altså bio­logen Garret Hardin spørs­målet om ikkje ein­skild­indi­vid all­tid vil handle ut frå kort­siktige, ego­ist­iske inter­esser. Artik­kelen hans om «Tragedien med all­menning­ane» er vorte brukt av dei som vil privat­isere res­sursar som fram­leis er i ei form for felles­eige. Ved å hevde at for­valtarar av knappe res­sursar berre tek om­syn til eigne be­hov, er det gjen­nom­ført pri­vat­iser­ing eller stat­leg over­taking av om­råde som tradi­sjonelt har vore or­gani­serte av lok­ale organisa­sjonar som all­menningar. Grunn­gjevinga har vore at utan sen­trale styre­makter som har forstand på å verne miljøet, vil resul­tatet verte rov­drift på ressurs­ane som følgje av måten dei ein­skilde lokale eigar­ane for­valtar natur­rik­domen på. 

Når det gjeld dyre­hald har argu­menta­sjonen vore at felles­eigde o­mråde spreier sjuk­dom i bu­skapen. Ekspertar av ymse slag hev­dar hard­nakka at kollek­tive rettar over jord og dyr fører til over­beit­ing, og der­med øko­nom­isk ruin for alle. Pro­blemet er at Hardin ikkje skreiv om all­men­ningar, men om tenkte sys­tem utan regu­ler­ing av noko slag. All­men­ningar deri­mot har klare av­grens­ingar i bruk og eigar­rettar. Like­vel er det skapt ei tru på at all­menningar har fri til­gang for alle. Ein har for­veksla alle­manns­rett med all­menning som ei sær­skild eigar­form. I denne for­veks­linga er natur­ressursar som er opne for alle vorte dømde til øyde­legging. Euro­peiske ut­vik­lings­arbeidarar ser ofte for seg ein mot­setnad mel­lom natur og men­neske. Dei er prega av den opp­lysingsfilo­sofiske trua på men­nesket som eit vesen heilt skilt frå andre skap­ningar på jorda, anten det er dyr eller vekstar. I om­råde av verda der dette skiljet ikkje er så domi­ner­ande, har vest­lege ut­vik­lingstil­tak ført til kon­fliktar. Til­tak for å verne plante- og dyr­eliv sam­svarer ikkje all­tid med det dei lok­ale inn­byggar­ane opp­fattar som deira inter­esser. Vest­lege forsk­arar har urett­messig gjeve lokal­befolk­ninga skulda for ørken­spreiing og tørke.For å få lån frå Verds­banken har det sidan 1980-talet vore kravd at rett­ane til jorda må verte privati­serte. 

Privat eigar­skap er ein føre­setnad for å kunne ta opp lån og in­vest­ere i eige­domen. Privat­iseringa står så­leis i strid med felles ret­tar til jorda som har vore grunn­laget for dyre­hald og fangst. Op­retting av verne­om­råde som skog­reservat og nasjonal­parkar har ikkje har hatt posi­tive verkn­ader for dei som bur der. Folk har vorte tvinga til å flytte for å sikre vern av ressurs­ane og det er inn­ført for­bod mot beit­ing og jord­bruk. I Norge er på­stått over­beit­ing på Finn­marks­vidda halde fram som eit døme på det trag­iske med all­menning­ane. Det er politisk semje om å hindre at dei som driv med rein­drift gjer skade for seg sjølve, for stor­samfun­net og for kom­ande genersajonar fordi dei ikkje har vett på å verne om res­surs­ane. Miljø­vernarar, stats­til­sette byrå­kratar og pol­iti­arar har funne saman i synet om at det er for mange rein på vidda. Dette sams­temte koret har gjort det mog­leg å be­stemme at det skal være like mange rein på vidda kvart år. Slike av­gjerder er proble­matiske. Talet på reins­dyr er lite eigna til å verte styrt av polit­iske ved­tak. Det er ikkje mengda med dyr, men klimat­iske for­hold som be­stemmer kor mange dyr som kan over­leve på vidda om vinteren. 

På­standar om over­beite og urime­leg rein­drift er vorte så høg­lydte at ein ikkje lenger treng prov for kraft­ut­trykk om mang­lande dyre­vern og ego­ist­iske rein­eigar­ar. Ved sida av rein­drifta er fiske­ressursar i uregu­lerte hav­område ofte nemnde som uttrykk for det øyde­leg­gande ved felles­eigedom. Tanken er at der­som ingen jurid­isk person eig og kon­trol­lerer havet, vil alle som fiskar freiste ta opp så stor fangst som råd. Resul­tatet skal verte at fiske­ressurs­ane går tapt. Ein regu­lert eige­doms­rett, der bruken av res­surs­ane berre er til­gjenge­lege for styre­makt­ene eller nokre få, men store sel­skap kan lik­evel tyde enda større be­lasting på res­surs­ane. Ei slik regu­lering av eige­doms­retten dreier seg meir om ei om­for­deling av til­gang til verdi­ane enn om å sikre dei for fram­tida. Snakket om bere­kraftig bruk er nærmast skreddar­sydd for å dekke til at føre­målet med regu­leringa ikkje er å verne felles­goda, men å plyndre dei enno meir effek­tivt.

Statleg eller privat 

Ugo Mattei er italiensk jurist og retts­forskar. Han har drøfta inn­haldet i om­grepet om felles gode. Den domi­ner­ende opp­fatninga er at makt anten vert ut­øvd av ein­skild­menneske, av eit øko­nomisk føre­tak eller av staten. Staten herskar over eit land­område, pri­vate interes­ser tek seg av pri­vate gode eller mindre eige­domar. For Mattei er dette skiljet eit polit­isk og kult­urelt på­funn. Skiljet finst ikkje i røynda. Det er eit pro­dukt av den in­dividua­list­iske tenk­inga som kjenne­teiknar euro­peisk filo­sofi. Staten er ikkje lenger ut­trykk for ei demo­krat­isk saman­slutning av frie indi­vid. Staten er ein av mange ak­tørar på mark­naden. Saman­blandinga mellom stat­lege og pri­vate inter­esser har ført til at dei same per­son­ane eller organisa­sjonane ope­rerer på begge sider. Det er ut­vikla eit eige tekno­krati som har til opp­gåve å dekke til inn­haldet i denne makt­kon­sentra­sjonen. Den stat­lege suver­eni­teten og den pri­vate eige­domen har ein ident­isk struk­tur, seier Mattei. Private eig­arar og den mod­erne staten vert natur­lege alli­erte mot fel­les­eige­domen.Privat og stat­leg eige­dom vert like­vel halde fram som mot­sei­ingar. Ein trur staten og mark­naden er heilt av­heng­ige av kvar­andre. Meir stat­leg kon­troll tyder mindre pri­vat mark­nads­makt. Tanke­gangen er heilt låst fast i dette mønstret. 

Men tanke­gangen er feil. Mot­sei­inga mel­lom pri­vat og stat­leg er skapt av den lib­eralist­iske ideo­logien.Mattei viser til kor­leis det itali­enske kol­oni­styret over Somalia under Mussolini fjerna korall­reva uta­for Mogadishu slik at hamn­ene kunne ta imot store laste­skip. Slik skulle plynd­ringa av landet verte meir løn­samt. Digre slakt­eri vart bygde for å ta imot kjøttet frå somalisk kveg­produksjon. Det kol­oni­herr­ane ikkje tenkte på var at blodet frå slakteria også trekte til seg andre rov­dyr. Reinsk­inga av korall­revett gjorde kysten lett til­gjenge­leg for flokkar av svoltne haiar. Strend­ene i Mogadishu vart livs­far­leg far­vatn. Om italien­erane no skulle hindre hai­plagen måtte dei bygge store verne­anlegg. Verdi­ane av felles gode som korall­rev vert ofte ikkje for­stått før dei vert truga og må for­ny­ast. Det same gjeld for kom­mers­iell reke­produksjon i om­råde med mangrove­skog. Om ein fjernar slik skog vert om­rådet sår­bart for ekstreme vær­for­hold. For å be­skytte kyst­lands­byar mot tsun­amiar må ein bygge kunst­ige og svært dyre barri­erar. Først når stor­stormar, jord­skjelv eller tsunamiar skaper store øyde­leggingar, vert det klart kor viktig slik vegetasjon er.

Inngjerdingar og marknad

Felles gode som vatn, kunnskap, helse, energi og kultur­arv høyrer til be­folk­ninga som heil­skap, seier Mattei. Alle må kunne ha tilgang til dei utan vil­kår­lege av­grens­ingar frå staten eller mark­naden. Staten og privat­eige­domen er dei to grunn­leggande ut­trykka for den domi­ner­ande imper­ialistiske tanke­gangen i Vesten. Både privat­eige­dom og stat­leg herre­døme har til opp­gåve å sikre makt­kon­sentra­sjon på få hender. Alle moderne grunn­lover gjev garan­tiar for privat­eige­domen i kon­fronta­sjonar med den suv­erene staten. Når staten eks­prop­rierer privat eige­dom, har dei eks­prop­rierte krav på er­stat­ning. Når staten privati­serer fel­les­eigedom, deri­mot, vert ingen­ting gjeve att­ende til sam­funnet. Det libe­rale verdi­synet som kjem til ut­trykk i moderne lov­verk be­skytter ikkje of­fent­leg eige­dom som vert omgjort til pri­vat eige. I Norge gjekk ein fiske­båt­reiar til sak mot staten for­di han meinte den evig­var­ande råde­retten han hadde fått av ei tid­lig­are re­gjer­ing, vart gjort om av den neste. Rett nok fekk ikkje rei­aren med­hald i Høgste­rett. Det vik­tige her er like­vel at pol­it­ikarar utan vid­are kan privati­sere eige­dom som i uminne­lege tider har høyrt til be­folk­ninga som heil­skap, medan det vert rama­skrik om ei ny re­gjering vil gje denne eige­domen att­ende til felles­skapet. Privati­sering er tyde­leg­vis noko ei re­gjering kan drive gjen­nom utan mot­føre­stil­lingar. Til­tak for å bremse eller gjere om ein slik poli­tikk vert straks til ei sak for retts­vesenet. 

Allmenning som moteord 

Det er mogleg privat­eigedom ein gong hadde be­hov for vern over­for autori­tære og all­mekt­ige styre­makter. Men det klas­siske libe­rale vernet av privat­eige­domen over­for staten er ikkje lenger til­strekke­leg. All­menningsom­grepet er nær­mast vorte eit inn­halds­laust mote­ord nett som ‘bere­kraft’ og ‘grønt skifte’. Kol, olje, gass og fersk­vatn er natur­res­sursar som låg gøymde under jord­skorpa som ei anna skatt­kiste. Den moderne alli­ansen mellom jus, tekno­logi og øko­nomi gjorde det mog­leg å ut­vinne enorme rik­domar ein tid­leg­are ikkje hadde til­gang til. No kunne ein med eitt drive rov­drift på inn­haldet i dei løynde skatt­ane. 

I den koloni­serte delen av verda for­synte imperia­list­makt­ene seg lenge grovt av verd­iane som ur­folk rett­mes­sig skulle rå over. Etter at dei gamle koloni­eigar­ane for­melt måtte gje slipp på den totale kontrol­len, heldt dei fram med den grå­dige til­eig­ninga. Grepet om dei glob­ale skatt­kistene vart festa enno meir gjen­nom ut­vik­lings­hjelp og ek­sport av idear om å skape demo­kratiske retts­statar etter vest­leg mønster. Opp­fat­ninga om at det borgar­lege retts­sam­funnet utan vil­kår er føre­set­naden for eit kvart vel­fung­er­ande sosi­alt system er så ut­breidd og så lite ut­fordra at ho oft­ast berre pas­serar som eit udisku­tabelt dogme. 

Det er heva over tvil at alle prob­lem i verda skal og kan verte løyste på ein uhilda og kor­rekt måte gjennom ved­tak i dom­stolane, nasjo­nale eller inter­nasjo­nale. I sam­funn som repres­entantar for den vest­lege verda vil legge under seg, anten ved koloni­sering eller ved kultur­på­verknad, er mang­lande lov­verk nytta på same vis som manglande oversikt over eigedomstilhøve. Der det ikkje finst lover og registre som sam­svarar med vest­leg tradisjon, er det ingen hin­dringar mot å ta seg til rette. Be­folkninga i desse om­råda må verte opp­seda og sette under admini­strasjon. Dei mangler det den siv­ili­serte verda har og det er derfor i deira eiga inter­esse om landområda dei bur på vert teke over og in­vaderte. Euro­peiske ek­spertar vil ikkje sette seg inn i system som skil seg frå det dei sjølve er vande med. Dei seier at det ikkje finst lov og orden andre stader enn der dei vest­lege reg­lane har fått inn­pass.

Saman med antro­po­logen Laura Nader har Mattei skrive om natt­sida til dette van­lege bilet­et av retts­staten. Dei syner kor­leis til­vis­ingar til lov og rett vert nytta av vestlege land som orsaking for å halde fram med å plyndre ressursane i andre delar av verda. Samfunnsforskinga stør opp under terri­tori­ale krav frå statar og pri­vate saman­slut­ningar på eige­dom som tid­leg­are ikkje hadde hatt ein klar eigar. Slik forsk­ing er ikkje anna enn ideo­log­iske om­tolk­ingar. Eigar­skap til land og vatn er berre god­kjend om sær­skilde jurid­iske krav er til­freds­stilte. Uregi­strert eige­dom finst ikkje. Folk som lever under slike uorgani­serte til­høve har ingen rett på land og vatn. Krav om regi­strer­ing og regu­lering har med­verka til å vri eige­doms­for­holda enno meir i sam­svar med interes­sene til statar og organisa­sjonar som alle­reie på føre­hand var dei mektig­aste.

Rettsstaten som utplyndrar 

Det vest­lege retts­syst­emet har vore ein rei­skap for å få gjen­nom ut­plyndring av ei rekke område i verda. Mang­lande re­spekt for lov og rett har vore grunn­gjeving for inter­ven­sjon og krig­føring. Veike mot­stand­arar utan eit ut­vikla stats­system med lover og dom­stolar som i Europa og USA har vorte okku­perte slik at ein kan opp­dra dei til demo­krati og folke­styre. Snakket om retts­stat, at lova styrer, har til føre­mål å skjule at det ikkje er lova, men men­neska som rår. Det fins inga objek­tiv lov heva over sam­funnet. Lova må verte for­stått og god­teke for å vere verk­sam. 

Den ameri­kanske sosio­logen Silvia Federici viser til at også organ­isasjonar som Verds­banken og FN no snakkar om all­men­ningar. Verds­banken vart opp­have­leg danna for å gje mid­del til å bygge opp land etter øydeleg­ginga under andre verds­krigen. Etter kvart er mål­set­tinga å mot­verke fatti­gdom i verda. Dette dreier seg om ein kamp mot fattig­dom som stort sett går ut på å gjere land av­heng­ige av inter­nasjo­nale lån. Under dekke av å verne bio­logisk mang­fald og glo­bal felles­eige­dom, har Verds­banken gjort regn­skogar om til øko­log­iske reser­vat. Ord­lyden felle­seige tyder i denne saman­hengen privati­sering. Dei som har budd i regn­skog­ane og liv­nært seg der, vert for­viste og er­statta av folk som kan be­tale for ein ny og kost­bar øko­turisme. FN har på si side revi­dert det inter­nasjo­nale lov­verket som regu­lerer til­gangen til hav­om­råda slik at re­gjering­ar no kan hindre all­menn bruk av sjø­veg­ane. 

Dette er gjort under hen­vis­ing til kor vi­ktig det er å be­vare fel­les arv for heile menneske­slekta. Be­varing av arts­mang­fald har vore eit på­skot Verds­banken har nytta seg av for å endre eigar­struk­turen i regn­skogane. Argu­menta­sjonen er at etter som desse om­råda er opp­sam­lings­lager for kar­bon som heile jord­kloten må kunne nyte godt av, kan ein ikkje god­ta ego­istisk og kort­siktig drift av lokale grup­per utan naud­synte papir som viser at dei er rett­messige eig­arar. Økonomi­prisen til minne om Alfred Nobel gjekk i 2009 til den ameri­kanske stats­vitaren Ellinor Ostrom. Ho hadde gjennom ei år­rekke kriti­sert tenk­inga om at folk i lokale kol­lektiv ikkje kunne løyse kompli­serte problem. Ho dokumenterte at ver­ken privat eller offent­leg regu­lering gjev betre svar på inn­fløkte øko­nomiske ut­ford­ringar. Forsk­inga hennar gjorde det klart at lokale styrings­former bas­ert på fri­vil­lig sam­ar­beid er meir effek­tive enn både pri­vat og stat­leg styring.

Henta frå https://www.researchgate.net/.

Falsk førestilling 

Lokale for­valt­ings­kol­lektiv treng ikkje man­dat frå stor­sam­funnet. Gjen­sidig til­lit mellom del­takar­ane gjer for­valt­inga effek­tiv. Økt byrå­krati­sering og inn­før­ing av mark­nads­øko­nom­iske mod­ellar, svek­ker løn­semda. Re­gjeringar gjer ikkje all­tid ein betre jobb enn bruk­arane når det gjeld å organi­sere og be­skytte vik­tige ressursar. Ostrom viser til at ris­produk­sjonen kan vere høgre der bønd­ene sjølve har styr­inga. Vatn­for­syninga er meir likt for­delt og ut­styret i betre stand enn der styre­maktene står for organi­seringa.Med artik­kelen frå 1968 skapte Hardin eit bil­ete der brukar­ane av all­men­nings­res­surs­ane var låste fast i ein evig­var­ande trag­edie med over­for­bruk og øyde­leg­ging. 

Opp­fatninga om at all­men­ningar ikkje hadde eig­arar har gjort det lett for styre­makt­ene å på­stå at lok­ale bruk­arar øyde­legg res­surs­ane. Det er skapt eit polit­isk klima der det vert mog­leg å gjen­nom­føre store end­ringar i bruks­retten av all­menningane. På­standar om at uopp­lyste bruk­arar trugar uregu­lerte eige­domar er nytta for at stat­lege og store pri­vate organ­isa­sjonar skal legge under seg sta­dig nye land­område. Det finst ei tru på at rasjo­nell plan­legging skal løyse sosi­ale og miljø­mes­sige pro­blem. Det er ut­vikla ein poli­tikk som tek ut­gangs­punkt i at lok­ale inn­byg­garar ikkje er i stand til effek­tiv styr­ing og drift av skog, vatnres­sursar, jakt og fiske. I mange land er kon­trol­len over natur­res­surs­ane gjeve over til eit nasjo­nalt byrå­krati. Desse ekspert­byrå­krat­ane har til opp­gåve å finne fram til verk­nads­fulle og effek­tive måtar å gjere seg nytte av natur­res­surs­ane på. Etter dette synet har ikkje van­lige folk n­ok kunn­skap til å over­vinne miljøproblema. 

Dei vert redu­serte til pas­sive ob­serva­tørar, medan profesjon­elle plan­leggar­ar er all­vit­ande ve­lgjer­arar. Trua på at sen­trale kon­tor skal ut­forme detalj­erte for­skrifter er bas­ert på ei falsk føre­stil­ling om at berre ek­spertar kan ta for­nuft­ige val. Ostrom av­viste denne tenk­inga. Det finst ikkje sann­ingar som berre profe­sjon­elle plan­leggar­ar kjen­ner til, sa ho. Forsk­inga hennar stør ikkje trua på hjelpe­lause indi­vid­stengde inne i sosiale dilemma. Folk som er av­heng­ige av ein fel­les res­surs, opp­trer ikkje slik at dei øyde­legg for felles­skapet. Når folk kom­muni­serer di­rekte med kvar­andre, and­let til and­let, vert dei stort sett ein­ige om fel­les fram­gangs­måtar som dei også ret­tar seg etter i praksis.Tesen til Garrett Hardin om trag­edien ved all­men­ning­ane har gjeve nær­ing til den blinde trua på kor for­treffe­leg den pri­vate eige­doms­retten er, og para­dok­salt nok, ein til­svar­ande naiv syns­måte der stat­leg sty­ring all­tid vert svaret på prob­lem med å for­valte natur­res­surs­ane. I mot­set­ning til trag­edie­tenk­inga kan ein hevde at mange og små bruk­arar i eit uregu­lert fel­les­skap, tek meir, og ikkje mindre, om­syn til res­surs­ane enn store eig­arar, anten dei er pri­vate eller of­fent­lege.

Torbjørn Kalberg,

sosiolog, tokalb@ broadpark. no

Litteratur:
Federici, Silvia (2011) Feminism And the Politics of the Commons The Commoner 14 http://www.commoner.org.uk/wp-content/uploads/2011/01/federici-feminism-and-the-politics-of-commons.pdf Hardin, Garret (1968) Tragedy of the Commons Science. Mattei, Ugo og Laura Nader (2008) Plunder When The Rule of Law is Illegal. Malden.

....................................................
Samme artikkel og flere artikler
 ligger på nettstedet Reseachgate

Kommentarer