NORDISK BUREISARKOLONIALISME


DEBATT

NORDISK BUREISARKOLONIALISME
Thorbjørn Kalberg, tokalb@icloud.com

Sosiologen Per Otnes hevda i 1970 at fram­ferda til den norske staten and­synes sam­ane ikkje skilde seg frå andre kol­oni­makter (Otnes, 1970). Han har vore nok­så ein­sam om denne opp­fat­ninga. His­tor­ikarar av­viser at sam­funns­ut­vik­linga i nord har vore som i kjende kol­oni­statar. Nord­iske land har lagt sam­iske om­råde under seg som ein heilt van­leg del av konge­dømma deira og har aldri hatt eit ut­talt pro­gram om kol­oni­sering (Moseng mfl., 2003). Ei svensk ut­grei­ing slo i 1986 fast at Sverige ikkje var kol­oni­stat (sou 1986: 36, s. 164). Kol­on­ial­isme er nem­leg er­ob­ring av fram­and land, det må vere hav av salt­vatn mel­lom kolo­nien og moder­landet (Fur, 2013, s. 25– 26). Det er brot­sverk andre nasj­onar gjorde seg skuld i. Norden har kriti­sert slike brots­verk og stått opp for dei under­trykte (Andersson Burnett; Höglund, 2019,s. 1). 

Denne artik­kelen viser til fleire døme der Noreg og Sverige står fram som kol­oni­statar. Skandi­navisk konge­makt kjempa i hundre­år for herre­dømme over samisk land. Jur­istar ut­vikla teo­riar som under­trykte samisk kul­tur. Norske og svenske styre­makter tok på 1920-talet eige­dommar frå sam­iske fam­il­iar og tvangs­sende dei frå heim­ane deira. For­bod mot ande­jakt i Kauto­keino og fiske i Tana­elva hind­rar tradi­sjon­ell fangst. Stor­tings­fleir­talet krev tvangs­slakt­ing av reins­dyr. Re­gjer­inga sabo­terer ved­tak i Høgste­rett som gjev samar med­hald i at vind­kraft trugar rein­drifta. Kolo­nial verds­ordning. I fleire hundre­år tevla Danmark-Noreg og Sverige om kon­trol­len over huder og skinn, edel­steinar og perler. Bygg­inga av Vardø­hus fest­ning i starten av 1300-talet reiste eit norsk grense­merke mot aust som sam­stundes sikra kon­troll over sam­ane (Pedersen, 1994, s. 18). Om­rådet rundt Varanger­fjorden hadde ei stor samisk be­folk­ning. Ned­gangs­tida for norsk stats­makt etter svarte­dauden gjorde at russ­isk og svensk på­verknad styrkte seg. Rival­isering mel­lom danske, svenske og rus­siske stats­einingar vaks fram på nytt som følgje av leit­inga etter nye han­dels­ruter i Nordis­havet. Kristian IV sigla i 1599 ein stor flåte langs kysten av Finn­mark mot Kola­halvøya for å mark­ere makt og styrke. 

Det vart danna mili­tære og kyrkje­lege koloni­sta­sjonar som skulle verke av­skrekk­ande over­for rus­siske og svenske styre­makter. Svenske Karl IX skaffa fram kart der Sverige var hovud­makta i nord. Kristian IV teikna kart der Finnmark og Kola var under dansk herre­dømme (Hagen, 2004). Ei freds­stift­ing i 1613 sikra dansk-norsk kon­troll over kyst­om­råda. Grense­regu­leringa i 1751 ut­vida det norske terri­toriet med indre Finn­mark som del av landet. Den jur­idiske grunn­gjev­inga for at skandi­naviske statar sikra seg samiske om­råde, låg i aner­kjenn­inga av samisk eige­dom. Tillegget til grense­avtala, lappe­kodi­sillen, stad­festa retten sam­ane hadde på føre­hand. Hundre år sein­are akta ikkje styre­makt­ene eige­doms­former som bas­erte seg på hevd og sed­vane utan statl­eg god­kjen­ning og regi­strer­ing. Nasjo­nal­staten som mål på vel­lukka sam­funns­ut­vik­ling er­statta like­verdet mellom folke­slaga. Mine­ral­rik­dom i samisk om­råde bana veg for ei kolo­ni­al verds­ordning. Stor­makt­ambi­sjon­ane til dei skan­di­nav­iske stat­ane kvilte på samisk natur­kunn­skap. Kristian IV opp­moda til å leite etter metall. Det vanka finnar­lønn om ein fann noko, straff om ein ikkje sa frå. I 1644 vart det sett i gang koppar­drift på Røros. I 1752 ga danske­kongen ti år med skatte­fritak til dei som ville dyrke nytt land i Noreg (Tronstad, 1981, s. 12). I Sverige fekk ny­byggar­ar fritak frå mili­tær­ten­esta, skatte­fridom, så­korn og til­skot til dyre­hald. Samar fekk på­bod om å selje varer til gruv­everk­semd­ene og å ut­føre tran­sport­ar­beid (Nordin & Ojala, 2017). Ord­ninga vart gjen­nom­ført på same viss om ut­skriv­ing av sol­datar til krigs­ten­este. Dei som rømde, vart jaga som laus­gjeng­arar og fengsla (Naum, 2018, s. 10–11). Gruve­drifta gjorde det mog­leg å fin­ans­iere slave­hald og plan­tasje­drift. Koppar frå Røros vart sendt med skip frå Trond­heim til Amster­dam. På 1700-talet var skatten frå Røros over halv­delen av skatte­inntekta for Noreg (Sprauten, 2008, s. 61). Sverige produ­serte meir enn halv­parten av kopparet i verda. Svenske verks­emder lagde maskin­ar og ar­beids­rei­skapar til plan­tasj­ane i dei nord­ameri­kanske koloni­ane. 

Urørt land

Den australske sam­funns­vit­aren Patrick Wolfe skreiv om fri­gjer­ing frå kol­onial under­trykking (Wolfe, 2006). Om ny­byggar­ar tek over landet til ei be­folk­ning, er dette bu­reisar­kolo­nial­isme, anten dei er lang­vegs­far­ande eller ikkje. Målet er å skifte ut den opp­have­lege folke­set­naden med eigne ny­bygg­arar. Det gamle koloni­sys­temet tok slutt da kolo­ni­ane vart sjølv­stend­ige. Bur­eisar­kolo­nial­ismen har ingen slutt. Bu­reisar­ane kjem for å verte verande. Urfolk vert sende i reservat eller flytte bort frå heims­taden for å gje plass for nye bu­reisarar. Det ein­aste dei treng å gjere for å vere til bry, er å halde seg der dei høyrer heime. 

Bu­reis­aren er veg­visar til urørt land. Bur­eisar­ane kan, som i Australia, vere ny­byggar­ar frå andre sida av kloten. I Skandi­navia tok dei over land­skapet litt etter kvart. Føre­still­inga om noko auds­leg, at noko er vill­mark, er driv­krafta i bu­reisar­kolonial­ismen. Samisk land er fram­stilt som «kvite flekkar» på kartet (Lien, 2018). Bu­reisar­for­stå­inga deler verda inn i styr­ande og styrte, dei som har ein stat, og dei som berre finst, hulter til bulter på jord­flata. Freds­slut­ninga etter tretti­års­krigen på 1600-talet skapte den mod­erne nasjonal­staten med rom berre for eitt folk. Alle som bur innan­for grens­ene for eit land, må vere ein inte­grert del av stats­makta. Sjølv­stendet til folk utan nasjonal­stat vert truga av bu­reisar­styret. For å bøte på mang­lande samisk stats­makt er det opp­retta same­ting og sær­skilde for­valt­ings­om­råde. 

Dei skandinaviske statane er likevel ikkje i stand til å ta vare på inter­essene til samane som ur­folk. Sen­tral­makta tek ikkje sam­iske rep­resen­tantar med på råd, kallar dei ikkje inn til møte der ved­tak vert fatta, jam­vel om a­vgjerd­ene på­verkar samisk kvar­dag. Same­tinga er råd­gjev­ande organ utan reell makt. Dei får øko­nomiske middel for å organi­sere poli­tikken til stat­sein­ingane. Etter opp­hevinga av apar­theid sette Sør-Afrika ned ein kommi­sjon for sanning og forsoning. Ei canadisk gransk­ing gjorde i 2015 styre­maktene an­svarlege for overgrep mot inuitar og indian­arar. I Noreg opp­nemnde Stor­tinget i 2018 ein kommi­sjon som skal granske er­faringar samar har hatt i møte med for­norskings­poli­tikken. 

Det samiske kyrkje­rådet seier denne poli­tikken ikkje berre førte til tap av språk og kultur­ell skam. Han førte til «bort­defi­nering av sam­iske lan­drettig­heter, ned­toning av samisk selv­bestemmelse og syste­matisk opp­løsning av samiske lokal­samfunn» (Samisk kirkeråd, 2020). Kommisjonen tek ut­gangs­punkt i at under­trykkinga er eit av­slutta kapittel. I Sverige er det òg arbeidd med å for­like samar med stat­leg urett. Om ein skal få til for­soning, må ein ta inn over seg at det finst ei bu­reisar­kolonial­istisk historie. Utan ei slik for­ståing kan for­son­ings­kommi­sjonane styrke og ikkje svekke bur­eisar­kolonial­ismen. Opp­gjeret med for­norsking og for­svensking kan vanske­leg føre fram om ikkje poli­tikken vert sett som del av eit kolo­nial­istisk system (Össbo, 2020, s. 423). 

Naturmenneske

Staten får ikkje rett over jorda ved å ut­rope seg til eine­herskar. Juristar utvikla teo­riar om at dei som bur i område bur­eisar­staten la under seg, ikkje hadde slike rettar på føre­hand (Ostrom, 2010 s. 650). I det nye stats­veldet etter opp­lysings­tida var det berre privat­eigedom som gav rett til å eige noko (Tuori, 2015). Ikkje noko kunne vere privat eige­dom om det ikkje vart ut­trykt på eit papir gjeve av styre­makta. Den verke­lege eigaren over område utan lovlege papir var etter dette synet staten. Staten kunne gje dei som nytta jorda til næringsføremål, rett til å halde fram med dette. Men da kunne òg staten ta retten til­bake (Gjelsvik, 1919, s. 113–114). Fram til 1800-talet gav retts­praksis sam­ane lik rett over eige­dommane deira som jord­bruk­arar. På­standar om at privat eige­dom er ukjend i samisk retts­opp­fat­ning, gjorde at praks­isen vart endra (Tønnesen, 1972). I røynda eigde samiske familiar jord­områda dei nytta til jakt og fiske og rein­drift (Kuok­kanen, 2020b, s. 299). Før skandi­nav­iske jord­bruk­arar fann vegen mot nord, fanst døme på korn­dyrk­ing isamiske om­råde (Bergman & Hörnberg, 2015). 

Eit verk om samisk historie frå 2021 drøftar ikkje om privat­eigedom høyrer til i samisk rett (Andresen mfl., 2021). Mytane om det eigedoms­lause folket er framleis levande. For­dommar om at samar har eit sær­eige til­høve ikkje berre til eige­dom, men òg til land­skap og dyre­liv, bidrar til frams­tillinga av samar som natur­menneske. Ved å gjere samar til andre menneske enn bure­isar­ane gjer ein nett det bur­eisar­staten vil. Bu­reisar­kolo­nial­ismen ser seg sjølv som noko dag­leg­dags. Bu­reisar­ane vert det nor­male, sam­ane er noko uvant, dei høyrer heime i ei anna tid eller verd. Dei er unatur­lege fordi dei liknar meir på natur. 

I Sverige vart det ut­vikla eit organ for å ta seg av det samiske natur­folket. Det såkalla lapp­vesenet hadde futar som regu­lerte livet på detalj­nivå. Samar høyrde heime i fjell­heimen som andre dyr og planter. Dei skulle gå kledd i sine gamle drakter både til fest og i kvar­dagen. Same­lua skulle vere raud med blå render for kvinner og blå med raude render for menn. All fram­and på­verknad var ein uting (Andersson Hjulman, 2017, s. 52). Systemet stengde ute samar med fast bustad. Samar vart berre dei som heldt til i eit nomadisk fel­les­skap. Rein­drifts­lova frå 1928 bestemte at kvinner som gifta seg med ein som ikkje var rein­driftsu­tøvar, ikkje lenger var same (Prop. 1928: 43, §1). Semja mellom norske og svenske styr­emakter om ein rein­beite­kon­vensjon i 1919 gjorde at samiske familiar vart frå­teke eige­dommane sine langs kysten i Troms og tvangs­flytta lenger sør i Sverige (Labba, 2021). Norske styre­makter hadde pressa «på for å redu­sere beite­områd­ene». Sverige viste til slutt «etter­givenhet over­for norske krav». Store delar av Troms vart «fri­gjort» (nou 1984: 18, s. 195). 

Tvangstiltak

Tvangstiltaka syner seg på fleire vis. Folk i nord­om­råda har drive med jakt på ender og gjess på vår­vinteren. På 1950-talet vart jakta for­bode i Noreg. Kommune­styret i Kauto­keino hevda forbodet braut med retts­reglane i lappe­kodisillen. Tradisjonen med vår­jakt hadde gått føre seg før norsk stats­forvalting vart innført. I 1988 trassa kommune­styret styre­maktene og gav inn­byggar­ane rett til å jakte. Ordf­øraren klaga til miljø­vern­min­isteren om at jegerar var trakass­erte av «store politi­styrker og bruk av helikopter og hunder» (Lodden­utvalget, 2021 s. 64). Fram til 2023 er det lov å jakte, men berre i Kauto­keino, og berre for dei som har budd her meir enn fem år. Kvota er 150 ender i året. Jakta er av­grensa til 10 dagar i mai og juni. Jakta i Kauto­keino om­fattar under 1 % av ender som vert skotne i Noreg. Miljø­vern­departe­mentet meiner like­vel samisk vår­jakt fører til tap av natur­mang­fald, og er i strid med mod­erne for­valtings­prinsipp. Tana­elva er grense­elv mellom Noreg og Fin­land. På slutten av 1800-talet vart det for­bod mot lyst­ring og bruk av garn tvers over elva. Samar som var bu­faste gard­bruk­arar, fekk rett til nett­fiske og kom­mers­ielt sal av laks. Dei vart kalla «laksbrev­haldarar» og måtte bu mindre enn to kilo­meter frå elva og ha ei høy­avling på minst 2000 kilo om året (Ween, 2012). Samiske fiske­måtar med ulike garn vart sterkt regu­lerte. Ein kunne berre fiske i korte peri­odar kvart år. På finsk side vart det i 1953 seld under 600 dags­kort for fiske. Ti år sein­are hadde talet auka til over 2000. I 2013 vart det seld over 33 000 dags­kort. Turist­fisket tok opp til 40 % av fisken som vart fanga (Holmberg, 2018, s. 47). 

Ulike syn på verda

I vest­leg his­torie­opp­fat­ning er det skrift­lege ned­teik­ningar som av­gjer om eit folk har ei hist­orie. Munn­lege tradi­sjonar er ikkje full­verdige. Vest­leg vit­skap ser seg sjølv som ob­jek­tiv sanning, kunns­kapen til ur­folk er over­tru. Men all kunn­skap bygger på er­far­ingar folk skaffar seg gjen­nom verk­semd der dei bur og lever. Kunn­skap er delt med og vert til i sam­liv med andre. Han er ikkje stat­isk, men end­rar seg heile tida. Det er det som gjer han tradi­sjons­bunden. Kunn­skap vert testa gjen­nom prøv­ing. Han vert ført vid­are om han gjev resul­tat, og for­kasta om resul­tat ikkje kjem eller vert ann­leis enn venta. Forsk­arar som ikkje har tru på anna enn mål­bare til­høve, nektar for at ulike syn på verda kjem fram i usemje om tal og stati­stik­kar.Bio­logar som seier rov­dyr er ein natur­leg og naud­synt del av øko­sys­temet, seier sam­stundes at mennesket ikkje høyr­er til her. Dei bryt med opp­fat­ninga om sam­liv og ein­skap mel­lom menneske og natur (Holmberg, 2018, s. 50). Der­som res­surs­for­valt­inga held fast på eit skilje mel­lom natur og kultur, er det uråd å kome fram til løys­ingar som er bere­kraftige i verke­leg for­stand (Joks, 2015). Om fiske­be­standen går ned, kan det skuld­ast åtak på små­laks frå andre fiske­slag og frå dyr det ikkje vert jakta på, som ender, oter og sel. 

Det kan ikkje utan vid­are vere rett å seie at over­fiske skuld­ast tradi­sjon­elle fangst­metodar (Holmberg, 2018, s. 53). Like­vel la styre­makt­ene i 2022 ned for­bod mot jam­vel tids­av­grensa fiske i Tana­elva med tradi­sjonelle rei­skapar. Trua på at samisk næring ikkje tek om­syn til naturen, gjeld òg i rein­drifta. Det er fleir­tal i Stor­tinget bak påstandar om over­beite. Men talet på dyr er ikkje eigna som grunn­lag for polit­iske ved­tak. Det finst ikkje sann­ingar som berre profe­sjon­elle plan­legg­arar kjenner til (Ostrom, 2010). Forsk­ing viser at rein­beite bidrar til å bremse opp­varm­inga av jord­kloten (Vassnes, 2022). Likevel vert av­gjerder om tvangs­slakt­ing tekne med til­vis­ing til bere­kraft. Å ta frå ur­folk retten til å rå over jorda fordi retten deira må vike for felles­skapet, er ein del av koloni­systemet (Össbo, 2014). Norsk Høgste­rett kom i 2021 fram til at det var ulov­leg å reise vind­kraft­an­legg der sam­iske rein­drift­arar hadde beite­marker for dyra.

Regjer­inga bøygde seg ikkje for Høgste­rett. Når det gjeld ur­folk, er ikkje lova noka å respekt­ere. Dei som er mot vind­kraft, vert til tals­pers­onar for sær­inter­esser, mens ut­bygga­rar kjempar for felles­skapet. Bur­eisar­kolo­nial­ismen skyv natu­rvernet fram­for seg (Kuokkanen, 2020a). I Nord-Sverige auka talet på vind­kraftverk frå 48 i 2003 til 704 i 2014 (Kløcken Larsen mfl., 2016, s. 13). Argument om at tiltak er til beste for sam­funnet som heil­skap, vert snudd mot dei som tiltaka går utover. Samiske inter­esser må vike for grøn tekno­logi. 

Referansar

Andersson Burnett, L., & Höglund, J. (2019). Introduction: Nordic Colonialisms and Scandinavian Studies. Scandinavian Studies, 91(1–2), 1–12. https://doi.org/10.5406/scanstud.91.1-2.0001 Anderssson Hjulman, T. (2017). Ett med naturen: En studie av hur naturen omförhandlades i mellankrigstidens konflikter mellan naturskydd och samiska rättigheter. Luleå tekniska universitet. Andresen, A., Evjen B., & Ryymin, T. (red.). (2021). Samenes historie fra 1751 til 2010. Cappelen Damm Akademisk. Bergman, I., & Hörnberg, G. (2015). Early Cereal Cultivation at Sámi Settlements: Challenging the Hunter–Herder Paradigm? Arctic Anthropology, 52(2), 57–66. https://www.jstor.org/stable/ 26449415 Fur, G. (2013). Colonialism and Swedish History: Unthinkable Connections? I M. Naum og J.M. Nordin (red.), Scandinavian Colonialism and the Rise of Modernity: Small Time Agents in a Global Arena (s. 17–36). Springer Verlag New York. Gjelsvik, N. (1919). Norsk Tingsret. Forelæsninger. Nikolai Olsens Boktrykkeri. Hagen, R.B. (2004). Kong Christian IVs tokt til det ytterste nord i 1599 – Bakgrunn og konsekvenser. I R. Blix Hagen og P.E. Sparboe (red.), Kongens reise til det ytterste nord (s. 1–28). Universi­tets­biblioteket i Tromsø. Holmberg, A. (2018). Skuvlaalbmá Áslat Niillas Áslat. Bivdit Luosa – To Ask for Salmon. Saami Traditional Knowledge on Salmon and the River Deatnu: In Research and Decision-making [master­avhandling]. Universi­tetet i Tromsø. Joks, S. (2015). «Laksen trenger ro»: Tilnærmingt il tradisjonelle kunnskaper gjennom praksiser, begreper og fortellinger fra Sirbmá-området. Universitetet i Tromsø. Kløcken Larsen, R., mfl. (2016). Kumulativa effekter av eksploateringen på renskötselen – vad behöver göras inom tilståndsprocesser. Naturvårdsverket Rapport 6722. Kuokkanen, R. (2020a). The Deatnu Agreement: A contemporary wall ofsettler colonialism. Settler Colonial Studies, 10(4), 508–528. https://doi.org/10.1080/2201473X.2020.1794211 Kuokkanen, R. (2020b). Reconciliation as a Threat or Structural Change? The Thruth and Reconciliation Process and Settler Cononial Policy Making in Finland. Human Rights Review, 21(3), 293–312. https://doi.org/10.1007/s12142-020-00594-x Labba, E.A. (2021). Herrene sendte oss hit: Om tvangsflyttingen av samene. Pax. Lien, S. (2018). Performing academic Masculinity in the Arctic: Sophus Tromholt and Roland Bonaparte’s photographic accounts of Sámi peoples and Northern landscapes. Journal of Aesthetics & Culture, 10(4), 1–18. https://doi.org/10.1080/20004214.2018.1498677 Lodden­utvalget. (2021). Lodden – en kulturbærende sedvane i Guovdageaidnu. En utredning om lodden i Guovdageaidno. April 2021. Moseng, O.G., Opsahl, E., Pettersen, G., Sverdrup, I., & Sandmo, E. (2003). Norsk historie 2: 1537– 1814. Universitetsforlaget. Naum, M. (2018). The Pursuit of Metals and the Ideology of Improvement in Early Modern Sápmi, Sweden. Journal of Social History, 51(4), 784–807. https://doi.org/10.1093/jsh/shx011 54 Nordin, J.M., & Ojala, C.G. (2017). Copper worlds: A historical archaeology of Abraham and Jakob Momma-Reenstierna and their industrial enterprise in the Torne River Valley, c. 1650–1680. Acta Borealia, 34(2), 103–133. https://doi.org/10.1080/08003831.2017.1397397 NOU 1984: 18. (1984). Om samenes rettsstilling. Justisdepartementet. Ostrom, E. (2010). Beyond Markets and States: Polycentric Governance of Complex Economic Systems. American Economic Review, 100(3), 641–672. https://www.jstor.org/stable/27871226 Otnes, P. (1970). Den samiske nasjon. Pax. Pedersen, S. (1994). Bruk av vann og land i Finnmark i historisk perspektiv. I NOU 1994: 21. Justisog politidepartementet. Prop. 1928: 43. (1928). Kungl. Maj:ts ‘proposition till riksdagen med förslagtill lag omde svenska lapparnas rätt till renbete i Sverige m. m. Samisk kirkeråd. (2020). Arbeid med sannhet og forsoning. Ressurshefte for menigheter. SOU 1986: 36 (1986). Samernas folkrättsliga ställning. Justitiedepartementet. Sprauten, K. (2008). I dørtrekken fra Europa: Røros kobberverk på 1700-tallet. I Årbok for NordØsterdalen, 27 (s. 56–66). https://dms-cf-08.dimu.org/file/0331uxoSv2HN Tronstad, R. (1981). Finnmarkshandelen i 1680-åra. Universitetet i Oslo. Tuori, K. (2015). The theory and practice of indigenous dispossession in the late nineteenth century: the Saami in the far north of Europe and the legal history of colonialism. Comparative Legal History, 3(1), 152–185. https://doi.org/10.1080/2049677X.2015.1041732 Tønnesen, S. (1972). Retten til jorden i Finnmark. Universitetsforlaget. Vassnes, B. (2022, 17. november). Teknologi og klimaregnskap. Klassekampen, s. 19. Ween, G.B. (2012). Resisting the Imminent Death of Wild Salmon: Local Knowledge of Tana Fishermen in Arctic Norway. I C. Carothers, K.R. Criddle, C.P. Chambers, P.J. Cullenberg, J.A. Falls, A.H. Himes-Cornell, J.P. Johnsen, N.S. Kimball, C.R. Menzies, & E.S. Springer (red.), Fishing People of the North: Cultures, Economies, and Management Responding to Change (s. 153–171). Alaska Sea Grant. https://doi.org/10.4027/fpncemrc.2012 Wolfe, P. (2006). Settler colonialism and the elimination of the native. Journal of Genocide Research, 8(4), 387–409. https://doi.org/10.1080/14623520601056240 Össbo, Å. (2014). Nya vatten, dunkla späglingar: Industriell kolonialism genom svensk vattenkraftutbyggnad i ränskötselsområdet 1910–1968. Umeå universitet. Össbo, Å. (2020). Från lappmarksplakat till anläggarsamhällen: Svensk bosättarkolonialis gentemot Sápmi. Historisk tidskrift, 140(3), 420–443.

Kommentarer