Negerlandsbyen i Frognerparken i 1914.Negerlandsbyar og moderne utviklingsteoriav Torbjørn Kalberg materialisten 4-14 moderne utviklingsteori |
Menneskeutstillingar var mykje nytta i glanstida til kolonialismen. Små og store grupper av folk frå eksotiske land vart viste fram som kuriositetar for eit nysgjerrig publikum på europeiske sirkus av ymse slag. Slik skulle ein vise kor storslåtte dei siviliserte var i høve til villmenn i merkelege kostyme eller utan klede i det heile. Etter kvart vart slike framsyningar eit for ope teikn på undertrykking av folk i den tredje verda. Førestillingane om dei store skilnadene på primitive folkeslag og avanserte kultursamfunn måtte finne andre uttrykksmåtar. Eg vil innleie denne artikkelen med å gje eit lite riss av desse menneskelege dyreparkane. Deretter vil eg argumentere for at fleire moderne utviklingsteoriar fører vidare tradisjonane bak ideen om negerlandsbyane.
Menneskeutstillingar på rekke og rad
I samband med grunnlovsjubileet i 2014 skapte kunstnarane Fadlabi og Cuzner debatt om «kongolandsbyen» i Frognerparken. Dei vart møtte med skuldingar om at dei blåste liv i hundre år gamle fordommar. I Frognerparken i Kristiania vart det i 1914 halde ei jubileumsutstilling for å feire grunnlova av 1814. I eit hjørne av utstillinga vart det tilverka ein «negerlandsby». Heilt sidan den første verdsutstillinga i London i 1851 hadde det vore vanleg å stille ut «usiviliserte folkeslag» som del av programmet på messer om moderne handel og industri.
I Paris vart det i 1889 halde ei stormønstring for å minnast den franske revolusjonen. I Chicago feira ein i 1893 at fire hundre år hadde gått sidan Columbus starta invasjonen av Amerika. Utstillinga i 1904 i St. Louis markerte hundreårsdagen for overtakinga av det store landområdet Louisiane, som amerikanarane kjøpte frå Frankrike i 1804. På desse utstillingane vart folk i Europa og usa kjende med nye oppfinningar som elektrisitet og pariferhjul, Eiffeltårnet, tyggegummi og det på litt over 50 år, frå 1877 til 1931, organisert meir enn 40 folkeutstillingar med inuittar, kosakkar, nubiarar og ashantikrigarar. Sirkus Hagenbeck gjesta Oslo i 1929 med 25 svarte somaliarar og 20 indarar frå Sri Lanka. I Italia viste fasciststyremaktene fram nyerobra innfødde frå AustAfrika, så seint som i 1940.
I utstillingane av primitive folkeferd var det viktig at dei innfødde såg krigerske og ville ut. Slike gjorde størst suksess. Utstillingane gjorde fantasifulle historier om menneskeleg utvikling til allemannseige. Menneskeframsyningane i omgjevnader som anten var reine zoologiske hagar eller likna på ein, styrkte den kolonialistiske ideologien om kor overlegne europearane var i eitt og alt. Sivilisasjonen trengde seg fram med kjempesteg og gjorde slutt på barbariske levesett. Tilskodarane forstod at primitive villmenn hadde valet mellom å la seg kolonisere eller gå under.
Diverre er ikkje slike menneskeutstillingar berre spørsmål om historie. Opplysingstida skapte trua på vestleg kultur som grunnlaget for rettferdig styresett og vørdnad for dei universelle menneskerettane. Framleis vert innfødte frå små samfunn utafor USA og Vest-Europa hengde ut som døme på mindreverdige livsformer.
Mytisk verd
Tilhengarane av opplysingsprosjektet ville spreie vestleg kultur til biologisk og kulturelt underlegne folkeslag. Kolonisering vart eit humanistisk ideal. Plikta til å utdanne og sivilisere gjekk saman med retten til å leggje under seg framand land. Innfødde motstandarar av europeiske skikkar var barbarar som nekta folket sitt å ta del i framsteget.
I den mytiske verda som koloniutstillingane skapte, fekk europearane oppleve eksotiske aktivitetar som å ri på kamelar, verte frakta i rickshaw, smake asiatisk mat og kjøpe fargerike og uvante klede. For å forsvare erobringar av nye landområde vart folk i koloniane framstilte som udugelege når det galdt kultur og sømeleg åtferd. Utstillingane vart ein framifrå reiskap for å drive einsretting og propaganda. Alle skulle dra heim med kunnskap om kor vellukka og heldige dei var som høyrde til i eit sivilisert land.
Med verdsutstillingane fekk millionar av tilskodarar eigenrøynsle i å sjå ikkjeeuropearar som mindreverdige. Den vitskaplege rasismen vart folkeeige. Samstundes fekk antropologar og raseforskarar målt primitive hovudkallar. Etter kvart forsvann likevel det opplysingsmessige ved folkeframsyningane. Det var i lengda ingen god reklame for framsteg og utvikling om primitive folk skulle halde fram å prege internasjonale utstillingar. Da ville jo koloniseringa ha vore fåfengd.
Utstillingane overtydde folk om vesentlege skildnader mellom «moderne» folkeslag og «tilbakeståande», dei som framleis var på eit stadium i utviklinga som gjorde dei meir lik dyr enn fullverdige menneske. Deira historie var ikkje den same, dei hadde ikkje ein gong historie. I dag er dei menneskelege dyreparkane stort sett gløymde symbol frå kolonitida.
Krigerske steinaldermenneske
Den koloniale tankegangen, derimot, lever i beste velgåande. Evolusjonspsykologen Steven Pinker fortel om skildnaden mellom oss, dei fredelege i demokratiske samfunn og dei andre, dei krigerske steinaldermenneska og dei som jamvel i dag lever utan ein moderne stat. I eit intervju i den engelske avisa The Guardian seier han at vi som er så heldige å bu på kloten i våre dagar «opplever den mest fredfylte tidsepoken så lenge menneskearten har vore til». (Pinker 2011a).1 I dag finst berre «krig i mindre, fattigare og tilbakeståande land». (Pinker 2011, s. 302). Stormaktene «og utvikla statar i det heile, har slutta med å krige mot kvarandre». (Pinker 2011, s. xxiii).
I vaskesetelen til The World Until Yesterday får lesarane vite at biologen Jared Diamond avslører «korleis forfedrane våre levde i millionar av år». Moderne «stammesamfunn gjev eit framifrå gløtt» inn i livet slik det ein gong var for heile menneskeslekta. (Diamond 2012). Menneskeutstillingane i den gamle kolonitida viste fram ikkjeeuropeiske folk som ville barbarar. Dei var lågtståande vesen som levde usle liv i skitt og sjukdom i holer og stråhytter. I moderne evolusjonspsykologi er det fritt fram for liknande røver&ahy;historier, iblanda statistikk og prosenttal for å gje dei større truverd. Slik vil utviklingsteoretikarane overtyde lesarane om at det finst prov for påstandane deira. Pinker og Diamond vert hylla for synspunkta sine om det valdelege mennesket. Forskinga deira er halde fram som verdifulle bidrag til å forstå kor bra det er i moderne vestlege statar til skildnad frå primitive busettingar utan statsapparat.
Kant og Hegel – læremeistrar for Pinker
For Pinker er «livet i naturtilstanden» prega av «kroniske røvaråtak og konfliktar». (Pinker 2011, s. xxii). Han hevdar krig er ein evigvarande tilstand som har forma menneska gjennom fleire hundretusen år. Sjølvaste Barack Obama har teke til seg denne bodskapen. I Nobeltalen etter fredsprisen i 2011 sa den amerikanske presidenten at krig i ei eller anna form oppstod samstundes som det første mennesket. Førestillinga om det krigerske mennesket er ein arv frå opplysingsfilosofar som Kant og Hegel.
På norsk seier vi «langt borti hutaheiti» om stader utafor folkeskikken. Hutaheiti eller Otaheite er stillehavsøya Tahiti. Kant gjer seg morosam på kostnad av folkesetnaden på denne øya «som aldri har vorte vitja av nasjonar med danning» og kultur. Han harsellerer over det formålslause livet til dei ville, som i tusenar av år hadde vore i ein tilstand av «stilleståande latskap». Han spør kvifor slike skapningar «i det heile er til, og om det ikkje hadde vore like bra om det på denne øya heller budde lykkelege sauer og kyr enn lykkelege menneske som berre lever eit liv i rein nyting». (Kant 1785, s. 65).
Hegel meinte siviliserte folkeslag hadde rett til å gripe inn overfor dei som sto på eit lågare utviklingstrinn. Kolonialisme var lagnaden Afrika måtte finne seg i. Som slavar for europearane fekk dei høve til å utvikle seg som menneske. Slaveriet i samfunn utan ein moderne stat låg slik han såg det, utafor historia. For velutvikla europeiske menneske var slaveriet eit åtak på fridomen. Slik var det ikkje hos negrane og andre ville.
Slaveriet løfta lågare rasar fram mot kultur og fridom. Slaveriet, så lenge det finst «innafor ein stat, er i seg sjølv eit steg i utviklinga bort frå eit reint kjenslemessig oppstykka tilvere, det er ein fase i den menneskelege oppsedinga, ein måte å tileigne seg ein høgare moral og med det ein høgare kultur». (Hegel 1986, s. 129). For dei usiviliserte er såleis slavetilveret eit steg fram mot eit høgare utviklingsnivå. Ikkjeeuropeiske folk måtte kvitte seg med lovlause skikkar og innordne seg demokratiske styresett, altså verte underlagde ei høgare makt. Hegel seier nok at slaveriet «i seg sjølv er urett, for mennesket er fritt av vesen, men før det kan verte fritt må det modnast». (sst.)
Sjokkerande vald
Pinker legg fram reknestykke for å vise at fortida til menneskeslekta er «sjokkerande valdeleg». (Pinker 2011, s. 1). Grunnlaget for påstanden om at det aldri har vore så lite vald som i dag, dett saman om tala her er uriktige.Om lag ein femdel av alle data Pinker nyttar for å prove kor valdeleg livet er i«naturtilstanden», har han teke frå den amerikanske antropologen Napoleon Chagnon. (Chagnon 2014). Chagnon er mest kjend for omstridde påstandar om at Yanomamifolket i Amazonas er i kronisk krig med kvarandre. Han er ein svært kontroversiell antropolog som har vore kritisert for metodane sine heilt sidan 1960-åra (Eakin 2013). På grunnlag av skildringar til denne forfattaren, legg altså Pinker fram vurderingar som skal gjelde for samfunnsutviklinga i heile verda.
Chagnon tek som utgangspunkt for forskinga si at at det som først og fremst pregar indianarane, dei mannlege i alle høve, er svartsjuke og redsla for at kvinnene skal gjere dei til hanreiar. Sjalusien er så sterk at han vert grunnlaget for vald mellom dei innfødde, ein vald som aldri tek slutt. (Chagnon 1988, s. 985–987).
Det eldste dømet på daude i krig Pinker dreg fram, er frå Niger i Afrika 14000 år før vår tidsrekning. (Pinker 2011, s. 59). Forskarar ved Universitetet i Åbo avviser grunnlaget for konklusjonane til Pinker. Gravfunnet frå Niger som Pinker byggjer på dreier seg ikkje om å verte drepen i krig, seier dei. (Fry og Søderberg 2013). Funna av dei 200 individa som vart oppdaga i ein gravplass, var dessutan omlag berre halvparten så gamle som det Pinker ville ha det til. (Ferguson 2013, s. 118). Slike funn kan ikkje verte nytta som grunnlag for påstandane til Pinker om at det til alle tider har vore krig i verda.
Trua på regelmessige åtak for å røve kvinner, oppnå større landareal eller berre drepe så mange som råd, er såleis misforståingar utan feste i faktiske tilhøve. Andre gravfunn Pinker vise til, er enda yngre og kan heller ikkje nyttast for å grunngje utsegner om at «sjokkerande vald» er typisk for heile historia om menneskeslekta. Eksempla han har frå samlar- og jegarsamfunn er ikkje representative. Han hentar meldingane om dei høge dødstala i krigar frå unøyaktige fagfellar som er ute i same ærend som han. (Fry 2013, s. 15–16). Dødsfall etter enkeltståande raid er noko anna enn krig.
Pinkersk naturtilstand
Samfunn som levde i den pinkerske naturtilstanden var for små til å drive med krig. Det er lite sannsynleg at slike samfunn skulle kjenne til omfattande krigshandlingar med høge dødstal. Samansettinga av gruppene i samfunnet endra seg stadig og hindra fiendskap mellom dei. Samfunnsordninga var likskapsorientert utan leiarskap. Busettingsmåten gjorde det vanskeleg å danne særskilde forbund. Livbergingsområda var store, og folketettleiken låg. Det var ikkje lett å hindre andre i å nytte seg av dei same næringskjeldene. Grensene vart kontrollerte gjennom avtaler om gjensidig bruk av landområdet. Det fanst få matlager og lite verdiar av anna slag.
Fry og Söderberg har teke for seg 148 gravfunn der arkeologiske undersøkingar av likrestane viste klare teikn på vald. Desse funna er dokumenterte av antropologar og omfattar i alt 21 samlar- og jegarsamfunn. Berre i ein svært liten del av desse funna er det mogleg å slå fast at krigshandlingar kunne ha vore årsaka til skadane på kroppane. Langt dei fleste av likfunna dreidde seg om einskildpersonar som var drepne av folk frå den gruppa dei sjølve høyrde til i. Dette kunne ein slå fast etter å ha undersøkt likrestane.
Valdelege dødsfall var resultat av samanstøyt og strid mellom nære familiemedlemmar. Det er ikkje slik at menneska til alle tider har slått seg saman for å drepe naboane på andre sida av grensa. (sst.) Trua på krig som ein del av menneskenaturen er så sterk at det verkar som det er vanskeleg å gje avkall på ho. Enda om det ikkje er råd å prove denne oppfatninga, vert ho spreidd på nytt og på nytt. Slik vert det stadig gjeve næring til haldningar som skaper fiendskap mellom ulike folkeslag og som oppmodar til krig for å løyse konfliktar mellom dei.
Jared Diamond og dei krigerske småsamfunna
Jared Diamond har forska på Ny Guinea i lang tid. Han skriv sjølv på heimesida si at han har vore der 27 gongar på 50 år. (Diamond 2014). Det opphavelege føremålet for reisene dit var å studere fuglar. Etter kvart var det meir menneska som kom i sentrum for interessa. I fleire bestseljande bøker har han teke på seg rolla som ein slags allvitar om utviklinga i ei rekkje samfunn. Han skildrar korleis europearane på 1930-talet kom over «dusinvis av tidlegare ukontakta stammar frå steinalderen». (Diamond 1999 s. 152).
På Ny Guinea lever altså folket i verda frå i går, isolert og utan samkvem med andre. Ei slik framstilling råkar ikkje særleg godt. Gjennom tusenvis av år har dei som bur her hatt omfattande kontakt med andre folkeslag. Dei har vorte kjende med matvarer og veremåtar frå strok langt vekke frå grensene for der dei bur. Søtpoteten som er så viktig i kosthaldet deira, kjem opphaveleg frå Sør-Amerika. Fredeleg kontakt og kulturutveksling mellom ulike folkeslag er ikkje noko nytt i verda.
Antropologen Clastres har argumentert for at indianarar i Sør-Amerika ein gong var bufaste jordbrukarar. Dei store elvene og skogane ga grunnlag for eit variert kosthald. (Clastres 1987). Den europeiske invasjonsbølgja etter 1492 plaga ikkje berre dei innfødde med nye sjukdommar. For å sleppe eit tilvere som slavar, trekte nokre seg attende mot meir fjerntliggjande strok. Dei gjekk over til å livnære seg med å samle inn næringsstoff i regnskogane. Dei er såleis ikkje gode døme på korleis folk levde i ei fjern fortid, men meir lik flyktningar som mister eiegedomane sine til framande landrøvarar. Dei viser at truga samfunn kan overleve ved å trekkje seg unna. (Mann 2013).
Moderne avartar av sosialdarwinisme
I framstillingane til forskarar som Diamond og Pinker vert samfunn av samlarar uttrykk for ei valdeleg og morderisk fortid som fanst overalt før ein organisert stat førte med seg fred og rettstryggleik. Dei vert til primitive livsformer som først heilt nyleg er siviliserte og ført ut av ein valdeleg og statslaus tilstand. Med biletet av isolerte og krigerske menneske vert det lettare for styremaktene å leggje landet til slike folk under seg for å nytte ut rikdommar som finst i naturen. Ingen vil vel seie imot tiltak som gjer det mogleg å kvitte seg med krig og villskap.
I tradisjonelle samfunn utan «statleg styring er krigen mellom lokale grupper konstant», skriv Diamond i ein artikkel i The New Yorker. Det er som i den klassiske kolonitida, der den vestlege verda hadde plikt til å sivilisere dei ville. Og dei ville er takksame for hjelpa. Dei set seg ikkje imot når «dei europeiske kolonimaktene gjer slutt på valden med å innføre statleg styring». Endeleg «er dei spart for den konstante frykta for å verte drepne» av stammefrendane sine. (alle sitata her er frå Diamond 2008). Dei er meir enn villige til å gje opp jungellivet for eit liv i menneskeverd.
I boka Verden fram til i går (2013) fortel Diamond om dei krigerske papuanarane på Ny Guinea. Han fortel ikkje at han etter artikkelen i The New Yorker vart saksøkt fordi han her viste til historier han hadde fått høyre frå personar som ikkje visste han skulle skrive om dei. Orsakinga hans var at artikkelen i The New Yorker ikkje var i eit seriøst fagblad. (Balter 2009 s. 873). I den seriøse boka tek han opp att dei same historiene, han utelet berre namna. Lesarane må da sjølve vurdere kor mykje ein skal stole på Diamond.
Diamond er, som Pinker, oppteken av ideen om at vald og tankar om hemn legg beslag på mykje av kvardagen for folk i samfunn utan sentralisert statsmakt. Med dette triste menneskebil­etet som utgangspunkt, hevdar Diamond at småsamfunn ikkje maktar å «hindre uregjerlige samfunnsmedlemmer» frå å ska andre. Det er ikkje råd å unngå at aggressive enkeltpersonar tek «saken i egne hender og oppnår sine mål med bruk av vold». (Diamond 2013, s. 112).
Historisk sett, seier Diamond, var det for å få slutt på denne valden at folk vart samde om å danne uavhengige styringsorgan. Slik fekk ein redusert valden og gjort slutt på hemnaksjonane. Mindre individuell vald er likevel ikkje det same som at dei samla valdshandlingane vert færre. Staten berre samlar retten til å utøve vald i eit sentralisert militærapparat.
Den «demokratiske freden»
Pinker lanserer omgrepet den «demokratiske freden» som eit kjenneteikn på tida etter andre verdskrigen. Det er ikkje lett å forstå kva Pinker meiner med dette. Han reknar ikkje åtak på mindre statar frå dei store vestlege demokratia som krigar. Nato «bomba Jugoslavia for ein kort periode» i 1999 og USA hadde nok invadert Panama i 1989, men «dødstala var under minstemålet for ein krig». (Pinker 2011, s. 343 og note 234). Pinker bryr seg berre om krig mellom såkalla avanserte samfunn. Han gløymer at det ikkje var nokon fred mellom stormaktene jamvel om det var «den lange freden» som rådde.
Stormaktene kriga berre utafor eigne kjerneområde. Krigane aust i Asia og dei blodige kampane på Balkan i samband med å få løyst opp Jugoslavia, skuldast knappast at landa her var særskild tilbakeståande. Pinker hevdar Kina, Vietnam og Korea sto for «dei tre dødelegaste konfliktane» i tida etter 1945. Årsaka til at krigane i Korea og Vietnam vart så blodige, finn han i at dei kommunistiske leiarane ikkje hadde vett på å gje seg for overmakta. «Det amerikanske demokratiet var villig til å ofre berre ein brøkdel», seier Pinker. Ho Chi Minh på si side tok ingen omsyn til folket. For kommunistiske dikatorar som Mao «tydde ikkje livet til borgarane hans nokon ting».
Amerikanarane «undervurderte evna nordvietnamesarane og Vietcong hadde til å tole tapstal». Når det galdt russarane under andre verdskrigen, kunne Pinker forstå krafta i motstanden. Han meiner det var annleis i Vietnam og viser til utsegner om at russarane kjempa «for å overleve som nasjon, ikkje for å utvide makta si slik som nordvietnamesarane». (alle sitata her er frå Pinker 2011, s. 371–372). «Mellom respektable land er det ikkje lenger råd å tenkje seg erobringar», seier han. (Pinker 2011, s. 313).
Men har det nokon gong hendt at leiarar for ein nasjon har stått ope fram og sagt anna enn at dei handlar for å forsvare anten seg sjølve eller eit høgverdig prinsipp? Pinker får det til å verke som om aggresjon frå USA og Vesten under den kalde krigen berre var forsvar mot kommunistiske trugsmål om å leggje verda under seg. Dei skulle liksom ikkje ha hatt eigne ynskje om å utvide maktgrunnlaget sitt.
Valdtekt og genbank
Mellom ideane til evolusjonsbiologane finst spekulasjonar som hadde stordomsperioden sin samstundes med raseteoriane som følgde i kjølvatnet av opplysingsprosjektet. Som dei gamle raseteoretikarane, trur moderne sosialdarwinistar at aggressive menn som røver kvinner og valdtek dei, får det beste avkommet. Sosialantropologen Napoleon Chagnon er ein av dei. For han er det slik at menn «som viser at dei er verkeleg valdelege … har høgare suksess både når det gjeld giftemål og barnefødslar». Dei som drep «har fleire hustruer og meir avkom enn menn som ikkje har drepe». (Chagnon 1988, s. 985–86). Menn jaktar på kvinner for «å følgje eigne egoistiske mål om å få etterkommarar». (Chagnon 2014, s. 316). Bortføring av kvinner styrkjer den kollektive genbanken. Vald og seksuell aggresjon er derfor utviklingsmessig fordelaktig. Dei som «er drapsmenn, kan oppnå ekteskapelege og reproduktive føremoner». (Chagnon 1988, s. 989)
Ein annan idé som viser slektskapen mellom moderne utviklingsteoretikarar og gamal kolonitenking, er trua på at små samfunn utan leiarar ikkje maktar å avslutte krigar. Derfor har urfolk ein høgare del av befolkninga som døyr av drap enn moderne samfunn. Det «naturlege» for små stammesamfunn er at folk her med ein gong dei treffer på nokon dei ikke kjenner, vil freiste drepe kvarandre. Det er berre i moderne samfunn menneska har lært å omgåast med framande.
Diamond hevdar den indonesiske invasjonen på Ny Guinea i 1963 skapte grunnlaget for å senke valdsnivået blant dei innfødde. Det låge «voldsnivået i den indonesiske delen» av øya, er eit resultat av «det strenge regimet» som vart oppretta med den indonesiske innblandinga. (Diamond 2013, s. 266). Varig regjeringskontroll hindrar valdsbruk. Den «største fordelen statlig styresett fører med seg», er nemleg «fred». (Diamond 2013, s. 145).
Dei som kjempar for sjølvstyre for Ny Guinea viser til at da indonesarane annekterte området, gjennomførte dei omfattande nedslakting av folket vest på øya. Indonesia redda så visst ikkje dei innfødde frå eigen aggresjon, dei starta ein åtakskrig som drap titusenar av menneske. Diamond bruker mykje plass på å liste opp grunnar til at tradisjonelle småsamfunn er i stadig krig. Interessa hans for overgrep frå moderne statar er ikkje like omfattande. «Vi som er borgere av moderne stater, glemmer vanligvis hvor sterk hevntørsten kan være», seier han. Folket på Ny Guinea
over Hiroshima i 1945 berre tok livet av 0,1% av den samla folkemengda i Japan.
Han nemner ikkje at av innbyggjarane i Hiroshima vart om lag halvparten drepne av denne eine bomba. Kampane på stillehavsøya Okinawa mot slutten av andre verdskrigen var svært blodige, med dødstal kan hende opp mot to hundre tusen menneske, sivile og soldatar. Diamond finn at dødstala her utgjorde 0,10% av folkesetnaden i alle statane som tok del i slaget. Resultatet av ein konflikt mellom to folkegrupper på Ny Guinea i 1961 var elleve døde, men 0,14 % av befolkninga.
Slik «provar» han at valdsnivået er høgare i krigar mellom små samfunn enn i moderne verdskrigar. (Diamond 2013, s. 125). Om han hadde brydd seg med å vise til tal om kor stor
del av sivilbefolkninga på Okinawa som vart drepen under krigshandlingane, ville han ha sett at ein firedel omkom. (Slaget om Okinawa 2014). Men det ville jo ikkje stø teorien om den primitive råskapen.
Diamond viser i staden til at fagfellane som skal ha vurdert arbeidet hans, var samde med han. Alle som ein «konkluderte med at prosentdelen av dei som år for år møter ein valdeleg daude, … gjennomsnittleg er langt høgare i stammesamfunn enn i statssamfunn». (Diamond 2014).
Antropologen Brian Ferguson deler ikkje oppfatninga til Pinker og Diamond om at krig alltid har vore ein del av historia til menneskeslekta. Det finst berre arkeologiske funn om krigføring frå dei siste 10 000 åra, hevdar han. Krig hadde da vore fråverande i tusenvis av år. Funn i Europa og Midtausten viser at krig først vart vanleg etter at metall for omlag 6 000 år sidan erstatta steinreiskap. Det var jordbruket som førte med seg krigen. Eigarskap til land, husdyrhald og arverett for menn skapte tilhøve som gjorde krigføring mogleg.
Den demoniske mannen
I strid med påstandane frå Pinker finn ikkje Ferguson belegg for dødsfall
etter krigshandlingar på det amerikanske kontinentet før vår tidsrekning. (Ferguson 2013, s. 120). Valdelege dødsårsaker lar seg heller ikkje etterprøve med funn frå Asia. Det er dermed ikkje grunnlag for å hevde at arkeologiske funn viser omfattande teikn på at slike måtar å døy på var vanlege. Pinker trekkjer store konklusjonar frå svært få og ikkje representative utval.
Undersøkingar av skjelett frå arkeologiske utgravingar er nytta for å hevde at så mange som 15 prosent av urtidsmenneska møtte ein valdeleg død. Nokre påstår prosenttalet er enda høgare, meir enn kvart fjerde eller kanskje så mykje som halvparten av alle menneska i den fjerne fortida skal ha vorte drepne som følgje av konfliktar rundt om i Europa og USA. Arkeologiske funn for befolkninga i Europa og Midtausten syner at krig utvikla seg over tid frå ein tilstand der krig ikkje fanst.
Krigar vart meir dominerande etter kvart som samfunna vart større, meir bufaste og hierarkiske. Fortida har ikkje alltid vore fylt av krig og terror. Krigane oppstod først da samfunna vart underlagt eit dominerande styre av ei sterk statsmakt. Det er ikkje slik at mildnande og demokratiske krefter frå moderne samfunn held primitive impulsar i sjakk.
Torbjørn Kalberg
Sosiolog
NOTE
1
Alle omsettingane er mine
Alle omsettingane er mine
Kommentarer
Legg inn en kommentar
Skriv gjerne en kommentar!