Immanuel Kant. Bildet er lånt frå nettstedet https://history-biography.com/immanuel-kant/ |
Filosofane frå opplysningstida vert stadig hylla for fridomsideala sine, men dei mangla medvett om menneskerettar.
Kant og den kvite rasen
IDÉHISTORIE
I samband med grunnlovsjubileet i 2014 vil Stortinget gjere internasjonale konvensjonar om menneskerettar til del av Grunnlova. Det vert ofte hevda at dei historiske røtene til menneskerettane finst i dei borgarleg-demokratiske revolusjonane i England, Frankrike og Amerika på 1600- og 1700-talet. Mange av tenkarane frå den såkalla opplysingstida mangla likevel medvett om menneskerettar.
Filosofar proklamerte fridom som ein umisseleg rett for mennesket, men godtok den organiserte handelen med slavar frå Afrika utan motførestellingar. Moderne forfattarar held fram med å framstelle den vestlege historia som ei forteljing om menneskeleg fridom. Filosofane frå opplysingstida vert stadig hylla for fridomsideala sine, men slepp å stå til rette for den kvite europeiske hovenskapen.
Den tyske filosofen Immanuel Kant er kjent for utsegner om at vi ikkje må utnytte andre menneske eller behandle dei som reiskap for egoistiske føremål. Om vi gjer det, er dei ikkje lenger likeverdige. Slike synspunkt finn lett plass der det vert talt høgstemt om menneskerett og menneskeverd. Problemet er at det ikkje verkar som Kant verdsette alle menneske på same vis. Det han skriv om andre folkeslag enn dei kvite, tyder på det.
Når det gjeld indianarar og afrikanarar, er det ikkje snakk om å unngå å behandle dei som middel eller la være å nytte dei som reiskap. Kant meiner indianarane ikkje er mottakelege for oppseding. Dei har inga «drivfjør», og manglar «både sinnsrørsler og lidenskap. Dei forelskar seg ikkje, derfor er dei heller ikkje fruktbare. De snakkar mest ikkje i det heile, gjer det ikkje hyggeleg rundt seg, bryr seg ikkje om noko og er stygge.»
Når det gjeld folk av «neger-rasen», er det heilt motsett. Desse er fulle av affekt og lidenskap, svært livlege, pratesjuke og fornemme. Dei er mottakelege for oppseding, men berre slaveundervising, dei kan dresserast.»
Mellom dei «hundretusenar av svarte som er førde frå sine eigne land til andre stader, enda om svært mange av dei også er sett fri, er det til denne dag ikkje funne ein einaste som nokon gong har dreve det til noko stort verken i kunst eller vitskap eller annan prisverdig verksemd.» Det er berre kvite som har «alle talentar og alle anlegg for kultur og sivilisasjon.»
Dei kvite er sjølve urbiletet på menneskeslekta. Etter kvart utvikla det seg avartar i gule, svarte og kopparraude rasar. Kant forklarer skilnadene mellom rasane ved å vise til klimatiske vilkår. Både fargen på huda så vel som alle ytre kjenneteikn er resultat av væskeinnhald og blod-blandingar. Dei blaute delane av kroppen veks seg større i eit varmt og fuktig klima, skriv han. Derfor får «negeren ei tjukk nase som peikar oppover og pølselepper».
Kant veit også kvifor «alle negrar stinkar». Det varme klimaet gjer at dei skil ut ei fosforaktig syre. Og denne syra luktar.
Dei svarte er ufullkome i huda. Denne ytre skavanken er i samsvar med ein indre lyte i karakteren til desse folkeslaga. Innbyggjarane i den varme sona i verda er ikkje berre treige, stygge og dumme. Dei er også feige, overtruiske og avundsjuke. Dessutan har dei hang til å dope seg.
Den kvite rasen er altså både kroppsleg og mentalt overlegen. Derfor er det heilt innlysande for Kant at europearane til alle tider har vore læremeistrar for alle andre folkeslag. Dei «orientalske nasjonane», sa han, «vil aldri forbetre seg på eige hand». Det er vi i Vesten som «må passe at menneskeslekta heile tida held fram med å utvikle seg mot det fullkome. Frå Vesten «må vi føre denne utviklinga vidare ut i resten av verda».
Han meinte det ville kome ei tid da andre «opplyste nasjonar ville nå opp på vårt nivå». Det «vil verte oppnådd ei regelmessig utvikling i forbetringa av statsforfatninga i vår del av verda (som etter alt å døme ein dag vil verte lova også for alle andre)». Berre med Vesten i leiinga kan ein såleis kvitte seg med småleg etnisk og stammemessig strid.
I boka
«Race: A Theological Account» frå 2008 skriv den amerikanske religionsforskaren J. Kameron Carter at det filosofiske prosjektet til Kant er grunnlagt på synet om kristendommen som eit sosialt system der fornuften står i høgsetet. Han meiner Kant let vere å seie at den kristne vestlege sivilisasjonen er bygd på ei oppfatning der jødane, det opprinnelege folkeslaget i bibelhistoria, vert framstelte som noko orientalsk og framand.
I kristendomsforståinga til Kant var det ikkje naudsynt for dei vestlege og kvite å sjå sitt eige tilvære i høve til éi anna soge, soga om Israel. Det kvite vert til noko som berre trong å ta omsyn til seg sjølv. Den kristne identiteten utfolda seg ikkje lenger innafor ein annan røyndom, ein røyndom der folket i det gamle Israel slutta ei pakt med den jødiske guden.
Historia i det gamle testamentet vart reinsa for alt som ikkje høvde med historia til den vestlege sivilisasjonen, I filosofien til Kant, skriv Carter, vart det kvite eit teikn på at det ikkje lenger var naudsynt å forstå ein tidligare røyndom for å kunne kome seg inn i ein annan.
Dette synet på kristendommen bidrog til å skape det moderne synet på rase der det kvite vert noko heilt spesielt og framifrå. Kristendommen vart ein hyllest til den kvite europeiske arrogansen. Det gamle og det nye testamentet vart ikkje lenger sett som historiar om eit semittisk folk, men som hovudboka i ein religion for kvite europearar. Teologi vart til ein verksemd som fekk til mål å byggje opp eit kvitt herredømme på jorda.
Det kvite for Kant vart eit teologisk uttrykk for det moderne samfunnet i seg sjølv. Det vart eit uttrykk for den suverene biologiske skapninga som
frambrakte eit fornuftig og avansert samfunn. Den fornuftige kristendommen og den rasjonelle Kristus, gjev menneska von om at ideala dei strever etter å nå.
Det vestlege peikar fram mot «den evige freden» og det kosmopolitiske, det globale samfunnet. Carter meiner dette er ei følgje av skiljet Kant gjer mellom det gamle testamentet som ei kjensleladd forteljing om ytre tvang og det indre frigjerande som eit kjenneteikn på det nye testamentet. Kant fjerner kristendommen frå sitt jødiske opphav og let dei kvite sigre over «det radikale vondet». Dei kvite, dei som ber fram den vestlege sivilisasjonen, verkeleggjer sin eigen lagnad med Jesus som redningsmann.
Det «radikale vondet» som dei vil vinne over, er bindinga til ei verd basert på ikkje gjennomtenkte kjensler. Kant meiner den opprinnelege bodskapen i det gamle testamentet var å la seg undertrykke av guddommelege eller sekulære autoritetar på dogmatisk vis. Slik han ser det, var ikkje lenger Jesus bunden av den pakta det jødiske folket hadde inngått med ein straffande Gud. Jesus vert til ein moralsk vestleg person som sigrar over Austen. Med dette på plass, skriv Carter, er alt lagt til rette for det kvite som det universelle, heva over raseomgrepet, det alle ikkje-kvite strevar etter å likne. Den vestlege sivilisasjonen sikrar ein tilstand der ingen lenger vert kontrollert og styrt av andre, der det ikkje er rom for å la seg undertrykke av ei framand ytre makt.
Ideen til Kant om den evige freden er ein viktig del i tenkinga hans. Til skilnad frå den moralske utviklinga til enkeltmennesket, kunnskapstileigninga i vitskapane og rettsvesenet i nasjonalstatane, vert den evige freden eit verdsomspennande prosjekt som krev at menneskeslekta må slå seg saman for å oppfylle si historiske oppgåve.
Slik vil menneska forvandle disharmonien i naturen til fornuftsmessig harmoni. Kant meiner det som må til for å oppnå fred i verda er eit forbund av statar der politikk og moral smeltar saman, med moralen som grunnlag. Eit slikt verdsomspennande forbund må ha Vesten som mønster.
Kant hevda at dei som nekta europearar å drive handel på deira område, ikkje berre var ugjestmilde, dei handla og i strid med folkeretten. Han slo fast at europeiske kolonistar hadde rett til å forsvare seg om dei vart angripne. Ingen hadde meir krav på eit landområde enn andre. Når europearane kom til stader dei tidlegare ikkje hadde hatt kontroll over, var det såleis ikkje rett av den opphavlege befolkninga i desse områda å nekte dei tilgang. Ved å vise til ein grunnleggjande gjestfridom i folkeretten og om naudsynt, sette inn makt for å forsvare han, kan europearane gjere verdssamfunnet til ein betre og meir sivilisert stad å leve i, Gjestfridomen Kant viser til tyder at ein framand har rett til ikkje å verte møtt med fiendskap når han syner seg på annan manns grunn». Det den framande ber om, er ein rett alle menneske har, nemleg «retten til å besøke og gjere seg kjent med eit samfunn».
Oppgåva for det juridiske omgrepet om folkeretten skulle vere å gjere primitive samfunn siviliserte. Gjennom kontakt med europearane skulle primitive folkeslag lære å oppføre seg. Det ville ikkje lenger vere slik at hovudskilnaden mellom europearar og amerikanske urfolk låg i at indianarane åt opp fiendane sine, medan europearane visste betre enn å ha dei til middagsmat: «På dette viset kan delar av verda som ligg fjernt frå kvarandre, få fredelege tilhøve seg i mellom.» Slik argumenterer Kant for ulik fordeling av rikdommen i verda. Moderne utplyndring vert marknadsført som globalisert verdshandel. Draumen om evig fred basert på førestellinga om eit verdssamfunn av demokratiske statar vert nytta for å sikre privilegia til økonomisk sterke føretak og nasjonar.
Faktisk er det slik at dersom vi kvitter oss med rasistiske og eurosentriske spor i verdsborgarånda til Kant, står ikkje mykje att. Dei som vil ha vekk dei skadelege verknadene frå europeisk rasisme og kolonitankegang, må leite andre stader enn i kosmopolitiske idear om evig fred.
Torbjørn Kalberg,
sosiolog, tokalb@ broadpark. no
Kommentarer
Legg inn en kommentar
Skriv gjerne en kommentar!