Lova som bygde landet? Foto: Nasjonalbiblioteket. |
Islamsk rettstradisjon i europeisk lovgjeving:
Sicilia, England, Kastilja og Noreg
TORBJØRN KALBERG
tokalb@broadpark.no
Pensjonert sosiolog (f. 1944)
I vestleg idéhistorie har ein ikkje brydd seg stort om å drøfte islamsk påverknad på kristen europeisk kulturutvikling. Islam hadde nok ein viss påverknad når det galdt arkitektur og språk, og kan hende når det galdt formidling av gresk filosofi, arabarane hadde jo tilgang til dei klassiske skriftene før dei vart kjende i europeiske kjerneområde. Men når det gjeld lov og rett har tonen vore avvisande. Berre kristentrua skapte eit juridisk system med fridom for den einskilde. Den europeiske rettsstaten var noko eineståande, eit førebilete for alle andre kulturar. Dette synet er ikkje lenger einerådande. Forskarar viser no til samband mellom tidlege uttrykk for samlande lovgjeving i europeiske statar og den islamske rettshistoria.
I 2024 er det 750 år sidan landslova til Magnus Lagabøter var ferdig utarbeidd. Lova frå 1274 skal verte feira som eit av dei første uttrykka for ei felles nasjonal lovgjeving i Europa. Ho samla ulike rettsreglar til ei lovbok for heile landet. Juristen Øyrehagen Sunde har leia eit utval for å førebu feiringa. Han meiner lova lagde eit skilje mellom «dei som ikkje var skuld i eigen ulukke, og dei som berre var arbeidssky og late». Tidlegare hadde samfunnet vore dominert av idéen om at den sterkaste hadde rett. No vart «det stilt krav til dei sterke, til fellesskapet og til makta.» Landslova gav rettsvern til dei svake og la «grunnlaget for den velferdsstaten som me i moderne tid mest tek for gjeve.»1 Sunde ser lova som noko revolusjonerande i samtida, eit viktig vilkår for den norske statsdanninga. I eit samfunn med mangel på arbeidskraft etter oppløysinga av trælehaldet, verka lova som vern for jordeigarane. Folk fekk påbod om å ta arbeid hos bønder og vere bufaste. Handelsverksemd var berre for dei med monaleg stor eigedom utan gjeldsbyrde. Futane fekk pålegg om at dei kvar «haust og vår skal køyre av kjøpstadene våre alle karfolk og kvinnfolk som duger til å arbeide på landet, og som ikkje har stedd seg i fast teneste hos bøndene».2 Dei som ikkje tok til takke med vilkåra jordeigarane tvinga på dei, vart til ikkje verdige trengande. Lova gjorde fattige til offer, ikkje for uheldige omstende, men for eigen latskap.
Bryllaupet i Valladolid
Førebiletet for landslova skal ha vore rettssystemet som vaks fram i Spania etter erobringskrigane mot al-Andalus, dei muslimske samfunna på den iberiske halvøya. Prinsesse Kristina, søster til Magnus Lagabøter, gifta seg med ein spansk prins i 1258. Dei norske bryllaupsdeltakarane som følgde prinsessa på den lange ferda gjennom Europa, kan ha høyrt om arbeidet med eit nytt lovverk. Giftarmålet fann stad i byen Valladolid. Valladolid fekk universitet i 1293. I 1258 fanst det truleg ikkje mykje forskingsaktivitet i byen. Derimot var det ei anna viktig hending i Valladolid denne vinteren. Kongen i Kastilja, Alfonso X kalla saman til eit ting i byen. Alfonso ville at stormennene skulle stø han i ynsket om å verte tysk-romersk keisar. Ekteskapet mellom bror hans og ei norsk prinsesse skulle hjelpe han å nå dette målet. Bryllaupet var ei høveleg avslutning på dei politiske drøftingane. Kjelda for dei norske oppfatningane av hendingane i Kastilja er den islandske sagaskrivaren Sturla Tordsson. Tordsson skildrar reisa frå Tønsberg til Spania. Da dei norske kom til Kastilja fortel han at «ein uteljande hær av riddarar, baronar, erkebiskopar og lydbiskopar og både kristne og heidne sendemenn» tok i mot dei. Det hadde aldri «komme nokon utlending dit, korkje kar eller kvinne som vart så vel fagna i alle måtar.»3 For norske historikarar er denne spansk-norske tilknytinga eit teikn på det mektige Noregsveldet da Håkon Håkonsson var konge. I Spania er livet til Kristina ei lita og umerkeleg hending.
Romarretten
Den austromerske keisaren Justinian samla i 529 dei gamle romerske lovreglane. I lang tid var kjennskapen til det justinianske lovverket svært avgrensa. Keisaren la ned forbod mot vitskapeleg forsking og stengde lærestader. I dei fem hundreåra som følgde var det ikkje gjennomført eit einaste arbeid i kristentrua om denne rettsoppfatninga. Først seint på 1000-talet la skriftlærde munkar ved det nyoppretta universitetet i Bologna grunnlaget for omfattande studie av det gamle romerske lovverket. Desse studia skapte ei ny europeisk rettsforståing. Lokale skikkar måtte vike for ei einheitleg oppfatning om lov og rett. Den nye jussen skilde seg frå lova i det gamle romerske riket. Likevel fekk denne oppfatninga namnet romarretten. Den antikke tenkinga hadde inga vanskar med kollektivt eigarskap. Hovudmålet for den moderne staten som vaks fram, var derimot å verne om den private eigedomsretten. Med den nye romarretten vart likeverdige møte mellom folkeslaga skifta ut med syn der historia til kristne europearar vart einaste malen for kulturutvikling. Det vart vanskeleg å sjå framveksten av europeisk lovgjeving som følgje av kontakt med arabiske og jødiske samfunn.
Riksdekkjande lovbøker vaks likevel nett fram på Sicilia og i Kastilja, der slike kulturmøte var svært omfattande.
Las Siete Partidas og Kongsspegelen
I ei hovudoppgåve i historie frå 1967 dokumenterte Ingeborg Gløersen likskap mellom Las Siete Partidas og Kongsspegelen, eit hovudverk i strevet for styrke den norske statsmakta. Ordlyden i reglane for høvisk framferd og krigføring i Kongsspegelen er den same som i dei spanske lovparagrafane. Historikaren Marlen Ferrer har óg samanlikna norrøne og spanske kulturuttrykk. Gløersen meiner ideala om at kongen skal vere gåvmild er uttrykk for arabisk påverknad på Las Siete Partidas som seinare vart førd vidare i den norrøne teksta. «Det er heilt motsett», hevdar Ferrer, «idealet om den gåvmilde kongen er noko ein finn i fleire europeiske kjelder». Ho trur «Gløersen gjer eit alvorleg mistak ved at ho ikkje granskar dei i eit breiare europeisk perspektiv».
Ferrer ser for seg ei «sams europeisk utvikling der kongemakta freistar å vinne fram i eit valdeleg samfunn ved å utvide påverknaden sin til andre område enn det militære».5 Kongemakta vil ha einerett både til å utøve vald og til å dømme om rett og urett. Ferrer avviser freistnadene til Gløersen på å granske tilhøvet mellom islamsk og romersk rett. Ho legg vekt på samlinga av lovverka til å verte nasjonale og strevet med å reise einheitlege statseiningar. Ho ser ikkje at denne utviklinga kan henge saman med erfaringar frå islamske samfunn.
I Las Siete Partidas vert kongemakta likna med ein hage der kongen er eigaren, folket trea og dei kongelege tenestemennene er gartnarane. Gløersen seier denne «lignelse er tatt fra skrifter som bygger på arabiske kilder.»6 Truskap og lydnad er viktige arabiske omgrep. Ingen andre stader i Europa fann idear om kongeleg styreform som vitskap betre grobotn enn ved hoffet til Alfonso X. «Den kosmopolitiske forsamling som vi finner der, er selve virkeliggjørelsen av de gamle orientalske kongers hoff med en samling vise menn ved kongens side.»7
Gløersen meiner det er «grunnlag for å anta at Las Siete Partidas har stått som forbilde for den norske forfatter av den siste del av Kongespeilet.»8 Ho er klar over at desse tankane er omstridde. Mykje av litteraturen om rettstilhøve, «bygger på arabiske kilder, og de spanske forskere har likesom hatt en viss motvilje mot å godta dem som kilder.» Likevel har fleire forskarar «antydet at man burde få i stand en slik undersøkelse, så man kunne få full oversikt over hvilken innflytelse den orientalske kulturen hadde hatt på den spanske sivilisasjonen».9
Tryggleik – ikkje tvang
Den sveitsiske diplomaten og juristen Boisard meiner Las Siete Partidas er bygd på lovsystemet i det muslimske al-Andalus. Dette kjem særleg klart fram i delane av lovverket som handlar om kongemakt og væpna konflikt.10 På slutten av 1800-talet gjorde den belgiske juristen Ernest Nys fleire undersøkingar om framveksten av folkeretten. Han heldt av ein særleg framifrå plass for «den geniale europeiske skaparevna» i denne utviklinga. Likevel gjorde han merksam på at viktige delar av dei nye rettstilhøva mellom nasjonane hadde opphav i dei islamske samfunna i al-Andalus.11 Han vedgjekk at påverknaden «frå muslimsk lov på mange måtar var svært tydeleg» i utforminga av lovverket til Alfonso.12
Las Siete Partidas inneheld instruksar om tryggleiken til framande. Presteskapet skulle gje asyl til folk på flukt. I samsvar med eldre islamske reglar, gav lova óg særskild vern til barn og gamle, kvinner og uføre. Behandlinga av skadde soldatar i krig var noko krossfararane lærde av muslimane. Sjukehus skulle ta like godt vare på fiendtlege soldatar som eigne troppar. Dei første feltsjukehusa i det kristne Europa vart oppretta i Spania på 1400-talet. Dei katolske monarkane Ferdinand og Isabel tok over den islamske praksisen med mobile einingar for å behandle skadde soldatar.13
Det muslimske Valencia vart erobra i 1238. For å sikre kontroll over området, vart kong Jaime I av Aragon meir ein etterfølgjar og forsvarar av islamsk rettsoppfatning enn ein som tvinga eit nytt regime på befolkninga.14 I fleire tiår heldt muslimane fram med væpna motstand. Ei rekke med kapitulasjonsavtaler viser at Jaime respekterte tradisjonane til dei han la under seg. For å kunne dømme nokon kravde retten at det fanst vitne frå den religiøse grupperinga til den som var tiltalt. Ingen kristne eller jødar kunne aleine vitne mot ein muslim. Da festningane i Valencia fall, fekk dei tapande slottsherrane fredsvilkår som gjorde at dei framleis hadde makt og autoritet i lokalsamfunnet. Islamsk lov og religion skulle verke som før. Slike vilkår fekk òg dei kristne der muslimane sigra.15 Dette var ein gamal tradisjon i islam. Dei tidlege kaliffane godtok skikkane der dei vart herskarar. Blant dei første høge embetsmannspersonane i islamsk Spania var det fleire kristne. Så seint som i siste halvdel av 1400-talet hadde sultanane i Granada ein eigen kristen ryttargarde.16
Samling av rettsreglane
I løpet av 1000-talet braut sentralmakta i al-Andalus saman. Etter framgang for dei kristne fyrstane, gjekk nordafrikanske troppar inn og verna det islamske styret. Ei gruppering kalla almohadane fekk kontroll over det som var att av riket. Den tunisiske rettshistorikaren Raja Sakrani hevdar almohadane skapte grunnlaget for ei omfattande med eit einheitleg rettsapparat. For europeiske idéhistorikarar er filosofen Ibn Rushd, eller Averroes som dei kallar han, mest hugsa som formidlar av læra til Aristoteles. Sakrani skriv at dei «vert tagale når det gjeld den store påverknaden han hadde på reformar i rettsapparatet» som dommar og justisminister.17 Den spanske historikaren Maribel Fierro seier heile den «intellektuelle verksemda til Averroes var finansiert av almohadekaliffane».18 Etter Averroes skulle kongen vere både filosof, lovgjevar og den som utøvde statsmakta. Alfonso X ville framstå som ein monark med mykje av dei same kjenneteikna som islamske herskarar. Han freista gjennomføre standardiserte einingar for vekt og mål, med arabaisk terminologi som fellesnemnar. Fierro har kalla han den siste almohadekaliffen.
Med tida vart kommandittselskap også vanlege for kristne handelsføretak. Etter samanbrotet for det romerske imperiet vart hamnene i Middelhavet ei rik kjelde for handelsverksemd som gjorde økonomisk oppgang mogleg i Europa jamvel nord for Pyreneane. Ikkje berre kjende muslimane til ein kapitalistisk sektor i økonomien, «denne sektoren var jamvel heilt klart den største og mest utvikla i historia før det vesteuropeiske borgarskapet skapte verdsmarknaden.»20 Det går ikkje lenger å seie at islamske lovreglar berre var skjønsmessige avgjerder med eineherskaren som vilkårleg domstol.
Økonomiske nyvinningar
Eld og kokande vatn
Ikkje berre kristentrua
Islam kan jamvel ha vore ei inspirasjonskjelde for noko så erkeengelsk som collegesystemet ved universitetet i Oxford. Merton College er eit av dei eldste og vart oppretta for å gje studentar husrom, mat og stipend. Juristen Gaudiosi meiner Merton College heilt frå starten i 1264, følgde retningslinjer som var henta frå islamske føretak. Forskarar har strevd med å forklare kvar grunnleggaren Walter de Merton fekk ideen frå da han skapte denne lærestaden. Dei har førestelt seg fleire moglege førebilete. Ingen har funne på å ta for seg den islamske ordninga waqf, der ei verksemd vert drive med gåvemidlar. Gaudiosi meiner det er meir truleg at Merton fekk inspirasjon til systemet sitt frå «den islamske waqf heller enn frå ei rad med ulike institusjonar».32
Maya Shatzmiller har skrive om eigedomsrettane for kvinner i det muslimske Granada på 1400-talet. Grunnlaget for forskinga hennar er dokument om samfunnslivet i al-Andalus. Det dreier seg om papir som testamente, ekteskapskontraktar, skøyte på eigedom og fordeling av arv. Shatzmiller fann at kvinner i Granada hadde særskilde rettar når det galdt både eigedom og tilhøva rundt fødslar og graviditet. Kvinner hadde rett til å bestemme over eigen kropp når det galdt fødselskontroll. Om dei amma eigne barn hadde dei rett til å verte lønna av ektemannen for dette. Om ektemannen hadde samleie med mindreårige hustruer vart dette rekna som eit åtak på eigedomsrettane hennar. Eit slikt åtak kunne få økonomiske følgjer for ektemannen.33 Kvinner hadde arverett og rett til å rå over personleg eigedom. Medgifta var eigedomen til kvinna og følgde henne så lenge ekteskapet varte. Ho kunne ikkje verte tvinga til å dele desse med mannen. Ho kunne skilje seg dersom mannen ville ha ei kone nummer to. Funna til Shatzmiller syner at kvinner hadde større rettar etter lova enn det ein tidlegare har trudd. Med vernet ekteskapsreglane gav for eigedom kvinner rådde over frå tidlegare, kunne dei ta opp lån og gjere eigne investeringar.
Historikaren Rustow seier juridiske rettar for den einskilde kan utvikle seg, «jamvel om dei ikkje er halde oppe av ein moralsk eller antropologisk teori om garantiar slik ein assosierer det med opplysingstida i Europa.» Oppfatninga om rettsstaten som ei «oppfinning av europearar og kolonistar på 1700-talet er rett og slett usann», seier ho. Islamske lovtekster hadde klare bilete av rettsreglar uavhengig av om dei var stødde av guddommelege påbod eller ikkje. Dette rettsvernet var verken «større eller mindre enn den støtta dei universelle menneskerettane har i dag».34
Midtaustenforskaren Lisa Watanabe gjer merksam på at «den moglege påverknaden frå islamske rettsordningar på lovverket i Vesten» er lite kjend utafor særskilde forskarmiljø. Dersom berre nokre av dei viktige europeiske rettsordningane som utvikla seg i tidleg mellomalder kunne ha ein snev av islamsk opphav, meiner ho dette er viktig for å forstå framveksten av den moderne staten.35
I den norske granskinga av rettshistoria er kunnskapen om sambandet mellom islamsk og kristeneuropeisk lovutvikling lite synleg. I 2024 skal ein feire 750-årsjubileet for landslova til Magnus Lagabøter. Det er å vone at jubileet kan verte eit høve til å gje kunnskap om den islamske påverknaden på den vestlege lovutviklinga. Utviklinga av rettsstaten har ikkje berre opphav i det kristne Europa.
Noter
2 Koht
1926 s. 22
3
Tordsson 1979 s. 297
4 Ferrer
2008 s. 142-143
5
Ferrer2008 s. 206
6 Gløersen
1972 s. 40
7
Gløersen 1972 s. 58
8
Gløersen 1972 s. 100
9
Gløersen 1972 s. 19-20
10
Boisard 1980 s. 435
11 Nys
1917 s. 55
12 Nys
1917 s. 63
13
Garrison 1922 s. 95
14 Burns
1973 s. 256
15 Burns
1973 s. 118
16 Arié
1973 s. 316
17
Sakrani 2014 s. 99
18 Fierro
2009 s. 26
19 Banaji
2007 s. 57
20
Rodinson 1973 s. 56
21
Ghazanfar 2007
22 Heck
2006 s. 285
23
Pirenne 1939 s. 169-174
24
Makdisi 1999 s. 1731
25
Makdisi 1999 s. 1665
26
Makdisi 1999 s.1671
27
Watanabe 2012 s. 67
28 Mégret
2008 s. 7
29
Boisard 1980 s. 445
30
Makdisi 1999 s. 1706
31
Makdisi 1989
32
Gaudiosi 1988 s. 1255
33
Shatzmiller 2007 s. 95
34 Rustow
2013 s. 326
35 Watanabe 2012 s. 6
Litteratur
Arié, Rachel (1973) L’Espagne musulmane au temps des Nasrides (1232- 1492).Paris
Banaji, Jairus (2007) Islam, the Meditteranean and the Rise of Capitalism. Historical Materialism 15
Boisard, Marcel A. (1980) On the Probable Influence of Islam on Western Public andInternational Law. International Journal of Middle Eastern Studies 11
Burns,Robert Ignatius (1973) Islam under the Crusaders. Colonial Survival in the Thirteenth-Century Kingdom of Valencia. Princeton.
Ferrer, Marlen (2008) Emotions in Motion. Emotional Diversity in 13th Century Spanish and Norse Society. Oslo
Fierro, Maribel (2009) Alfonso X “The Wise”: The Last Almohad Caliph. I Ivy A. Corfis(red.) Al-Andalus, Sepharad and Medieval Iberia: Cultural Contact and Diffusion. Leiden
Garrison, Fielding H (1922) Notes on the History Of Military Medicine. Washington
Gaudiosi, Monica M (1988) The Influence of the Islamic Law of Waqf on the Developmenton the Trust in England: The Case of Merton College. University of Pennsylvania Law Review 136
Ghazanfar, haikh M. (2007) Capitalistic Tradition in Early Islamic Civilization, paper presented at the International History of Economic Society Conference, held at George Mason University, Fairfax, Virginia, June 2007
Gløersen, Ingeborg (1972) Kongespeilet og Las Siete Partidas. Oslo
Harris, Ron 2008) The Institutional Dynamics of Early Modern Eurasian Trade: The Commenda and the Corporation http://works.bepress.com/ ron_harris/12/
Heck, GeneW (2006) Charlemagne, Muhammad and the Arab Roots of Capitalism. New York
Koht, Halvdan (1926) Norsk bondereisning: fyrebuing til bondepolitikken. Oslo
Makdisi,George (1989) Scholasticism and Humanism in Classical Islam and the Christian West. Journal of the American Oriental Society 109 Makdisi, John (1999) The Islamic Origins of the Common Law. North Carolina Law Review 77
Mégret, Frédéric (2008) A Cautionary Tale from the Crusades? War and Prisoners in Conditions of Normative Incommensurability. I Sibylle Scheipers, (red.) Prisoners in War, Oxford
Nys, Ernest (1917) Introduction.
Sakrani, Raja (2014) The Law of the Other, An unknown islamic chapter in the legal history of Europe. I Rechtsgeschichte Legal History 22. http://www.rg rechtsgeschichte.de/rg22
Shatzmiller, Maya (2007) Her Day in Court. Women´s Property Rights in Fifteenth- Century Granada. Cambridge
Sunde, Jørn Øyrehagen (2018) Samfunnets verdige trengande - korleis Landslova av 1274 revolusjonerte det norske samfunnet. Føredrag Hardanger og Voss Museum 09.06.2018 http://www.agatunet.no/aktuelt/nyhende/2018/5/foeredrag-med-professor-joern-øyrehagen-sunde
Tordsson, Sturla (1979) Soga om Håkon Håkonsson. Noregs kongesoger 4. Oslo
Watanabe, Lisa (2012) The Possible Contribution of Islamic Legal Institutions to the Emergence of Rule of Law and the Modern State in Europe. I Nayef R. f. Al-Rodhan (red). The Role of the Arab-Islamic World in the Rise of the West:Implications for Contemporary Transcultural Relations. Palgrave Macmillan.
Kommentarer
Legg inn en kommentar
Skriv gjerne en kommentar!