Mezquita-Catedral de Córdoba.
Eurosentrisme i norske
historiebøker
Innleiing
Islamsk påverknad på den iberiske halvøya i perioden frå den arabiske invasjonen i 711 og fram til utkastinga av dei siste muslimane i 1611 er ikkje rekna som viktig for europeisk historie. Denne artikkelen tek for seg synet på det muslimske Spania i eit utval norske historiebøker. Biletet av eit sivilisert Europa som med naud og neppe unngjekk å verte underlagt islam, er hovudbodskapen i desse bøkene. I dei mest moderne verka, vil ein gjerne unngå den såkalla eurosentralismen, trua på at tilhøva i Europa er målestokken for alt anna. Forfattarar som meiner dei ikkje ser verda med europeiske auge, let likevel ikkje dei iberiske muslimane få vere europearar. Dei godtek at det islamske Spania ikkje rettmessig høyrer med når ein skriv om korsleis Europa vart til. Inntrykket lesarane sit att med er at ein flokk halvville nomadar hærtok den iberiske halvøya og aldri vart noko anna enn eit framandelment før dei vart fordrive av djerve kristne etter ein lang gjenerobringsskrig. Sanninga er at dei fordrivne var like spanske som fordrivarane.
Tradisjonen i historieundervisinga har vore at kristendommen og Spania er eitt og det same. Muslimane høyrde ikkje heime der. Med eit slikt utgangspunkt, har historikarar i alle år etter den kristne erobringa gjort det dei har makta for å hylle den kaolske overmakta. I 1865 vart det gjeve ut ei “Lærebog i Verdenshistorien med Hensyn paa Cultur, Literatur og Religion for høiere Skoler og til Selvbelærelse”. Boka var ei omsetjing av eit verk av den tyske historikaren Georg Weber. Her kan ein lese at dei kristne i Spania “blev mildt behandlet af Araberne. I mod en billig Skat turde de leve overensstemmende med deres Love, deres Religion og deres Sæder, kun Herredømmet blev hos Seierherrene”. (Weber 1865:165) Weber skriv at den despotiske Filip II midt på 1500-talet befalte at etterkommarane etter muslimane skulle gje opp språket sitt, nasjonaldrakta og den særeigne levemåten dei hadde.
Då dei ikkje nådde fram med fredelege protestar mot dette, gjekk dei til væpna motstand for “at redde den siste rest af deres Nationalitet.” (Weber 1865:266) Etter “en toaarig blodig Krig bukkede de under for Don Juans, Philips Halvbroders overlegne Magt og Krigskonst, hvorpaa de tilbageblevne Moriskos deels bleve henrettede, deels forflyttede til andre Egne af Castilien.” Førti år seinare år vart dei siste muslimane kasta ut av Spania. “Da forlod henved 800 000 Maurer, Mænd og Quinder, Oldinge og Børn deres Fedreland, deres blomstrende Agre og deres af dem selv opførte Boliger, for atter at føre et Beduinliv paa Afrikas Kyster eller som Fribyttere at tage Hævn paa deres Plageres Skibe. Snart laae det sydlige Spaniens Vange øde”. (Weber 1865:266-67)
Boka har eit føreord frå 1846. Då det vart
skrive var det gått omlag like lang tid sidan muslimane hade vorte kasta ut,
som det no er gått sidan Weber fortalte om det. Enno er denne sida av historia
ukjend for norske skoleelevar og studentar. Historikarane har halde fram
som talerøyr for den sigrande parten i denne første spanske borgarkrigen.
Den katolske grunngjevinga for nedslaktinga er ført vidare fram til i dag.
Karl Martel frelste Europa
I 1880 kom Rasmus Tønder Nissen med ei bok om “Verdenshistoriens vigtigste Begivenheder i fragmentarisk Fremstilling”. “Fra Spanien gik araberne over Pyrenæerne ind i Frankrige”, skriv han. “Men den franske konge hadde i sin tjeneste en dygtig mand, Karl Martel. Han mødte araberne ved Poitiers, slog dem og drev dem tilbage over Pyrenæerne.” På denne måten frelste Karl “Europa og Christenheden fra en stor Fare.” (Tønder Nissen 1880:117) Hans Schjøth ga i 1883 ut ei “Lærebog i verdenshistorie for Middelskolen”. Schjøth skreiv at Karl Martel “vandt sig et udødelig navn ved sin seir over araberne”. Denne seiren “reddede Vesteuropa fra muhammedanismen”. (Schjøth 1883:126-27)
Oskar Kristiansen ga ut ei lærebok for folkeskolen i 1896. Etter det han hadde fått med seg, var det slik at når arabarane “gik over Pyrenæerne og ville legge under sig Frankrike, tabte de et stort slag mot frankerne. Dette slag satte en stopper for arabernes fremgang i Europa”. (Kristiansen 1896:28)
I ei lærebok frå
1894 av Albert Kjær heiter det at om Frankrike var “blevet indtaget, kunde
det have set galt ud for hele det civiliserte Europa”. (Kjær 1894:59)
Må ein spansk muslim vere arabar?
I boka til Kristiansen frå 1896 får elevane lese at det framleis etter den katolske maktovertakinga var mange arabarar i Spania. Om ein meiner befolkninga som hadde budd i landet i alle år etter at styret til vestgotarane gjekk under, men som snakka arabisk, er det kanskje rett å nytte namnet arabarar. Ein kunne tenkje at sidan folk snakka arabisk og var muslimar måtte dei vere arabiske. Om dette var rett, måtte ein som snakka engelsk og var kristen i Australia, USA eller andre engelsktalande land i verda, like fullt vere engelsk. Men kulturelt og samfunsmessig var det utvikla store skilnader mellom folket i al-Andalus og arabarane. Det ville ha vore riktigare å tale om eit folk som gjennom påverknad frå jødedøm, kristendom og islam hadde utvikla seg til ein spansk nasjon.
Kristiansen er langt frå aleine om å nytte nemninga arabarar på folk i Spania. Det er denne nemninga som framleis vert nytta i norske skolebøker. Kristiansen er av dei få forfattarane som problematiserer tilhøvet mellom etterkommarane til dei spanske muslimane og dei katolske herskarane. Årsaka til at “arabarane” vart forfølgde var at dei var muslimar. Dei katolske kongane ”dræbte dem eller jaged dem ud af landet. Dette blev til stor skade for Spanien. Thi araberne var flittige og dygtige, og Spanien misted paa den maade sine bedste borgere”. (Kristiansen 1896:84)
Elevar som las boka til Kjær frå 1894, fekk òg greie på konfliktane mellom den opphavelege befolkninga i det muslimske Spania og dei nye styremaktene etter den katolske erobringa av Granada. Kjær skriv: “Spanierne selv havde liden lyst til at arbeide, men efterkommerne til maurerne havde ved flid gjort Sydspanien til et frugtbart land. De var bleven tvungne til at blive kristne, men Filip troede dem ikke og plagede dem saa at de i fortvivlelse gjorde opstand. Krigen blev ført med stor grusomhed fra bægge sider, og endte med at de flittige folk blev fordrevet fra sine boliger. Landets opdyrkning, handel og fabrikdrift gik da tilbage og Spanien havde ved Filip II´s død (1598) tabt sin stilling som Europas første stormagt. Endnu verre blev det under hans efterfølgere. Maurerne blev da ganske drevet ud af Spanien som dermed mistede 60 000 af sine flittigste indbyggere.” (Kjær 1894:125) Truleg er det ein null for lite her. Over ein halv million menneske kan ha vorte jaga ut av landet sitt.
Etter det som skjedde på Balkan på 1990-åra fekk omgrepet etnisk reinsing
eit konkret innhald. Ein kan no lære om dette i historieundervisinga. Utvisinga
av dei spanske muslimane frå heimlandet deira i 1609 er det framleis få som
får høyre om. Saman med omsetjinga av boka til tyske Georg Weber frå 1865 og
Kristiansen frå 1896 er det Kjær her skriv einaste staden norske skoleelevar
har kunne lese om den etniske reinsinga som fann stad under dei katolske
kongane 400 år før hendingane på Balkan. Gjennom heile nittenhundretalet
vart det truleg ikkje skrive ei einaste bok som tok for seg denne etniske
reinsinga på eit meir seriøst grunnlag enn det desse svært gamle forfattarane
har gjort.
Arabarane strøymde på, men vart stogga
I første bind av “Illustreret verdenshistorie” frå 1916, med Nordahl Rolfsen som redaktør, les vi: “Da araberne nu i aaret 711 rykket derover og styrtet vestgoternes rike, strømmet en ny befolkning over i det nyuvundne land.” Dei “trængte ustanselig frem og overstrømmet Sydfrankrike til de i 732 blev slaat ved Poitiers og senere Karl den store drev dem tilbake til egnene syd for Ebro.” (Edvard Lehmann i Rolfsen 1916:525)
Halvdan Koht skreiv i same boka at arabarane “stormet frem på sine rappe hester”. Karl Martel “tok imot dem med sin hær paa marken utenfor Poitiers. I syv dage sto de to hærer og passet paa hverandre, saa gik araberne til angreb, mens frankerne stod som en jernmur og satte spydet mot hestene. Da blev arabernes hær splittet og maatte trække sig tilbake. Karl Martel hadde berget Europa.” (Koht i Rolfsen 1916:470-71)
Sigmund Skard omsette i 1929 ein krønike om Karl den store. Den frankiske munken Einhard fortel om kor ille medfart arabarane fekk. Karl “strauk dei slik at dei laut ha seg attende til Spania”. I ein fotnote skriv Skard at Karl Hamaren stogga “heile den arabiske folkevandringa mot nord. Samtidi hev ikkje nåme nær skyna på, kor stor ein fare han dermed bægde”. (Skard 1929:37-38)
Britiske Helen Corke, skreiv verk som vart omsette til norsk før andre verdskrigen og i mange år nytta i skolen. Ho har med seg at arabarane “flommet” over heile Nord-Afrika. “De drog også over Gibraltarstredet og tok det meste av Spania også”. Dei “holdt på å bre seg over hele Europa”. Krigarar “som ropte Muhammeds navn hadde dratt fra Spania inn i Frankrike. Men der ble de stoppet. I 732 stod det en svær kamp ved Poitiers ved Loireelven. Der slo Karl og frankerne hæren deres aldeles og jog dem tilbake over grensefjellene”. (Corke 1935:114-115) Her får ein inntrykket som var det vanlege, det dreide seg om ein einskild hær av arabiske soldatar som storma fram, men som vart stansa og jaga.
Ole Iver Knudsen Lødøen vart nytta i historieundervisinga fram til etter 1945. Han har ein sveip innom skjebnetimen for Europa i slaget ved Tours i 732. Han er interessert i tal og tek hardt i. “Efterat araberne hadde tatt Spania, drog de med 100 000 Krigere nordover Pyreneerne”. Mange av dei “var ‘riddere’ og kledd i jernrustninger. Når de stilte seg op side om side, rettet de lange lansene sine fremover og red frem i fullt firsprang, var hver mann jevngod med 10 krigere til fots. Likevel greide frankerhøvdingen Karl Martel å slå araberne ved Loire og folk trodde den gang at han hadde reddet Europa fra å bli muhammedansk”. (Lødøen 1936:39)
Slik er lærebokbiletet.
Arabarane la “i en fart” under seg land etter land “og kristendommen ble omtrent
utryddet”. Det finst likevel formildande trekk: “I landene ved det østlige
Middelhav lærte araberne meget av de gamle hellenske videnskaber.” Dei
gamle grekarane ligg såleis bak og styrer arabarane. “Fra India fikk de
10-tallsystemet som senere gikk fra dem til Europas folk. De opprettet universiteter
feks i Spania. Ja, i byen Cordoba i Spania hadde de også mange folkeskoler og
nesten alle kunde lese og skrive. Det gikk flere hundre år før Europas egne
folk nådde så langt.” (Lødøen
1936:39) Dei som budde i det muslimske Spania skal tydelegvis ikkje ha æra
av å vere skikkelege europearar.
Frankarane derimot legg ikkje under seg framand land
I andre bindet av “Verdenshistorie” som Jacob S Worm-Müller redigerte i 1938 kan vi lese om felttoget som Karl den store sette i verk mot muslimane. ”Anledningen gav en arabisk guvernør i Barcelona som gjorde opprør mot kaliffen i Cordoba og bad om hjelp. Karl kunne til slutt innlemme ‘den spanske mark’, landet nord for Ebro i sitt rike.” (Worm-Müller 1938:38) Her var det ikkje snakk om å gå over Pyreneane for å leggje under seg framand land. Som god kristen nøgde Karl seg med å innlemme område i eige land. Han var ingen inntrengjar.
I verket til Worm-Müller heiter det at makta til maurarane rett nok vara meir enn dobbelt så lenge som styret til gotarane, ”men hele tiden levde adskillig kulturgods fra før erobringen videre, i retsliv, social struktur og økonomi”. Med ein gong hadde arabarane stor kraft. Etterkvart dabba dei av. ”Berberne og araberne kom ille overens og den saracenerhær som Karl Martel fikk til å vende om ved Tours eller Poitiers i 732, eide ikke arabernes gamle slagkraft”. (Worm-Müller 1938:27)
Etter den katolske
erobringa av Granada får vi høyre at her ”bodde mengdevis av jøder og ennu
flere morisker, folk av maurisk avstamming som i navnet var kristne, men
allikevel holdt fast ved sine forfedres skikker. Kongen ville ikke ha den
skjendsel sittende på seg at Spania og Portugal rummet det minste avvik fra
rettroenheten og disse fremmede elementer ble forfulgt på det grusomste.
Av moriskene led flertallet døden, mens det lyktes for jødene å flykte”. (Worm-Müller 1938:228)
Ein kan undre seg kvar forfattaren henta desse opplysningane. Jødane vart
som kjent kasta ut av landet sitt med ein gong etter 1492, medan etterkommarane
til muslimane ikkje vart drepne. Dei vart i staden tvangsdeporterte i ein
storstila aksjon så seint som på byrjinga av 1600-talet, altså fleire generasjonar
etter den katolske sigeren.
Arabarane var boklærde, men utan original kunnskap
I 1940 hadde Oden Fagerjord gjort ferdig ei historiebok for folkeskolen der fekk elevane høyre mykje fint om arabarane. Ord som lærde, framifrå, velstelte og fine vert nytta. Arabarane “var dugande foregangsmenn for folket i Europa.” Etter Fagerjord var arabarane boklærde. “Dei hadde dugande lækjarar og medisinmenn og bygde sjukehus og apotek”. I Spania “grov dei svære kanalar og vass-veiter gjennom regnfattige sletter og gjorde audsleg jord om til grøderike åkrar.” (Fagerjord 1940:41) Samstundes les vi at det aller beste for dei var “å gå i krig og føra læra om Allah vidare fram til andre folk. Den som fell i striden, kjem beint inn i paradiset.” Det er ingen grunn for dei til “å væra redd fienden, for kvar mann døyr likevel til fastsett tid, anten han sit heime eller er ute og slåst.” Arabarane “budde seg til å ta heile Europa, men tapa mot frankarane.” (Fagerjord 1940:41)
Frankarkongen Karl den store hadde nemleg
tømra Romarriket i “hop att, for han meinte det same som paven i Roma at det
var rimeleg at eit stort heimsrike saman med kyrkja skulle styre alle kristne
land og kongar.” (Fagerjord 1940:39) Og då kunne det ikkje vere meir enn rett
og rimeleg at framande folkeslag måtte ha seg unna. Karl den store strøymde
derfor ikkje slik arabarane gjorde, over Pyreneane. Han berre “tok ein lut
av Spania”. (Fagerjord 1940:39) Det Fagerjord ikkje nemner er at Karl hadde
planar om å leggje det muslimske al-Andalus under sitt katolske velde. Han
hadde fått løyve av paven om å setje krigen i gang under påskot av at det var
snakk om å forsvare kongedømmet mot arabisk invasjon. Desinformasjon
og propaganda var allereie den gongen avanserte middel for å nå politiske
mål.
Arabisk ekspansjon, nærmast ein naturkatastrofe
Ord som flomme, strøyme, trengje fram og storme er vanlege når historikarane vil skrive om arabisk ekspansjon, nett som det dreide seg om naturkatastrofar. Bernhard Stokke ga ut fleire verk om historie og samfunnsliv til bruk i skolen. I 1947 skriv han: “Spanjerne hadde nettopp tatt Granada fra araberne. Dermed var det ute med araberriket i Spania. Nå var det glede i landet….” (Stokke 1947:281) Stokke nytta som mange andre også uttrykket at arabarane “satte over til Spania og tok hele halvøya” i 711. (Stokke 1947:270)
Jens Hæreid vart nytta som lærebokforfattar i mange år fram til etter andre verdskrigen. Han nemner at gotarane i si tid dro “gjennom Gallia til Spania og rådde riket der, til araberne kom og tok det”. (Hæreid 1947:47) Arabarane “brøt inn i Frankrike og, men frankerne slo dem og tvang dem til å vende tilbake til Spania”. Vidare får vi vite at i Spania “ble erobrerfolket kalt maurer. De bygde kostbare vassledninger, og de dyrka jorda så godt at det enkelte steder kunne bu 10 ganger så mange folk der som før. De avla silke, bomull, ris og sukker, og de hadde veverier og papirfabrikker. I Sevilla skal det ha vært 60 000 vevstoler. Araberne studerte ivrig de gamle greske skrifter og granska videre sjøl”. “Først omkring 1500 ble araberne drevet bort fra Spania. Nå er det ikke mye igjen av verdensriket deres”. (Hæreid 1947:53-54)
I verket “Fedrelandet og verda” frå 1947 av Aksel Skretting les vi at arabarane “hadde lært mykje av hellenane og dei stod i lange tider framom folka i Europa både i bygningskunst og i mange vitskapar.” (Skretting 1947:72)
Anton Ræder sto bak ei bok om “Historien
i fortellinger” i 1949. Her kan ein lese korleis arabarane såg ut.
“Ansiktet er gjerne vakkert og øynene mørke og hvasse”. Dei er “trofaste i
vennskap og gjestfrie, men de synes ikke det er galt å røve, og blodhevn går
i arv”. (Ræder 1949:87)
Johan Schreiner meiner misjonering var framand for muslimane
I Aschehougs Verdenshistorie frå 1953, skriv Johan Schreiner ein opplysande artikkel. strid med skildringane til hovuddelen av historikarane gjer han ikkje frankarane til europeiske redningsmenn: “Karl Martells seier ved Poitiers i 732 brakte ikke en avgjørende vending”, skriv han. “Berbertroppene ble nemlig slett ikke tilintetgjort; fra sitt støttepunkt i Narbonne representerte muhammedanerne fremdeles en maktfaktor selv om de aldri mer truet det indre av Frankrike. Først i 759, altså innpå en mannsalder senere, kunne Pipin erobre denne byen. Og det var bare med oppbud av all sin kraft at Karl den store ved begynnelsen av 800-tallet var i stand til å skyve grensen tilbake over Pyrenéene.” Schreiner gjev eit bilete av kva som skjedde etter samanbrotet for vestgotarane i 711. “I likhet med sine germanske forgjengere, klarte heller ikke muselmanene å trenge inn i Asturias, det baskiske fjellområdet i kystlandet ved Biskaiabukten”.
Han er fri for dommedagsprofetiane andsynes islam. “All den stund muhammedanerne var fritatt for skatt, nærte herrefolket ikke noe ønske om å drive propaganda for Islam, en masseomvendelse ville bare føre til finansielle vanskeligheter.” Misjonering var i det heile framand for muslimane, slik Schreiner såg det. “Det stod alle undertvungne fritt å leve etter den tro og kultus som de på forhånd hadde. Kristne menigheter fikk et selvstyre de aldri hadde kjent til under Bysants; kirke- og klosterliv kunne utvikle seg uten direktiver utenfra. I dette stykke opptrådte seierherrene med en fordomsfrihet som det samtidige Europa var helt fremmed for.” (Schreiner 1953:95-96)
Om vi les det
Schreiner skriv, får vi óg høyre om andre skildnader mellom dei kristne og
muslimane: “Rent kunnskapsmessig evnet europeerne saktens å komme på
høyden, de tilegnet seg med begeistring innholdet i hvert oversatt skrift.
Men noe mer ble det i regelen ikke tale om. Det hørte til sjeldenhetene at
man følte behov for å nå ut over det skrevne ord ved selv å samle materiale
fra virkeligheten. Araberne derimot var sanne naturvitenskapsmenn, som
alltid ønsket å kontrollere hva andre lærte gjennom egne forsøk og iakttagelser.”
(Schreiner 1953:298)
Klima som forklaring på samfunnsendring
Svenske Carl Grimberg, mannen bak det populære verket om “Menneskenes liv og historie”, har ikkje ein altfor høg stjerne mellom moderne faghistorikarar. Store praktverk er ein sjanger som skuldast for å sjå historia berre med europeiske auge. “Ved Poitiers målte Nordens og Sydens hærer krefter med hverandre år 732. Nordisk temperament og fysisk styrke viste seg i lengden å være sydlendingene overlegne, og kaliffens kavaleri ble hjelpeløst kastet tilbake fra jernmuren av frankiske krigere.” “Muhammeds lære slo aldri ordentlig rot i det kalde klimaet i Mellom-Europa”, heiter det hos Grimberg. “I likhet med daddelpalmen trives ikke islam andre steder enn i tropiske og subtropiske land.” (Grimberg 1966:206)
I Aschehougs verdenshistorie frå 1984, skriv Erik Gunnes: ”Vestgotiske motstandslommer ble organisert i de asturiske fjell, og her dannet det seg etterhvert et lite kongedømme, som trengte araberne noe tilbake omkring midten av århundret. Antakelig var den arabiske støtkraften brukt opp. Tokt inn i Frankrike kunne nok virke farlige nok i første omgang, men da araberne støtte på motstand, ble angrepene snart oppgitt. I det lange løp viste verken berbere eller arabere seg særlig interessert i Nord-Europa heller. Klimaet passet dem ikke og få slo seg ned der.” (Gunnes 1983:110) Det er problematisk å nytte klima som forklaring på samfunnsendring i historia. Kva skal ein seie om muslimane i det snødekte Balkan? Om ein vil svare dei ikkje var arabarar, kvifor skal så ikkje befolkninga i det muslimske Spania, sleppe å vere beduinar og nomadar?
Verdenshistorie er óg namnet på ein stor serie Cappelen ga ut på 1980-talet. I bind 9 frå 1984, skriv Erik Kjergaard og Troels Dahrup om tilhøva for den opphavelege befolkninga i Granada etter den katolske erobringa. ”Det ble forbudt for arabiske kvinner å bære slør, og etter en overgangsperiode på tre år måtte ingen snakke arabisk lenger. Men var de muslimene som lot seg døpe, los moriscos, oppriktige?” (Kjergaard og Dahrup 1984:175)
Her får ein truskuldig lesar vite at det på 1500-talet fanst arabiske kvinner i Spania og at dei kunne la seg døype. Ein må jo då og tru at dei kunne la vere om dei fann det for godt. Korleis kan ein meine at kvinnene i Granada var arabiske? Kva slag assosiasjonar er det ein her vil fram til? Det kan i alle høve ikkje vere at dei som budde her, var like spanske som nokon i det nye katolske kongedømmet.
Kåre Lunden lét seg òg rive med av meteorologien.
I 1990 skriv han: “Det heiter at arabarane treivst ikkje i nordvest. Klimaet
var hardt, jorda i fjellområda var sparsam og skrinn, byane små. Arabarane
treivst berre der det var store byar og der oliventreet veks, heiter det.”
(Lunden i Fuglestad og Egge 1990:22)
Europa styrker seg
Ole Jørgen Benedictow har skrive ei lærebok for vidaregående skole som kom i 1998. Han meinte frankarane gjorde ende på plyndring og herjing i Europa. Han er full av lovord om dei. Han skriv som om det var heilt utan tvil at arabarane hadde planar om å erobre frankarriket. Den velorganiserte motstanden dei her møtte vart derimot for stor for dei. “Deretter skiftet maktforholdene mellom det kristne Europa og den muslimske verden langsomt i europeernes favør. Alt Karl den store erobret i begynnelsen av 800-tallet Den spanske mark i Øst-Spania.” (Benedictow 1998:117) Benedictow vil ha det til at når muslimane aldri på nytt freista erobre Vest-Europa, er dette “et første signal om det nye Europas økende styrke. Det var et viktig skritt videre da Karl den store kunne krysse fjellene over til Spania og gå angrepsvis og delvis vellykt til verks der.” (Benedictow 1998:124)
I 1997 skriv Tore Linné Eriksen saman med Jon Birkenes i læreverket “Vår felles fortid”. Dei er ikkje slepphendte med lovord om frankarane, men ingen får vere i tvil om kor sympatien deira ligg. “Mens de germanske folkevandringene gikk mot slutten, trengte et nytt folkeslag inn på det europeiske kontinentet – araberne. I 711 krysset de Gibraltar og gikk inn i Spania. Her fortrengte de det vestgotiske kongedømmet som var opprettet omkring 250 år tidligere.” Forfattarane nyttar ikkje gamle klisjear som at arabarane storma og strøymde inn i Europa som ville hordar. Dei seier berre at arabarane etter å ha teke Spania, heldt fram “nordover inn i Frankerriket, før de stoppet i 732 ved Poitiers og ble drevet tilbake til Spania.” (Birkenes og Eriksen 1997:77) Lesaren må likevel tru det her dreide seg om ein og same hæren som trengde seg fram. Slik vert heller ikkje denne boka meir opplysande om kva som faktisk hende.
Desse forfattarane har fått med seg det høge nivået når det galdt medisin og vitskap. Likevel er dei ikkje over seg av begeistring. “Men det finnes lite original kunnskap i de arabiske bidragene. Arabernes innsats var først og fremst at de tok vare på og brakte videre kunnskapene fra andre kulturer.” (Birkenes og Eriksen 1997:83) Dei tek heller ikkje med universiteta i al-Andalus når dei skriv om vitskap og utdanning i Europa. Då er det berre Bologna og Paris som gjeld. Som Benedictow held dei på den gamle oppfatninga om at renessansen var eit fenomen som utvikla seg i dei italienske bystatane aleine. Dei viser ikkje til den langvarige kontakten med lærestadene i det muslimske og fleirkulturelle Spania som eit grunnlag for nydanninga i kunst og vitskap.
Bind 8 av verdshistoria til Aschehoug frå 2000 handlar om “Et nytt Europa”. Forfattaren, Kurt Ågren skriv om “Spania, en koloss på leirføtter”. Han har eit eige avsnitt om utvisinga av dei tidlegare muslimane frå 1609 og utover. Han nemner ikkje at vedtaket om utvising vart gjort etter diskusjonar som gjekk føre seg i årtier. I staden set han deportasjonane i samband med intrigar og palasskupp rundt kongehuset. Slik vart det råd å ”frembringe dårlige beslutninger” som denne utvisinga.
Han skuldar på folket: ”For å vinne popularitet i et land fylt av misnøye
og religiøs intoleranse, lot hertugen av Lerma 275 000 etterkommere av
de muslimske erobrerne føre til landets grenser. Herfra
ble de sendt videre hovedsakelig til Nord-Afrika, der mange sultet i hjel.
Spania mistet dermed en gruppe som hade stått for jordbruket i deler av
landet. Fremfor alt oppstod det mangel på arbeidskraft på de godsene der
moriskene hadde drevet jorda.” Ågren siterer ein prest som skulle ha ville
gjort det annleis og gjerne skulle ha kalla dei tilbake ”om de kunne overtales
til å la seg omvende til vår Hellige tro”. Men det var jo allereie gått meir
enn hundre år sidan alle muslimar hadde omvendt seg til denne trua. (Ågren
2000:139-140)
Muslimar let seg ikkje assimilere
Ein annan moderne historikar, Finn Fuglestad held til den gamle katolske propagandaen i boka si om “Spanias og Portugals historie” frå 2004. Om moriskarane, dei tvangskristna etterkommarane til dei spanske muslimane skriv han at dei utgjorde “en muslimsk enklave det hadde vist seg umulig å integrere.” Han nemner ikkje noko om kva integreringstiltak det hadde vore snakk om, men hevdar dei var “en utålelig sikkerhetsrisiko, i følge de spanske myndighetene og derfor måtte de forlate Spania etter en kongelig forordning av 9 april 1609. Alle måtte ut, også de som var blitt genuint kristne.” Det er mogleg Fuglestad her berre tek for seg logikken til styremaktene i Madrid og at han freistar vere ironisk. Kva desse ekte kristne kunne vere til skildnad frå falsknarane, skriv han i alle høve ikkje noko om. “Dette må ha vært en hjerteskjærende prosess”, skriv han og hevdar store “grupper moriscos kjempet da også mot utkastelsen med våpen i hand.” I røynda var det heller få som hadde høve til å sette seg opp mot overmakta. “Vi merker oss forøvrig” skriv Fuglestad “at det var heldig at styresmaktene i Nord-Afrika var villige til å ta imot alle disse menneskene.” (Fuglestad 2004:113)
Mange år tidlegare var Fuglestad med på å redigere ei anna bok om spansk historie. Den gongen skreiv han óg om det han kalla “problemet med moriskene”. Problemet slik han såg det, “var at de maktet å holde på sin kulturelle, delvis også sin språklige egenart, de lot seg ikke assimilere.” (Egge og Fuglestad 1990:104) No er det jo ein viss skilnad på assimilering og integrering. Om nokon ikkje vert integrert fort nok vert det ofe ymta frampå om å nytte tvang. Assimilering er såleis eit meir hardhendt tiltak. Fuglestad problematiserer ikkje kvifor han nytter omgrepa om kvarandre.
Det han vil fram til må vere at denne manglande
assimileringa eller integreringa er forklaring god nok på kvifor dei katolske
styremaktene handla som dei gjorde. Dei tidlegare muslimane “kom til å utgjøre
en forfulgt og undertrykt minoritet som ofte lå i klammeri med spanske myndigheter”,
nett fordi dei ikkje raskt nok ville gje slepp på historia si. Fuglestad gjer
ikkje greie for kvifor det var så om å gjere å integrere moriskarane. Han
gjev inga forklaring på kvifor denne manglande integreringa måtte vere
eit trugsmål for styremaktene.
Mafiametodar gjev dårlege kår for fleirkulturelt samliv
Sverre Bagge skriv i 2004 verket “Europa
tar form” om tida frå år 300 til 1350. Han skriv om den katolske krigføringa
for å leggje under seg den pyreneiske halvøya. “Da kalifatet
gikk i oppløsning, fikk de primitive fjellfolkene overtaket over sine
rikere og mer siviliserte naboer i sør. I første omgang nøyde de seg med å
presse avgifter av de islamske herskerne, men fra 1060-årene gikk de over
til direkte erobring.” (Bagge 2004:117) Kristne hæravdelingar kunne gå til
åtak på fredelege samfunn av bønder og brenne ned avlingane deira. Det som
særmerkjer dei kristne åtaka var nett samanblandinga mellom religiøs tru
og våpenmakt. Pilegrimsferdene
gjennom den nordlege delen av halvøya var eit prosjekt for å styrkje maktstillinga
til frankarane og deira allierte.
Gjennom krigersk klostermakt vart det skipa ei organisering som la grunnlaget for krosstoga og seinare katolsk maktherredøme over store område. Rett nok var det muslimske al-Andalus eit splitta samfunn. Invasjonane på 1000-talet frå ortodokse islamistar med røtter i det nordlege Afrika gjorde mykje for å svekkje den opphavelege meir frilynde andalusiske veremåten. Muslimske grupper kjempa på katolsk side, på same vis som katolske hærførarar gjekk i teneste hos islamske herskarar. Det rår likevel liten tvil om at dei som fekk li for kamphandlingane var meir eller mindre forsvarslause jordbrukarar i muslimske småsamfunn som ikkje hadde sterke militære styrkar til å verne seg.
Krosstogspropagandaen til pavane og dei frankiske kongane skapte dårlegare kår for samliv mellom dei ulike religionane. Dei små islamske kongedømma vart lett bytte for aggressive kristne krigarhærar. Desse kjende ikkje til noko anna enn slossing og krig. Sidan dei kjempa på fiendeområde, brydde dei seg lite om kor store øydeleggingar herjingane deira førde til. Spanske historikarar ser på denne krigføringa som ein verkstad for sterk nasjonsbygging. Den asketiske lengta etter nytt land vart til grunnlaget for den religiøse fanatismen i det nye Spania.
Metoden dei kristne hæravdelingane nytta
seg av, kjenner ein att frå moderne mafia. Dei øydela vatningssystema, sette
fyr på avlinga, brende ned hus og valdtok kvinner. Deretter kom dei med tilbod
ingen kunne motstå: “Eg skal ikkje plage deg om du gjev meg det eg vil ha”.
For å verne om eigedomane sine, måtte muslimane anten godta skattleggjing
frå dei kristne eller sende bod på hjelp utanfrå, frå militærstyrkar som
hadde bygd seg opp i det nordlege Afrika. Ein valde det siste. Bokstavtru og
intolerante islamske grupper med base i Marokko tok over makta.
Historiebøker som avskrifter
Gudmund Stang synest meir oppteken av å problematisere enn å la fordommar avgjere historia. “Forestillingen om et evig, kristent Spania unnfanget i de kantabriske fjell øvde vold mot hele den spanske historien med dens kulturelle og religiøse mangfold”, skriv han. (Stang i Fuglestad og Egge 1990:59) Om fleire hadde hatt eit slikt perspektiv ville historiebøkene fått preg av anna enn at forfattarane skreiv avskrift av kvarandre. Ola Svein Stugu las i 2001 16 av dei nyaste læreverka i historie. Han fann at bøkene er “europasentrert, ikkje berre i temaval, men også på den måten at skildringa av møtet mellom europearar og andre kulturar er gjort einsidig ut frå vår eigen kulturs ståstad og vurderingar.” (Stugu 2001:254)
Kompass er namnet på eit verk frå 1979 til bruk i Ungdomsskolen. Forfattarane er Torill Thorstad Hauger og Kåre Sveen. Her heiter det om arabarane: “Fleire gonger truga dei andre land i Europa. Arabisk språk og kultur breidde seg over heile riket”. (Hauger og Sveen 1979:77) Tydde dette at det hos arabarane ikkje var rom for andre synsmåtar, eller skal ein forstå det slik at arabisk kultur var open?
I lærarrettleiinga til leseverket “Midgard 6” vert det reist spørsmål om kvifor folk ikkje sette seg i mot islam, men tvert om etterkvart sjølve vart muslimar. Svaret lærarane vert bedne om å leggje fram var dette: Islam “var de herskendes religion og den preget i sterk grad samfunnslivet. Det var antagelig også lettere å oppnå posisjoner og fordeler hvis en delte deres tro.” (Aarre, Flatby et al 1998:191) Altså nett same årsak som gjer folk til kristne i land der kristendommen er den dominerande trusretninga.
Kompass er som dei andre verka med på å
gjere arabarane om til ein einsarta masse: “No sette dei over sundet ved
Gibraltar”. (Hauger og Sveen 1979:79) Dette verket har ei rett nok overskrift
som viser at det katolske herredømmet ville på “bålet med alt som minner om
arabarane”. Etter at dei kristne vann att Spania litt før 1500, vart folket i
landet “tvinga til å ta den kristne trua og moskeane vart gjorde om til
kristne kyrkjer.” Vidare skriv dei: “Rundt om i dei spanske byane brann det
logande bål. Der var dei kristne i ferd med å plyndra lærestadene for arabiske
bøker om kunst og vitskap.” (Hauger og Sveen 1979:79) No var det vel kanskje
så at bøkene var skrive på arabisk. På denne tida var dette fellesspråket.
Om dette er det same som at dei som skreiv dei var arabiske, er meir tvilsamt.
Her er mykje ugjort i å få fram at folk som budde i al-Andalus var spanske
anten dei var kristne, jødar eller muslimar.
Kva er ein koloni?
I læreverket “Vår felles fortid” frå 1997 hadde Linné Eriksen og Birkeland ingen problem med å føre vidare myten om den katolske gjenerobringa. “Erobringslyst og religiøs begeistring fra kampene mot muslimene i øst i Middelhavet gjorde at kristne fyrster intensiverte kampen mot muslimene i Spania. Samtidig med korstogene mot det hellige land, foregikk la reconquista- gjenerobringa av Spania. Sakte, men sikkert måtte araberne gi fra seg stadig større deler av Pyreneerhalvøya.” (Birkenes og Eriksen 1997:106-107)
I eit arbeid på Høgskolen i Oslo frå 2002 gjer Linné Eriksen det klårt kvar han står i synet på muslimane i Spania. Han fortel om problema Columbus hadde med stønad til sjøreisa som skulle føre til den europeiske oppdaginga av Amerika: ”I 1492 fikk han til slutt støtte fra det spanske kongeparet, som akkurat da struttet av selvtillit etter å ha vunnet en avgjørende seier mot den siste arabiske kolonien i Spania (Granada)”. (Linné Eriksen 2002:50)
I verket Globus frå 1998 for barn på 6 skoletrinn, skriv Ivar Libæk og Øivind Stenersen: “Etter hundrevis av slag ble muslimene sakte, men sikkert presset sørover, og i 1492 tok de kristne Granada, som var det siste muslimske riket i Vest-Europa”. (Libæk, Stenersen 1998:36) Benedictow seier det slik: “Langsomt samlet folk og nye fyrsteslekter seg til effektiv motstand” mot dei framande. “I Spania drev de kristne muslimene sørover og etablerte flere mindre kongedømmer”. (Benedictow 1998:126)
Men kampen “for å beseire de mauriske muslimene tok alle kreftene. Ikke før var maurernes siste feste i Spania, Granada stormet i 1492, før man så vendte blikket mot nye horisonter.” (Benedictow 1998:198) Terrella er ei samfunnsfagsbok for 7 trinn som kom ut i 1999. Forfattarane Harald Båsland, Grete Ertresvåg og Bjarne Hovland skriv at Columbus til å byrje med ikkje fekk hjelp til planane sine om å utforske verda: “Spania var nettopp da opptatt med krig og hadde liten tanke for dyre sjøreiser.
Men en tid etter at Spania gikk seirende ut av krigen”, vart det fart i sakene. (Båsland, Ertresvåg, Hovland 1999: 80) Kva for Spania er det snakk om og kva for krig? Forfattarane seier ikkje eit ord om at krigen “Spania” gjekk sigrande ut av, i røynda var ein erobringskrig mot det muslimske Granada. Men når ein meiner Granada var ein arabisk koloni, vert det kanskje her snakk om ein frigjeringskrig? Vanlegvis forstår ein jo ein koloni som eit usjølvstendig område styrt av ei framand makt.
Men kva framande makter rådde over Granada i 1492? Det fanst ingen arabisk stat som på den tida hadde noko som helst å seie over dei spanske muslimane. Altså må snakket om arabisk koloni ha ei anna tyding. Vi veit at det av og til vert nemnt at visse område langs spanskekysten er ein “norsk koloni”. Med det meiner ein at mange norske har slått seg ned der som pensjonistar og meir eller mindre permanente feriegjestar.
Det finst fleire døme på norske fastbuande
som krev at dei må verte forstått på norsk når dei er ute og handlar sitt daglege
brød. Når historikarar seier Granada var ein arabisk koloni og dei ikkje har
eit arabisk land som kolonimakt å slå i bordet med, vil dei kanskje med denne
nemninga seie at arabarar var dominerande i denne delen av landet? Altså
måtte det vere nokon dei undertrykte og dominerte over. Kven skulle det så
vere? Fanst det ein ukjent minoritet i Granada som vart hundsa med av eit
arabisk fleirtal? Sjølvsagt ikkje. Omgrepet koloni har inga meining utan
som ledd i ein argumentasjon der alt som ikkje er katolsk og kristent i
Europa vert til undertrykkjande framandstyre.
“En verden utenfor Europa”
I nok eit leseverk for sjuande trinn, Samfunnsfag 7 nyttar Tor Gunnar Heggem og Vesla Løvland desse formuleringane: “I 1492 lyktes det spanierne å drive araberne ut og de kunne bruke kreftene sine andre steder”. (Heggem og Løvland 1999:44) Gong etter gong må altså elevar lære seg at folk i Spania som ikkje var kristne, var arabarar.
Tone Flatby Aarre, Åsta Bjørg, Per Martin Grønland og Håvard Lunnan står bak samfunnsfagsboka “Midgard 6” frå 1998. I deira versjon kjem ikkje ein gong det muslimske Spania med når dei vil ta for seg europeiske historie. Her vert al-Andalus berre nemnd i eit kapittel med overskrifta “En verden utenfor Europa”. Nærmare ope eurosentrisme er det få som kjem. Her får tolvåringane vite at overmakta til arabarane var over på 1000-talet. No “startet de kristne kampen for å vinne Spania tilbake”. (Aarre Flatby et al 1998:190-191) Elevane får vite: “På slutten av 1400-tallet ble de siste muslimene jaget ut av Spania.” (Aarre Flatby et al 1998:207) Det er ikkje lett å skjøne kva grunn forfattarane har til ikkje å ta med den store utvisingsprosessen på 1600-talet.
Forfattarane skreiv at det på det meste budde over ein million menneske i Cordoba. Denne overdrivinga gjer at ein stor del av befolkninga i heile landet sør for Pyreneane kunne få plass. Her skulle ein kunne finne strålande palass, hagar og rinnande vatn, brustein og gatelys. (Aarre Flatby et al 1998:204)
Elevane får fortalt at dersom dei kjem til Alhambra i Granada “vil du tro du har havnet i et eventyrslott fra Tusen og en natt”. Men forfattarane har etter desse lovorda ikkje problem med å føre vidare myten om la reconquista. “De kristne erobrer Spania tilbake” heiter det i ei overskrift. “Etter hvert falt det mauriske riket fra hverandre og ble delt i små kongeriker. Disse ble ett etter ett erobret tilbake av de kristne. På 1200-tallet var bare Granada igjen. Det ble erobret helt på slutten av 1400-tallet.” (Aarre Flatby et al 1998:206)
Det skal vere om å gjere for historieskrivarar i våre dagar å skape forståing mellom ulike folkeslag. Elevane skal utvikle evna til å sjå likskap mellom kulturar meir enn å verte oppmoda til å hylle eigen bakgrunn. Denne målsettinga vert ikkje nytta for å la elevar forstå at arabarane ikkje er eit framandelement i europeisk historie. I bok etter bok får dei høyre at arabarane brakte med seg kulturelle nyskapingar til Europa. Men dei får ikkje høyre noko om at den muslimske befolkninga i al-Andalus, var spansk, nett som dei kristne og jødiske folkegruppene dei levde saman med.
Det som skjedde i det muslimske Spania skapte den spanske nasjonen. Historikarane har ikkje gjort det mogleg for lesarane å få dette med seg. Dei har heller ikkje gjort noko for å få fram at samlivet mellom dei ulike kulturane på den iberiske halvøya jamvel skapte sjølve det moderne Europa. Når historiebøker set utviklinga i det muslimske Spania inn i eit kapitel om verda utafor Europa, hjelper det lite å tale varmt om vakre bygningar og strålande gatelys. Dette er det same som å gjere vald på ei tusenårig utvikling som har førd oss dit vi som europearar er i dag. Slik skapar ein ikkje forståing, men uforstand.
Saman med Mette Krogh Læret, skreiv Heggem og Løvland ei bok i samfunnsfag for sjette trinn i 1998. Det verkar lite truverdig når desse forfattarane som ikkje legg vekt på å få fram skildnader på arabarar og folket i det muslimske Spania, gong på gong skriv at sanninga “er at araberne på mange måter var kommet mye lenger enn europeerne” (Heggem et al 1998:35) I leseverket Samfunnsfag 6 heiter det: “Uvitenheten om andre kulturer og religioner ble litt om senn erstattet av større forståelse og respekt”. Gjennom handel og fredeleg kontakt “med den arabiske sivilisasjonen oppdaget vesteuropeerne at de hadde mye å lære”. (Heggem et al 1998:41)
Når ein ser nærmare på kva denne forståinga går ut på, viser det seg at det stort sett handlar om mytar. Kva slag forståing er det som ligg til grunn når forfattarane skriv om beduinar som spesielt krigerske? “Beduinene var fremragende krigere der stammene var organisert i hver sin militæravdeling. Det skapte samhold. De var videre vant med ørkenkrig i vanskelig terreng og var mestere i fremrykking og bakhold. Dessuten ventet i følge islam, paradiset på dem som falt i kamp for den rette tro”. (Heggem et al 1998:23)
Historie vg2 frå 2007 er inne i den same
tenkinga. Her vert tolvåringar opplært til å sjå på arabiske beduinar som
folk med særlege eigenskapar. Dei vert ikkje gjort merksame på at kjenneteikna
på beduinar ikkje hadde så mykje å seie for folk på Pyrenearhalvøya. Dei får
berre lese at krigarane “sloss med dødsforakt, for paradiset venta på dei
som fall i kamp for Allah”. Dei må lære seg at beduinane var “dugande krigarar.
Væpna med sverd og lansar rykte dei raskt fram på kamelar gjennom veglause
strøk ofte i ly av nattemørket”. (Libæk, Stenersen, Sveen 2007:87) Om desse
påstandane skulle få meining som anna enn medvitslaus propaganda, måtte
forfattarane ha vore villige til å ta med at paradiset òg venta på kristne
krigararar som fall i kampen mot heidningane. Og korkje bakhald eller framrykking
om natta var uvanleg for kristne hæravdelingar på ei tid då ein vel knapt
kunne tale om anna enn veglause strøk.
Redda frankarane kristenverda?
Den danske historikaren Christian Fich meiner slaget ved Poitiers handlar om mytar. Europa var svekt etter kollapsen for Romarriket. Sigeren til Karl Martell vart til ein viktig byggestein for det nye frankiske herredømmet. Så seint som i 1832 nytta den franske kongen, Ludvig Filip, slaget ved Poitiers som påskot for å erobre Algerie. Grunngjevinga var at invasjonen var naudsynt for å spreie kristendommen og den europeiske sivilisasjonen. (Fich 2006)
Jonas Ekervärn og Patrick Esengård skreiv i 2004 hovudoppgåve ved Universitetet i Uppsala om svensk historieundervising på 1900-talet. I ei lærebok frå 1976 vert det nemnd at slaget ved Poitiers, truleg har vore overvurdert i tidlegare historieskriving. Det var nok ikkje så viktig som ein tidlegare trudde. (Bergström 1976 sit etter Ekervärn og Esengård 2004:58) Det finst nokre få liknande røyster. Ein annan svensk lærebokforfattar, Lars Hildingson, seier arabarane ikkje vart drive bort av kristne frankarar, utan snarare sjølve valde å ”dra seg attende”. Han spør om dette slaget verkeleg var eit så avgjerande augeblink i historia som historikarane tradisjonelt har skildra det. Er det verkeleg slik at kyrkjene i Europa skulle ha vorte erstatta av moskear og europearane i dag skulle ha talt arabisk om Karl Martell ikkje hadde sett ned foten? (Hildingson 1983 sit etter Ekervärn og Esengård 2004:61)
Likevel er det vanlegast å meine sigeren ved Poitiers skulle ha redda Europa frå islam. Denne oppfatninga vert teke fram kvar gong nokon vil gjere det klart at muslimsk tenkemåte ikkje høyrer heime i Europa. Kvar kjem denne klokkartrua frå at heile Europa berre var ei hårsbreidd frå å verte lagt ope for islam? På denne tida fanst ikkje statar med klare grenser. Dei ulike herskargruppene allierte seg på alle moglege vis for å auke eller halde på makta si.
I området nord og sør for Pyreneane hadde frankarane fått ein konkurrent, dei nye herskarane i al-Andalus. Som dei andre store samanslutningane i denne delen av verda, dreiv også andalusarane med krigstoktar. Dei skapte alliansar med stormenn i Provence. Nokre kjelder vil ha det til at hæravdelingar frå al-Andalus hausten 732 hadde teke vegen mot Poitiers for å plyndre eit stort kloster, Saint-Martin de Tours. Rett nok tapte dei i dette toktet, men dei heldt fram med liknande tokt i lang tid framover. Islam stoppa altså ikkje opp. Og Karl Martell var ingen from kristeleg bannerførar. Han plyndra kyrkjelege eigedomar like mykje som andre. Jorda han fekk kontroll over, ga han til støttespelarar som vart vasallane hans. Målet var å utvide grensene for det frankiske riket. Etter sigeren ved Poitiers i 732 tok han kontroll over kongedømmet Aquitania og gjekk til åtak på Provence der den kristne adelen altså samarbeidde med al-Andalus.
I leseverket “Spor i tid” frå 1997 har
Jørgen Eliassen, Claus Krag, Sigmund Støa og Kåre Tønnesson ei vinkling på
striden med frankarane som skil seg ut. Dei slår berre fast at då “en mindre
arabisk styrke gjorde et framstøt inn i Frankrike, ble den slått av frankerne
ved Poitiers i 732.” Det er befriande å sleppe høyre overdrivingane om
skjebnestunda for Europa og at hundretusenar av arabarar vart slått attende.
Forfattarane spør kvifor arabarane hadde slik rask militær framgang.
Svaret dei gjev øydelegg litt av det gode intrykket. Her får vi nemleg lære
at muslimane “trodde på jihad, ‘hellig krig’ og den som falt i krig kom rett
til paradis.” Heller ikkje desse forfattarane greier å stå mot freistinga
til å gjere arabarane eksotiske. Dette kjem fram når dei hevdar arabarane
hadde ein “uvanlig kampglød”. Ellers var dei
“religiøst tolerante og lot de kristne ha sin tro i fred.” (Eliassen, Krag,
Støa, Tønnesson 1997:73)
Kristne hærar dreiv ikkje med frigjeringskrig
Arabarane vert i dette verket rosa for si rike vitskaplege forståing. Ved at tekster frå andre språk vart samla til arabisk vart dette eit fellesspråk som gjorde det lettare å tileigne seg kunnskap. Utan å seie noko om kvifor vert det derfor forvirrande når forfattarane legg vekt på at vesteuropearane på 1000-talet kom “på offensiven og tilføyde araberne ydmykende nederlag så vel i Spania som på øyene i Middelhavet som i Palestina. Etter dette var forholdet mellom den kristne og den muslimske verden svært ofte preget av motsetninger og mistenksomhet.” (Eliassen, Krag, Støa, Tønnesson 1997:74) Det er litt trist at dei som skriv dette ikkje ville koste på seg å vere enda litt meir utfyllande når dei likevel problematiserer stoffet slik dei gjer.
Når dei tek for se nedgangen for Spania utover på 1600-talet, legg dei vekt på at at adelen “så det som under sin verdighet å drive med annet enn å leve av avgiftene fra sine bønder og drive med krig og kirkelige tjenester.” Dei har ikkje med noko oppklarande om den store utvisingsprosessen frå 1609, men seier berre som ein kommentar at mange “flyktet fra landet.” (Eliassen, Krag, Støa, Tønnesson 1997:121)
Saman med Svein Aastad, skreiv Libæk, Stenersen og Sveen ei nettutgåve av verket Historie Vg2 frå 2007. Her heiter det: “Korsfarerne ble til slutt drevet ut av Midtøsten, men i 1492 klarte kristne tropper å nedkjempe muslimene i Spania.” (Libæk et al) Kva er samanhengen her? Er det slik å forstå at rett nok måtte dei kristne gje tapt i det heilage landet, men at dei i staden fekk stor siger over muslimane i Spania?
Ein må vel kunne seie at korkje i Midtausten
eller i Spania dreiv kristne hærar ein frigjeringskrig. Det dreide seg om det
motsette. Med kristendommen i fana gjekk katolske krigarar til åtak på
fredelege bønder som var dei første til å kjenne herjingane. Det er ganske
utruleg at skoleelevar ikkje vert tilbode anna enn gamal europeisk krigspropaganda
når dei skal lære om denne historia. Sjølvsagt var ikkje heile folkesetnaden
i al-Andalus bønder. Samfunnet var samansett og klassedelt. Men det var
dei militært svakaste gruppene som vart offer for den aggressive kristne
framrykkinga.
Arabarane vart verande i mellomalderen, berre europearane vart
moderne
I fagplanane for historieopplæringa i skolen vert det lagt vekt på å få fram ulike syn på historiske hendingar. Det vert understreka at ein skal nærme seg emna frå ulike ståstader. Målet for opplæringa er at elevane skal kunne presentere historiske hendingar med utgangspunkt i ulike ideologiar. (Utdanningsdirektoratet, Læreplan i samfunnsfag). Det verkar ikkje som dette har vore viktig for lærebokforfattarane. I verk etter verk vert dei same synspunkta lagt fram utan minste teikn på motbør.
Halvdan Eikeland, historikar ved Høgskolen i Vestfold, gjer merksam på at skolefag har fleire siktemål: dei skal gje kunnskap om vitskapeleg arbeid, men óg bidra til danning. (Eikeland 2004:74) Eit mål med læring må vere å kunne vurdere historia på sjølvstendig vis. Ved å setje ulike framstillingar om det same opp mot kvarandre, vil eleven kunne utvikle evna til å forstå historiske hendingar. Når det gjeld samfunnsutviklinga i det muslimske Spania, gjer ikkje forfattarane greie for at det finst alternative syn. Dei kan tru dei har fagleg perspektiv som det sentrale grunnlaget for framstillinga si av historia. Det er i såfall eit anna perspektiv enn det fagplanane legg opp til.
Det er biletet av Europa som befriar, historiebøkene kringkastar. Skolen fungerer framleis som eit verkty for danninga av lydige og rettruande samfunnsborgarar. Ein får lære seg at berre vestlege, europeiske verdiar kan bringe verda framover. Muslimske styresett vert framstilt som trugsmål mot slike framskritt. Slik har det vore sidan dei arabiska hærane nådde fram til Vest-Europa på 700 talet.
Det dominerande synet har alltid vore at kristendommen då var i stor fare. Det var eigentleg først då den arabiske “krigarånda” nådde fram til Vest-Europa at ho vart omdanna til noko vondt, ikkje så mykje av militære eller kulturelle årsakar som av religiøse. Det verkelege trugsmålet er islam meir enn arabarane, skriv Ekervärn og Esengård i avhandlinga si frå 2004. (Ekervärn og Esengård 2004:43). Dette synspunktet er òg dekkjande for oversikta eg har om arbeidet til norske historikarar.
Beundringa for arabisk mellomalderkultur er sterk. Vi les at arabarane skapte ein kultur som til og med sto høgare enn den kristne. Arabarane hadde bibliotek og bokutsal i kvar større by og var godt skolerte i astronomi, matematikk og naturvitskap. Dei lærde europearane kunsten å lage papir av bomull og anleggje hagar. Perspektivet i denne skjønnmalinga er heilt eurosentrisk. Etter at europearane hadde tileigna seg det i den arabiske kulturen som hadde vist seg levedyktig, får vi høyre at dei voks seg vidare. Arabarane derimot, vart verande i mellomalderen, og gjekk over i gløymska. Dei makta aldri å ta seg vidare enn til mellomalderen. Dei var ikkje i stand til å ta skrittet over i eit moderne samfunn, dei vart verande eit nomadefolk.
Så lenge europearane ikkje hadde henta inn forspranget, kunne ein dyrke arabarane. Jo høgare dei islamske samfunna vart verdsette, jo høgare kom europearane til å stå når dei tok over hegemoniet. Lærebøkene fortel om storarta industri, effektive vatningsanlegg og produktiv handel. Historikarar legg likevel vekt på at saker som dei arabiske tala, sjakkspelet, papiret, kruttet og kompasset ikkje vart funne opp av arabarane. Arabarane var berre kulturformidlarar og kom ikkje med eigne originale bidrag til vitskapen. Det meste hadde dei fått frå andre folk, først og fremst frå grekarane.
No heilt nyleg er det sådd tvil om arabarane
skal rosast for noko som helst. I ei bok om dei greske røttene til det
kristne Europa påstår den franske historikaren Sylvain Goeguenheim at det
kristne Vesten på eiga hand tok vare på gresk kultur. (Goeguenheim 2008) Han
meiner europearane ikkje står i gjeld ti arabarane. Europa har ikkje noko å
takke islam for, seier han. Men kulturarv dreier seg ikkje om skuld og gjeld.
I møte mellom kulturarer finst ingen gåvmilde gjevarar eller passive mottakarar.
Det er snakk om gjensidig utveksling av idear. Heller enn å diskutere kor
vogga til kulturelle kjenneteikn sto, kan ein bry seg om korleis kulturell
overføring i det heile finn stad.
Kontakten med islam gjorde økonomisk oppgang mogleg i Europa
Ikkje noko tyder på at biletet av islamske samfunn som lite effektive er riktig. Snarare var det her ein kunne finne tidlege døme på kapitalakkumulering. Arabarane arva urbaniserte og pengemessig utvikla område når dei tok over dei gamle romerske territoria. Islam utvikla nye handelsformer som viste at propagandaen om primitive nomadesamfunn er feilaktig.
Muslimske myntar var så vanlege at ein nytta dei jamvel i handelen internt i Europa. Europearane produserte sjølve myntar med inskripsjonar på arabisk som lovpriste Allah. Slike myntar hadde høgare verdi på marknaden. Når frankarane skulle handle med skandinavane måtte dei nytte arabiske sølvdirhamar, skriv Gene Heck i ei bok om dei arabiske røttene til kapitalismen. (Heck 2006: 285)
Det er vel kjend at islam oppmuntra til private foretak. Dette er til dømes drøfta av Heck. Pengar skulle plasserast der avkastinga var størst. Ein skulle kjøpe billig og selje dyrt. Kjøpekrafta auka då skatteinntektene vart fordelte mellom innbyggjarane. Vegutbygging i stor stil tok til, det vart reist forsyningssentre for fordeling av mat og vatn. Dette gjorde det mogleg med transport til faste tider over land i store ørkenområde, langs innanlandske elver og over store hav.
Dei tekniske hjelpemidla som skulle til i all denne navigeringa synte at måleinstrument hadde langt vidare siktemål enn berre å skulle vite kvar Mekka låg når det nærma seg bønnestund. Utvinning av jern, koppar, nikkel og sink auka rikdommen. Lin, flanell og silke var omsett i ein stadig veksande tekstilindustri. Smedarbeid i sølv og gull til smykke, saman med produksjon av våpen og jordbruksreiskapar førde til eit blomstrande næringsliv. Dadlar, oliven, eple, appelsin og sitron, melon og sukkerrøyr vart omsett på ein marknad som strekte seg over heile den kjende verda. Jairus Banjai skriv at muslimane skapte ein sterk pengeøkonomi som gjorde det mogleg med kapitalistisk vekst jamvel i Europa. (Banjai 2003)
Den belgiske historikaren Henri Pirenne fortel at det ved starten av 800-talet så godt som ikkje fanst handelsverkssemd i det vestlege Europa. Papyrusen forsvann, saman med krydder som nellik, peppar og kanel. Ingen kjøpmenn lånte ut pengar, tidsånda var heilt mot handel. (Pirenne 1957:167, 173) Dette var i samsvar med bibellæra. I evangelia les vi at det er lettare for ein kamel å gå gjennom eit nålauge enn for ein rik å kome inn i gudsriket. På kyrkjemøte etter kyrkjemøte vart utlån av pengar forbode som ei syndig handling. Skatteinnkrevinga vart borte.
Vegsystemet og vatningsanlegg vart ikkje halde ved like. Avlingane i jordbruket gjekk ned. Mindre stein og meir tre vart nytta i husbygginga. Kyrkja la óg ned forbod mot teaterframsyningar og dans. Først på 1100-talet vart det tillate med privatlån. Kyrkja ga etterkvart opp motstanden mot renter. Økonomisk tenking om profittmotiv og påstandar om at kapitaloverskot ville tene handelen sto ikkje høgt i kurs i den katolske kyrkja. Kjærleiken til pengar var rota til alt vondt. Overpris var det verste ein kunne høyre om.
Det var såleis ikkje trugsmål frå muslimar,
men den katolske kyrkja som førde Europa ut i fattigdom og mørketid. Nedgangen
i økonomisk aktivitet hadde lite å gjere med invasjonar frå islamske
styrkar. Snarare må ein kunne seie at det var kontakten med islam som etterkvart
gjorde det mogleg for dei europeiske statane å bryte ut av den økonomiske
isolasjonsperioden. Dette er eit perspektiv som inntil vidare er fråverande
i norsk historieskriving. Her er mykje ugjort for dei som vil rette seg etter
det nye Kunnskapsløftet styremaktene no legg opp til og læreplanane for
historie og samfunnsfag slik dei kjem fram her.
Torbjørn Kalberg
Sosiolog
Litteratur:
Bagge, Sverre: Europa tar
form 2004
Banaji, Jairus: Islam,
the Mediterranean and the Rise of Capitalism 2003 http://www.sacw.net/left/AmsterdamJB.pdf
Benedictow, Ole Jørgen: Verdenshistorie før 1850
1998.
Birkenes, Jon, Eriksen, Tore Linné:
Verdenshistorie før 1850 i Jon Birkenes (red.): Vår felles fortid 1997.
Båsland, Harald, Ertresvåg, Grete, Hovland,
Bjarne: Terrella, Samfunnsfag for 7 klasse 1999
Corke Helen: Menneskeætten 1935
Egge Åsmund og Fuglestad Finn (red): Spansk
historie: et riss 1990
Eikeland, Halvdan: Norske lærebøker i
historie som redskaper i en interkulturell lærings- og dannelsesprosess
2004 http://www-bib.hive.no/tekster/hveskrift/rapport/2004-09/rapp9_2004.pdf
Ekervärn, Jonas & Esengård, Patrick: Två
kameler i en Toyota 1900-talets svenska lärobok i historieämnet
betraktad ur ett orientalistiskt perspektiv 2004
http://urn.kb.se/resolve?urn=urn:nbn:se:uu:diva-4712 2008-09-01
Eliassen Jørgen, Krag Claus, Støa Sigmund,
Tønnesson Kåre: Spor i tid. Verden før 1850 1997
Fagerjord Oden N: Noregssoge med verdssoge for
folkeskulen og ungdomsskulen 1940
Fich,
Christian: Arabernes Waterloo Weekendavisen 22. september
2006 http://www.cbs.dk/forskning_viden/institutter_centre/institutter/cef/h_jreboks/nyheder/arabernes_waterloo
Fuglestad Finn: Spanias og
Portugals historie, en oversikt 2004
Gouguenheim, Sylvain:
Aristote au Mont-Saint-Michel 2008
Gunnes Erik: Religioner på
marsj b 4 Aschehougs verdenshistorie1983
Hauger, Torill Thorstad,
Sveen, Kåre: Orienteringsfag i grunnskolen Historie B Kompass 1980
Heck, Gene W: Charlemagne,
Muhammad and the Arab Roots of Capitalism 2006
Heggem, Tor Gunnar,
Løvland, Vesla: Samfunnsfag 7 Lærerens bok 1999
Heggem, Tor Gunnar,
Løvland, Vesla, Læret, Mette Krogh: Samfunnsfag 6 1998
Hæreid Jens: Norges
historie fortalt for skole og hjem 1947
Kjergaard Erik og Dahrup
Troels: Senmidelalderen og renessansen Cappelens verdenshistorie bind 9 om ”Den
store ekspansjonen” 1984
Kristiansen, Oskar:
Lærebog i historie (verdenshistorie og Norges historie) for folkeskolen 1897
Kjær, Albert: Kort lærebog
i historie (verdenshistorie, kirkehistorie, Norges historie) nærmest for
folkeskoler i byerne 1894
Koht Halvdan:
Folkevandringen. De nye germanske riker, i Nordahl Rolfsen: Illustreret
verdenshistorie Skildringer og livsbilleder første bind 1916
Lehmann Edvard: Mohammed,
i Nordahl Rolfsen: Illustreret verdenshistorie Skildringer og livsbilleder
første bind 1916
Libæk, Ivar, Stenersen,
Øyvind, Sveen, Asle, Aastad, Stein: Historie 1. Verden og Norge før 1850
1997.
Libæk, Stenersen, Sveen,
Aastad: Historie 1. Verden og Norge før 1850. 2001
Libæk, Ivar, Stenersen,
Øivind: Globus. Historie 6. 1998.
Libæk, Ivar, Stenersen,
Øivind, Sveen Asle: Historie vg2 2007
Libæk, Ivar, Stenersen,
Øivind, Sveen Asle, Aastad Svein: Historie vg2 på nett:
http://historievg2.cappelen.no/c187044/sammendrag/vis.html?tid=189778
Linné Eriksen Tore:
Globalhistorie Høgskolen i Oslo 2002 http://home.hio.no/~tore-eri/Text/globalhistorie2002.doc
Lunden
Kåre: Muslimar og kristne i Spania 711- 1492 i Åsmund Egge, Finn
Fuglestad (red.): Spansk historie - et riss 1990
Lødøen Ole Iver Knudsen:
Historie Norges- og verdenshistorie 1936
Pirenne, Henri: Mohammed and Charlemagne 1957
Ræder, Anton: Historien i fortellinger for skole
og hjem femte utgave ved August Schou 1949
Schjøth Hans: Lærebog i Verdenshistorie for
Middelskolen 1883
Schreiner Johan: Middelalderen- tusen års grotid i
Aschehougs Verdenshistorie, bind II, fra antikken til våre dager 1953
Skard Sigmund: Einhard:
Karl den store 1929
Skretting Aksel:
Fedrelandet og verda for born 1947
Stang
Gudmund: Spania ved inngangen til nyere tid: Isabella og Ferdinands
gjerning i Åsmund Egge, Finn Fuglestad (red.): Spansk historie - et
riss 1990
Stokke Bernhard: Folket
vårt gjennom tidene 1947
Stugu Ola Svein: Oppsedande fortidsbilete: ein gjennomgang av fire
historielæreverk for vidaregåande skole Historisk Tidsskrift 2001
Tønder Nissen Rasmus: Verdenshistoriens vigtigste
Begivenheder i fragmentarisk Fremstilling 1880
Utdanningsdirektoratet Læreplan i samfunnsfag http://www.udir.no/templates/udir/TM_Læreplan.aspx?id=2100&laereplanid=125640&visning=5&sortering=3&hoid=125641
Weber Georg: Lærebog i Verdenshistorien med Hensyn
paa Cultur, Literatur og Religion for høiere Skoler og til Selvbelærelse 1865
Worm-Müller Jacob S: Verdenshistorie II 1938
Ågren Kurt: Et nytt Europa, om Spania, en koloss
på leirføtter b 8 Aschehougs verdenshistorie 1500- 1750 2000
Aarre, Tone, Flatby,
Bjørg Åsta, Grønland, Per Martin, Lunnan, Håvard: Midgard. Samfunnsfag 6. 1998
Aarre, Tone, Flatby,
Bjørg Åsta, Grønland, Per Martin, Lunnan, Håvard: Midgard. Samfunnsfag
6. Lærerveiledning. 1998
....................................
Artikkelen kan også
lastas ned
frå academica.edu
Kommentarer
Legg inn en kommentar
Skriv gjerne en kommentar!